Opna muslimsk bønnerom på Blindern

I dag opna rektor Geir Ellingsrud eit muslimsk bønnerom eller mosalla ved sida av kapellet i Frederikkebygningen på Blindern. - Me trur dette kan opna for at det blir ein møtestad for dialog og læring av kvarandre sine religiøse tradisjonar, sa Ellingsrud.

DIALOG: Både rektor Geir Ellingsrud og Muzakar Amin er godt nøgd med det nye bønnerommet for muslimske studentar.
Foto: Martin Toft

Også Muzakar Amin, som er representant for dei muslimske studentane, hadde tru på at plasseringa kunne føra til både kontakt og dialog.

- Det er flott plassert, og det er eit fint symbol på den historiske toleransen mellom muslimar og kristne, som det finst mange døme på. Det kom ein utsending frå ein kristen by til byen Najran i noverande Saudi Arabia, som fekk tilbod om å be i moskeen. Nokre år seinare, drog den andre kalifen Omar til Jerusalem, der han fekk tilbod om å be i
Gravkyrkja.

Då takka kalifen nei, fordi han var redd for at etterkomarane hans i framtida ville hevda at det var deira eigedom, dersom han hadde bede der, fortalde Muzakar Amin, etter at han hadde lese eit vers frå Koranen.

Før det hadde studentprest Nils Jøran Riedl fortalt om korleis studentane hadde blitt meir og meir fleirreligiøse i løpet av dei siste åra, samanlikna med den gongen den første studentpresten byrja for 40 år sidan. Utanfor kapellet og bønnerommet er det sett av plass til benkar som kan gjera dette til ein møtestad.

- Det er også grunnen til at me to gonger i månaden har ein dialoglunsj, der representantar for fleire religiøse studentorganisasjonar deltar. Me skal heller ikkje nekta for at det har vore konfliktar mellom islam og kristendom. Og ein moské og ei kyrkje er ofte svært ulike. Men dei som har sett Sofia-katedralen i Istanbul, kan heller ikkje ha unngått å ha sett likskapen mellom dei to gudshusa, meinte Riedl. Under opninga var representantar for Muslimsk studentsamfunn til stades.

- Me har rundt 100 medlemar, men alle muslimar kan bruka det muslimske bønnerommet, som vil vera ope i opningstida til Frederikkebygningen, sa Muzakar Amin til Uniforum. Kirkelig kulturverksted engasjerte arkitekt Terje Hope til å teikna bønnerommet. Han har samarbeidd med muslimske studentar ved UiO, som har vore med i ei arbeidsgruppe saman med Studentprestkontoret og Teknisk avdeling. Dei har heile tida kome med innspel til utsmykkinga av bønnerommet.

Emneord: Islam, Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2006 16:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere