Tomatar kan redda mannen

Tomatar er kanskje den beste medisinen mot prostatakreft. Det har UiO-professor Rune Blomhoff og overlege Sigbjørn Smeland skrive om i boka "Fruktbar kunnskap for mannens edlere deler." Det er den første boka som blir gitt ut av Birkeland Publications, ein avleggjar av Birkeland Innovasjon.

- ET TOMATAR!: Det seier Rune Blomhoff (t.h.) og Sigbjørn Smeland. Her står dei saman med Rebekka Nøkling i Birkeland Publications og Vidar Birkeland og Astrid Bismo frå Kreftforeininga .
Foto: Martin Toft

Boka "Fruktbar kunnskap for mannens edlere deler" blei lansert i samband med Kreftforeiningas kampanje om menn og kreft denne veka. Kvart år døyr 1000 norske menn av prostatakreft. Det er det høgaste talet i verda i høve til folketalet. I boka gir UiO-professor Rune Blomhoff og overlege Sigbjørn Smeland ved Radiumhospitalet gode råd om kosthald som kan førebyggja prostatakreft. Det er den mest vanlege kreftforma blant menn, og ei vanlegare kreftform enn brystkreft. Tidlegare UiO-rektor Kaare R. Norum fortel i boka at han er ein av dei som har prostatakreft.

- Tomatar kan motverka prostatakreft

Dei to forskarane vil altså slå eit slag for eit kosthald som kan vera med på å førebyggja prostatakreft hos menn.

- Det aller viktigaste ser ut til å vera å eta tomatar, aller helst som tomatsaus godt blanda med olivenolje. Men steikte eller kokte tomatar er også sunnare enn rå tomatar. Også kålgrønsaker som brokkoli, blomkål, hovudkål og rosenkål inneheld stoff som kan vera med på å motverka prostatakreft, og det kan også granateple, soyaprodukt og grøn te, fortel Blomhoff.

Både han og Smeland viser til at ein for ti år sidan byrja med kampanjar for å få folk til å eta minst fem typar frukt eller grønsaker for dagen.

- Då blei det klart at frukt og grønsaker generelt var sunt, men no har me faktisk vitskaplege data som underbyggjer at det er førebyggjande mot prostatakreft å eta tomatar og dei andre grønsakene me nemner i denne boka. Tidlegare er det gjort fleire dyre- og celleforsøk som viste dette. No har me også fått resultat frå fleire kliniske studiar på menneske som syner at det stemmer, slår dei to fast.

- Og kva er det med tomatar som er så sunt?

- Alle tomatprodukt inneheld fargestoffet lyktopen. Og dess raudare tomaten er, dess meir lyktopen har den. Det er no påvist at dette stoffet har ein gunstig påverknad på prostatakjertelen og kan hindra at det bryt ut kreft, fortel Blomhoff.

Både han og Smeland er godt nøgde med boka.
- Det er eit konkret resultat av samarbeidet mellom forskingsmiljøet og det kliniske miljøet på Rikshospitalet-Radiumhospitalet, slår dei fast.

Birkeland Innovasjon startar forlag

Det er Birkeland Publications som gir ut boka. Det er ein avleggjar av Birkeland Innovasjon. Rebekka Nøkling er tilsett som dagleg leiar, medan innovasjonsssjef Kathrine Myhre i Birkeland Innovasjon er styreleiar for selskapet.

- Og kvifor har de no kasta dykk ut i forlagsbransjen, Kathrine Myhre?

- Det er ikkje eit ordinært forlag, men eit forskingsformidlingsforlag der hovudmålet er å bringa forsking og kunnskap frå UiO til eit allment publikum, Det gjer me gjennom publikasjonar som bøker, lydbøker eller DVD. Også formidling på nettsider blir ein del av formidlingsformene til Birkeland Publications.

- Vil ikkje dette seia at de arbeider i direkte konkurranse med Unipub, som i stor grad har gitt ut bøker forfatta av UiO-forskarar?

- Me skal ikkje produsera lærebøker, så me konkurrerer ikkje med lærebokforlag. Når forskarar har publisert ein artikkel t.d. i Nature, blir det vår oppgåve å bringa denne kunnskapen vidare til eit allment publikum.

- Er ikkje forlagsdrift litt på sida av det Birkeland Innovasjon eigentleg skal driva med?

- Nei. Ideen bak opprettinga av Birkeland Publications spring ut av etablert kunnskap ved UiO, og ynsket og behovet til det allmenne publikum om auka kunnskap om fagområde som UiO forskar på. Det er boka "Fruktbar kunnskap for mannens edlere deler" eit godt døme på. Det er ein formidlingskanal for forskarane, i tillegg til at det er døme på ein innovasjon ved UiO som har blitt til ved hjelp av Birkeland Innovasjon, seier Myhre.

- Ikkje minst blir forlaget ein viktig reiskap for å bidra til å formidla kunnskap frå humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking på ein nyskapande måte. Birkeland Innovasjon har eit godt nettverk til samfunns- og næringsliv. Difor kan Birkeland Publications også bidra til eit nærare samarbeid mellom forsking og samfunns- og næringsliv, håpar ho.

Emneord: Forskning, Birkeland Innovasjon, Kreftforskning Av Martin Toft
Publisert 17. nov. 2006 15:50 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere