Vil lovfesta den akademiske fridomen

Den akademiske fridomen for forskarar og lærarar på universitet og høgskular bør lovfestast. Det er den samrøystes konklusjonen frå eit utval leidd av professor Arild Underdal. Mandatet til utvalet var å greia ut spørsmålet om akademisk fridom i høve til individuelle rettar og institusjonelle styringsbehov. Utgreiinga blei måndag formiddag overrekt til kunnskapsminister Øystein Djupedal.

AKADEMISK FRIDOM: Arild Underdal overrekkjer utgreiinga om akademisk fridom til kunnskapsminister Øystein Djupedal.
Foto: Martin Toft

Grunngjevinga til utvalet for å lovfesta den akademiske fridomen er at den er utfordra både frå krav om bruksverdi, finansiering på grunnlag av bestemte resultat og intern organisering.

Kunnskapsminister Øystein Djupedal vil no senda utgreiinga til høyring før den skal bli sydd saman til ei stortingsmelding, som skal handsamast i løpet av våren 2007. Djupedal gjorde det klart at han såg fram til å sjå kva universitet, høgskular og andre vil meina om framlegga.

- Eg støttar hovudlinjene i det som er lagt fram. Fagleg fridom for den einskilde forskaren er eit grunnleggjande prinsipp for sjølvstendet og legitimiteten til forskinga, slo Djupedal fast. Tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, professor Arild Underdal har altså leidd utvalet, som blei oppretta av det dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet 14. oktober 2005.

Europarådet tilrår lovfesting

Hovudoppgåva til utvalet har vore å vurdera om akademisk fridom for den einskilde forskaren og læraren bør vernast i lova. Noreg er i dag eitt av fleire land der den akademiske fridomen ikkje er verna av ein spesifikk lovregel. I Finland og Tyskland er den akademiske fridomen verna i grunnlova, medan både Irland og Sverige har verna denne fridomen i lovgjevinga for høgare utdanning.

Europarådet har også tilrådd eit lovfesta vern av den akademiske fridomen for at prinsippet skal få ei sterkare rettsleg forankring og større politisk aksept i europeiske land der det i dag har ei meir uklar stilling. Utfordringa frå Europarådet tar Underdal-utvalet svært alvorleg og går difor hundre prosent inn for å lovfesta den akademiske fridomen.

Endra rammevilkår

Ei av årsakene til det er endringane i rammevilkåra for høgare utdanning og forsking. Som døme viser utvalet til at forholdet mellom kvar forskar og styringsbehovet til institusjonen blir påverka av utviklingstrekk som gir bruksverdien av forskinga stadig større vekt. Det blir også trekt fram korleis endringar i statleg styring av høgare utdanning med blant anna auka vekt på finansiering på grunnlag av bestemte resultat og endringar i den interne organiseringa, påverkar forholdet mellom forskaren og institusjonen.

Grunnstein i akademia

Utvalet slår klart fast at retten forskarane har til sjølv å stilla spørsmål, bestemma framgangsmåte og offentleggjera resultata, er ein grunnstein i verksemda på universitet og høgskular. Det blir også peika på at når forskingsoppgåvene krev koordinert samarbeid, så må fridomen for den einskilde forståast som fridom til å ta eigne initiativ og argumentera utifrå eigne faglege vurderingar. Men koordinert innsats kan likevel ikkje rettferdiggjera krav frå institusjonen til den einskilde forskar og lærar om at vedkomande skal gå på akkord med den faglege overtydinga si.

- Må verna ei kjerne av integriteten

Under overrekkinga av utgreiinga, kom Arild Underdal også inn på forholdet mellom forskarane og oppdragsforsking.

- All forsking bør prøva å verna ein kjerne av integriteten til forskaren. Både næringslivet og andre eksterne oppdragsgjevarar tener på at forskarane ikkje går på akkord med integriteten sin, presiserte Underdal. Men det blir samtidig understreka at fridomen til den einskilde forskaren eller læraren, ikkje kan vera uavgrensa.

- Alle forskingsresultat skal gjerast kjende offentleg fordi både universiteta og høgskulane jobbar for samfunnet, og då må resultata vera opne for både innsyn og kritikk. Men det går ikkje an å hevda at programforsking er eit brot på den akademiske fridomen. Det kan heller vera politiske føringar, som til dømes at Noreg skal satsa på realfag og teknologi. Men det er viktig at dette ikkje hindrar finansiering av prosjekt som forskarane sjølve tar initiativet til, meinte Underdal.

I utgreiinga står det vidare at forskaren er forplikta av formålet til forskinga og vedkjende prinsipp for vitskapleg arbeid. Det vil seia at det kan setjast i verk tiltak mot åtferd som bryt med normene til vitskapen om at det forskaren driv på med skal vera ope, reieleg og etisk forsvarleg. Den akademiske fridomen må utøvast innanfor rammene for tilsetjingsforholdet og særskilde avtalar mellom tilsette og institusjonen eller eksterne samarbeidspartnarar, konstaterer utvalet.

Vern av den akademiske fridomen

Dersom tilrådingane til utvalet blir vedtatt av Stortinget våren 2007, vil paragraf 1-5 i Lov om universitet og høgskular få ei ny utforming. Framlegget inneber at punkt 1 skal understreka at universitet og høgskular blir pålagde ei positiv plikt til å fremja og verna den akademiske fridomen, inkludert ei plikt til å sikra at verksemda blir utøvd i samsvar med anerkjende etiske prinsipp. Punkt 2 om den faglege autonomien til institusjonane skal førast vidare, medan det blir foreslått å lovfesta eit nytt punkt 3 om akademisk fridom - forstått både som rettar og pliktar for den einskilde forskar og lærar.

Tilrådingane til utvalet vil gjelda alle forskings- og undervisningsinstitusjonar som kjem inn under Lov om universitet og høgskular. Politihøgskulen og Forsvarets høgskule er berre delvis omfatta av denne lova. For desse institusjonane er det fastsett i ei eiga forskrift for kva lovreglar som skal gjelda. Ved ei mogleg lovendring må det gjerast ei vurdering av om dei nye lovreglane også skal nyttast der, går det fram av utgreiinga.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 2. okt. 2006 15:55 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere