Finsk skogforskar leier gransking av forskingsfusk

Den finske skogforskaren Kim von Weissenberg skal leia komiteen som skal granska det siste tilfellet av mogleg forskingsfusk ved Universitetet for miljø- og biovitskap og Universitetet i Oslo. Undersøkingskomiteen har det første møtet sitt på Gardermoen i morgon, og skal ha ferdig den endelege rapporten sin 1. september 2007.

REALISTISK TIDSRAMME: - Det var avgjerande for universiteta å inngå ein dialog med leiaren av komiteen for å koma fram til ei realistisk tidsramme, seier UiO-rektor Geir Ellingsrud.
Foto: Ola Sæther

- Eg sa ja til jobben fordi det er det vitskaplege samfunnet sitt eige ansvar å kontrollera at det vitskaplege arbeidet blir gjort på rett måte, i samsvar med dei vitskaplege prinsippa, seier Kim von Weissenberg til Uniforum. Han er pensjonert professor i skogspatologi ved Helsingfors universitet, og er altså utnemnt til leiar for komiteen som skal granska dei vitskaplege arbeida til forskaren som er skulda for å ha fuska med vitskaplege data, då han var tilsett som forskar ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås og ved Senter for utvikling og miljø ved UiO.

Med seg i komiteen får han sorenskrivar Bjørn Solbakken frå Karmsund tingrett, dosent Annica Kronsell frå Lunds universitet, professor Hanna Kokko frå Helsingfors universitet og dosent Lars Høgbom frå Skogforsk i Uppsala. Advokat Heidi Ekrem blir sekretær for komiteen.

Skal gå gjennom det vitskapleg arbeidet

Det var våren 2004 Universitetet for miljø- og biovitskap først fekk opplysningar som gav grunn til å undersøkja nærare den sentrale rolla den aktuelle forskaren hadde i eit forskingsprosjekt.

Undersøkingane synte at det var grunn til å stilla spørsmål ved om det arbeidet som forskaren var ansvarleg for, hadde blitt utført i samsvar med god vitskapleg praksis. Forskaren var tilsett ved Universitetet for miljø- og biovitskap frå 1996 til 2005 både som forskar og professor.

På Universitetet i Oslo var forskaren tilsett i deltidsstilling frå 1996 til 2006. Det er også blitt funne forhold på UiO som gir grunn til å stilla spørsmål ved om forskinga er blitt utført i samsvar med god vitskapleg praksis. Desse forholda har gjort at begge forskingsinstitusjonane har bestemt seg for å få utført ein gjennomgang av dei vitskaplege arbeida som forskaren gjorde den tida han var tilsett ved UMB og UiO.

Jobbar uavhengig av institusjonane

Komiteen har fått mandat til å gjera ein sjølvstendig og sakkunnig gjennomgang, med det klare målet å slå fast om den forskinga som er gjort, er utført i samsvar med god vitskapleg praksis. Definisjonen på god vitskapleg praksis er forsking som ikkje er grunna i forfalsking, fabrikkering, plagiering i samband med planlegging, gjennomføring eller rapportering av forskinga.

Komiteen skal arbeida uavhengig av institusjonane og skal ha tilgang til alt relevant materiale, skriv rektor Knut Hove ved UMB og rektor Geir Ellingsrud ved UiO i eit brev til komitéleiaren. I brevet går det også fram at rapporten skal skrivast på norsk og at heile rapporten skal offentleggjerast, når den er blitt handsama av dei to institusjonane.

Første møte 1. desember

Medlemane i komiteen møter kvarandre for første gong på Gardermoen i morgon, fredag 1. desember.

- Me vil byrja med å sjå på dei ferskaste forskingsmanuskripta som den aktuelle forskaren har laga, fortel Kim von Weissenberg til Uniforum. Han er svært oppteken av at det er forskarsamfunnet sjølv som grip tak i denne saka.

- Det er vitskaplege prinsipp det vitskaplege samfunnet må fylgja. Ansvaret mitt er å gjera min del av denne jobben, understrekar han.

- Komiteen skal vera ferdig med arbeidet sitt innan 1. september 2007. Vil de klara å halda den tidsfristen?

- Tidsfristen er god nok, og me vil gjera så godt me kan for å halda den.

Skulle ha vore klar like etter avsløringa

Den opphavlege planen til Universitetet for miljø- og biovitskap og UiO var å setja ned ein undersøkingskomité like etter at forskaren var blitt skulda for å ha fuska med vitskaplege data. Det var fleire grunnar til at det ikkje gjekk så fort, opplyser rektor Geir Ellingsrud til Uniforum.

- Det var nokre uavklarte prinsipielle problemstillingar omkring oppretting av ein slik komité, noko som blei peika på av den første personen me spurte om å vera leiar, og me gjekk inn i ein diskusjon om desse. Det blei i diskusjonen avklart ein del problemstillingar. Blant anna at
leiaren av ein slik komité burde vera ein fagperson, og ikkje ein jurist - som den opphavleg påtenkte leiaren var. Det blei difor semje om at universiteta burde engasjera ein fagperson som leiar, seier Ellingsrud.

- Kvifor har komiteen fått utsett fristen for å bli ferdig til 1. september 2007, medan den opphavlege datoen var 8. januar 2007?

- Det er eit svært omfattande arbeid som skal gjerast. Lista over arbeida som skal granskast, er svært lang. Det var avgjerande for universiteta å inngå ein dialog med leiaren av komiteen for å koma fram til ei realistisk tidsramme. Tidsfristen er altså fastsett i samråd med leiaren, etter at han har lese gjennom det materialet som skal granskast.

Emneord: Forskning, Etikk Av Martin Toft
Publisert 30. nov. 2006 14:50 - Sist endra 10. des. 2008 14:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere