Trykt og godt med Reprosentralen

Reprosentralen er blitt modernisert og har fått ein ny digital maskinpark til mellom sju og åtte millionar kroner. - No vil me gjerne yta service til heile UiO, og me vil difor gjerne bli forstyrra av tilsette som vil bruka oss, seier avdelingsleiar Thore Olsen.

MODERNE HUSTRYKKERI: Fredag 8. september opnar den moderniserte Reprosentralen. F.v. konsulent Vegard Klemsdal, teknisk direktør Frode Meinich og avdelingsleiar Thore Olsen.
Foto: Ståle Skogstad

Førstkomande fredag blir det fest og offisiell opning av dei nyoppussa lokala til Reprosentralen i kjellaren til Administrasjonsbygningen på Blindern. - Me har gått frå å vera ei produksjonseining til å bli eit servicesenter. Hit kan folk koma med Wordfilene sine, og me kan hjelpa dei med å gjera dei om til ei bok, ein brosjyre eller ei avhandling, fortel Thore Olsen. Og det kan også lønna seg å bruka Reprosentralen framfor å kjøpa tenester på byen.

- Dersom du ikkje skal ha meir enn 1000 eksemplar i fargar av ei trykksak, lønner det seg å bruka fargetrykk hos oss. Og dersom du ikkje veit om du skal ha 200 eller 400 ekspemplar, kan du tinga 200 i første omgang, før du finn ut at du skal ha 200 til utan ekstra kostnader. Det er eit tilbod som trykkeria ikkje kan gi, understrekar han. - Og for dei som gjerne skulle hatt overført gamle eller nye dokument til ei elektronisk fil, så kan me også skanna desse bøkene for dei. Dei som berre har eit tekstdokument på fire sider, kan me hjelpa med grafisk utforming, legg han til.

I dag er 40 prosent av produksjonen til Reprosentralen kompendium til studentane. Dei resterande 60 prosenta er trykksaker til administrasjonen og studentar. - I løpet av ein dag har me kapasitet til å kjøra 150 000 sider, og på eitt år blir det 25 millionar trykk, det vil seia mellom 130 og 140 tonn med trykksaker, seier Olsen.

- Blei ikkje skilt ut

Teknisk direktør Frode Meinich er også godt nøgd med fornyinga av Reprosentralen.

- For tre år sidan tok me ei avgjerd om at me ville satsa på at Reprosentralen skulle halda fram med å vera eit hustrykkeri for Universitetet i Oslo. Me rekna også ut at det ville svara seg å modernisera desse tenestene i staden for å kjøpa dei eksternt. Difor blei ikkje Reprosentralen skilt ut. Dessutan har me nytta oss av denne sjansen til å betra arbeidsmiljøet ved å redusera både støv- og støynivået, fortel han. Sidan tenestene til Reprosentralen også er momsfrie for UiO, har den eit ekstra konkurransefortrinn framfor konkurrentane i byen.

- Eg veit at dei tilsette på Reprosentralen også har vore til stor hjelp for studentar som treng roa seg ned før dei skal levera inn masteroppgåva eller doktoravhandlinga si. Service og nærleik er dei viktigaste stikkorda for at UiO skal bruka Reprosentralen. Dessutan unngår dei bruk av eksterne bod. Dermed blir det mindre transport og slik ein ekstra miljøgevinst, heilt i samsvar med Grøn Stat, fortel Frode Meinich.

Emneord: Arbeidsforhold, Økonomi, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2006 14:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere