Må flytta frå vikingskipa

Den pensjonerte vikingskipsnestoren Arne Emil Christensen må ut av kontoret sitt på Vikingskipshuset innan 17. desember. Oppseiinga kom like etter at han hadde uttalt seg kraftig mot flytting av vikingskipa i NRK-programmet Detektor. - Eg har ei kjensle av at det kan vera ein samanheng, seier han til Uniforum. Det avviser direktør Egil Mikkelsen ved Kulturhistorisk museum.

MÅ FLYTTA: Pensjonert samlingsansvarleg Arne Emil Christensen har fått beskjed om å flytta ut av kontoret sitt på Vikingskipshuset.
Foto: Ola Sæther

Den tidlegare samlingsansvarlege for Vikingskipshuset, Arne Emil Christensen er tydeleg rysta over flyttemeldinga når me treffer han i pauserommet i kjellaren på Vikingskipshuset.

- Eg hadde søkt om å få halda fram med å ha kontoret mitt her, sidan eg er i gang med eit forskingsprosjekt på delar av gamle skipsvrak som ligg lagra her ute. Det kjem til å bli meir tungvint å koma til dei tinga som eg forskar på. Dei skal også flyttast litt på, så difor hadde det vore både i mi og i Vikingskipshusets interesse at eg kunne ha halde fram med dette arbeidet til oppryddinga blir sett i gang, synest Christensen.

Styret for Kulturhistorisk museum vedtok den 16. oktober at vikingskipa kunne flyttast til eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika, så sant dei rette føresetnadane låg til rette for det. Dei bygde i stor grad vedtaket på ein intern konsekvensanalyse som er blitt leidd av sivilingeniør Kirsten Bjørndal.

- For risikabelt

Arne Emil Christensen rasar mot dette vedtaket.
- Eg synest framleis at det er for risikabelt å flytta vikingskipa og det er ei fagleg meining som eg må få lov til å ha. Difor vil eg kalla det for eit overtramp av museumsdirektør Egil Mikkelsen å kalla det for undergravingsverksemd, slik han gjorde i NRK-programmet Detektor 4. november. Faktum er at me enno ikkje veit sikkert om skipa vil ha godt av ei flytting, understrekar han.

- Men det største problemet er korleis dei andre tinga frå Osebergfunnet, som sledane og vogna, vil tola ei flytting, legg han til. Han forstår at dei som vil byggja eit nytt museum, gjerne vil ha vikingskipa i det nye museet.

- Det er forståeleg at dei vil ha det største trekkplasteret dit. Likevel synest eg at det vil vera heilt uforsvarleg å flytta vikingskipa og dei andre fornminna frå Vikingskipshuset dit. Eg veit at eg ikkje er åleine om desse synspunkta, sjølv om eg er blitt gallionsfiguren for motstandarane av flytting. Inntrykket mitt er at eit stort fleirtal av dei som arbeider i Vikingskipshuset, også er imot ei flytting av skipa. Men dei som har konserveringsbakgrunn og har bygd støtter under Tuneskipet og sledane frå Oseberg, blir ikkje lytta til i denne saka, meiner han.

Christensen seier seg samtidig lei for at eit samrøystes styre for Kulturhistorisk museum har vedtatt å gå inn for flytting.

- Eg synest det er trist at unge kollegaer av meg har vore med på flyttevedtaket. No håpar eg at Universitetsstyret viser større varsemd når det skal handsama saka 20. desember, seier han.

Avviser påstand

Museumsdirektør Egil Mikkelsen stadfestar at pensjonert samlingsansvarleg Arne Emil Christensen har fått beskjed om å flytta ut av kontoret sitt innan 17. desember. Men han avviser påstanden om at dette har noko å gjera med motstanden hans mot flytting av vikingskipa.

- I januar skal me tilsetja etterfylgjaren hans. Då er det heilt vanleg på universitetet at forgjengaren i stillinga må flytta på seg. Dessutan veit eg at han har fått eit raust tilbod om kontorplass frå Norsk Sjøfartsmuseum, seier Mikkelsen.

Det var altså den 16. oktober i år styret for Kulturhistorisk museum vedtok å gå inn for å flytta vikingskipa frå Vikingskipshuset til eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika.

I vedtaket heiter det at "styret ved KHM finner, etter en samlet vurdering av alle de faktorer som har vært utredet, både når det gjelder vikingskipene, gravfunnene herfra forøvrig og risikoen forbundet med en flytting av disse fra Bygdøy til Bjørvika, samt alle øvrige forhold som er brakt inn i saken når det gjelder bevaringsforhold, bygnings- og sikkerhetsmessige forhold, samt de samfunnsmessige forholdene, at en vil anbefale overfor styret ved Universitetet i Oslo at flyttingen gjennomføres".

- Forsvarleg å flytta vikingskipa

Onsdag 20. desember skal altså Universitetsstyret ta endeleg stilling til om vikingskipa skal flyttast frå Bygdøy til Bjørvika. Museumsdirektør Egil Mikkelsen meiner at styret bør stemma for ei flytting.

- Det er vanskeleg å skapa ei ekte vikingtidsutstilling i Bjørvika utan vikingskipa. Både Safetech-rapporten og Veritas-rapporten konkluderer jo med at det vil vera forsvarleg å flytta vikingskipa til Bjørvika utan alvorlege skader. Og me har åtte år på oss til å få gjort det som er naudsynt for å få det realisert. Nøkkelorda her er planlegging, planlegging og planlegging, understrekar Egil Mikkelsen.

Han viser til at bygningen til Historisk museum stod ferdig i 1904, det same året som Osebergfunnet blei gjort i Vestfold.

- Arkitekten Henrik Bull sette i gang med å teikna eit tilbygg for Osebergskipet på Tullinløkka, men av ein eller annan grunn så blei det ikkje noko av. Seinare blei det skipa til ein arkitektkonkurranse, som Arnstein Arneberg vann med det som i dag er Vikingskipshuset på Bygdøy. Den opphavlege planen var å byggja ein bygning rundt krossbygningen. No er plassen for liten for eit nytt Kulturhistorisk museum på Bygdøy, konstaterer han.

- Var motstandar av flytting

Museumsdirektøren fekk ei aha-oppleving då Riksantikvaren nyleg foreslo freding av Vikingskipshuset med innhald.

- For ti år sidan var også eg motstandar av flytting av vikingskipa. Då sa eg at om naudsynt ville eg be Riksantikvaren om å freda heile Vikingskipshuset med innhald. No ser eg at Riksantikvaren har tatt meg på ordet ti år etter. I mellomtida har eg skifta meining fordi grundige undersøkingar av bevarings- og tryggingstilhøva rundt skipa og alle problema for dei besøkande på Vikingskipshuset har overtydd meg om at det er naudsynt med ei flytting, konstaterer han. Mikkelsen reknar med at eit nytt museum med vikingskipa, kan stå ferdig i Bjørvika i 2015.

Emneord: Museene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 23. nov. 2006 10:16 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere