Vil føra forskarar og næringsliv saman

For seks år sidan tok Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet initiativet til eit organisert samarbeid med næringslivet. Resultatet har blant anna blitt ein forskingsavtale på 3,5 millionar med Hydro. No skal fakultetet dela røynslene sine med HF og SV, med hjelp frå det nystifta Næringslivsretta universitetssamarbeid (NUS).

MEIR SAMARBEID: - Me må ha endå meir samarbeid mellom fagmiljøa og næringslivet, seier Kåre Svensson som står midt mellom Psykologisk institutt og Glaxo-Smith-Kline-bygningen (t.v.).
Foto: Ola Sæther

Det skjer på eit erfaringsoverføringsseminar onsdag 29. november i Georg Sverdrups hus på Blindern. Og det er det nystarta prosjektet Næringslivsretta universitetssamarbeid (NUS) som står i brodden for at HF og SV skal trekkja på røynslene som MN-fakultetet har gjort. Frå 2004 til 2006 har prosjektet fått 1,1 millionar kroner i støtte frå Forskingsrådet. SV- og HF-fakulteta har til saman fått tildelt 800 000 kroner frå Forskingsrådet for 2007.

Prosjektleiar Kåre Svensson ser store sjansar for at HUMSAM-miljøa kan bli inspirerte av realistane når det gjeld å samarbeida med næringslivet.

- Leiinga på MN-fakultetet kan også visa til at dei fagmiljøa som har vore involverte i industrifagdagar dessutan er aktive på mange andre område. Fleire av dei har omfattande samarbeid med oljeselskap, forskingsinstitutt og andre universitet, som til dømes Statoil, SINTEF, NTNU, Norsk Hydro og Borealis. Desse fagmiljøa har vore svært aktive i søknadsrunden om bli Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og eitt slikt miljø har nyleg fått godkjent eit senter ved Kjemisk institutt, fortel Kåre Svensson.

- Masterstudentar har kontakt med næringslivet
Han reknar også opp andre fylgjer av den nære kontakten mellom MN-fakultetet og næringslivet.

- Ti mastergradsstudentar held no på med oppgåva si i det private næringslivet, som eit resultat av at fakultetet har oppmuntra til slikt samarbeid på dei møteplassane dei har skapt mellom forskarar og industrien, konstaterer Svensson, som er ivrig med å få understreka at inspirasjonen går begge vegar.

- Fagmiljøa har gjennom den nære kontakten med næringslivet fått innblikk i nye problemstillingar, og på den måten har fakultetet også kome i kontakt med ei rekkje nye verksemder som er interesserte i masteroppgåver som har direkte samanheng med problemstillingar desse selskapa arbeider med, konstaterer han.

- Relevante for næringslivet

- Men på kva måte kan denne røynsla vera til hjelp for HF og SV-fakultetet?

- Også der vil dei kunna sjå korleis forskarar og studentar saman vil visa til at dei masteroppgåvene dei held på med, faktisk er relevante for næringslivet. Eg trur at næringslivet vil vera interessert i å koma i kontakt med både forskarar og studentar som arbeider med medium og kommunikasjon, etikk, retorikk og kultur. Dessutan vil det truleg vera marknad for prosjekt der røynsler frå både harde og mjuke fag kan koma til stor nytte. Eit døme kan vera risikoanalyse der fagmiljøet på psykologi kan vera interessant for fleire verksemder.

- Korleis skal denne kontakten koma i stand?
- Målet er å få til næringslivsdagar med påfylgjande samarbeid som resultat. Då er det viktig å skapa møteplassar som endar opp med forskingsprosjekt, utveksling av foredrag, eller etter- og vidareutdanning for næringslivet. Det vil dessutan vera fullt mogleg å utveksla stillingar som førsteamanuensis II eller professor II. Ein betre fagleg bruk av kompetansen til studentane vil sjølvsagt bli ein av fordelane med eit slikt samarbeid, trur Svensson.

- Kan få fleire oppdrag

Tidlegare har både Prosjektforum og Vitskapsbutikken på SV og Humanistisk prosjektsemester på HF opna dørene for næringslivet for studentar frå desse fakulteta.

- Dette er jo eit samarbeid mellom studium og forsking, og dette vil truleg gi endå fleire tilbod om oppdrag både for Prosjektforum, Vitskapsbutikken og for Humanistisk prosjektsemester.

- Birkeland Innovasjon deltar med å leggja til rette for å skapa arenaer for godt fagleg samarbeid mellom alle desse miljøa og næringslivet. Etter kvart kan det gi eit betre grunnlag for nyskaping. Seinare kan det bli aktuelt å skapa liknande møteplassar også for andre fakultet, slår han fast og inviterer alle som kan til erfaringsoverføringsseminaret i Georg Sverdrups hus onsdag 29. november kl. 12.00.

Påmelding til kare.svensson@admin.uio.no før 27. november.

Emneord: Universitetspolitikk, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 22. nov. 2006 14:39 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere