- Eg rappa ein song til han om ein som syng at han vil bruka vald, medan den andre syng tilbake at han ikkje vil ha noko å tena på det. Eigentleg er teksten ganske grov, men eg gjorde den litt meir passande for ein kongeleg person, seier Emir Mulaosmanovic til Uniforum. Han er vokalist i rappgruppa Minoritet1 som har medlemar med ulik etnisk bakgrunn.
Musikkforskarane Jan Sverre Knudsen og Stan Hawkins har forska på gruppa og meiner at Minoritet1 skapar musikk og tekstar som engasjerer. Når dei står på scena rappar dei på norsk om Oslo-kvardagen sin. Fredag formiddag stilte gruppa også opp på Paviljongen på Forskingstorget.
Over 50 forskingsmiljø frå Oslo og Akershus har eigne
utstillingstelt på Forskingstorget på Universitetsplassen.
Dei mest langvegsfarande gjestene er fleire tilsette frå
Universitat Rovira i Virgili (URV) i Katalonia i Spania. Dei
besøkjer Forskingstorget med ei holebuarutstilling. Fredag
formiddag var det lengst kø framfor traileren til det
multinasjonale selskapet GE Healthcare. Der viser dei nemleg
fram ein hjartesimulator. Kunnskapsminister Øystein Djupedal
opna Forskingstorget klokka 11.30 fredag 22. september.
.
Forskingstorget held på til og med laurdag 23. september.
Logg inn for å kommentere