Ny forskar mistenkt for forskingsfusk

Ein 48 år gamal forskar med andrestilling på Senter for utvikling og miljø på UiO og med hovudstilling på Universitetet for miljø- og biovitskap er mistenkt for forskingsfusk. - Det er svært tragisk det som har skjedd og at det skjer så kort tid etter Sudbø-saka. No har UiO eit omdømeproblem som me må arbeida for å retta opp, seier rektor Geir Ellingsrud til Uniforum.

TRAGISK: - Det er svært tragisk det som har skjedd og at det skjer så kort tid etter Sudbø-saka, synest rektor Geir Ellingsrud.
Foto: Ola Sæther

Det var i Dagbladet og i NRK Dagsrevyen måndag kveld denne veka det først blei kjent at ein forskar som har hatt hovudstilling som professor ved Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås og som til nyleg hadde deltidsstilling som professor ved Senter for utvikling og miljø, er blitt avslørt for å ha fabrikkert og manipulert vitskaplege data.

Arbeidde med biologisk mangfald

Forskaren har primært arbeidd med økologiske problemstillingar og undersøkt samspelet mellom jord, sopp og plantar under tropiske og tempererte forhold. Han har også arbeidd med biologisk mangfald. Han har både bidratt med bøker og arbeid i vitskaplege tidsskrifter og bøker, skriv UiO og Universitetet for miljø- og biovitskap i ei felles pressemelding.

Forskaren slutta som professor ved UMB i 2005 etter å ha jobba der i ni år, men heilt fram til sommaren 2006 var forskaren tilsett i deltidsstilling som professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Der arbeidde han med biologisk mangfald og med identifisering av kjemikaliar, genar og plantar som kan brukast industrielt.

Prosjekta er utførte både i Noreg og i utviklingsland. Også ved UiO er det blitt avdekka forhold som gir grunnlag for gransking. Forskaren avslutta arbeidsforholdet sitt ved UiO etter at desse forholda blei tatt opp.

Tragisk

I januar blei det avslørt at overlegen og forskaren Jon Sudbø på Radiumhospitalet-Rikshospitalet hadde fabrikkert og manipulert forskingsdata.
Rektor Geir Ellingsrud ved UiO er djupt rysta over endå ei ny avsløring av mogleg forskingsfusk.

- Det er klart at det er svært tragisk at det blir avslørt ei ny sak om forskingsfusk tett etter Sudbø-saka. Til all lukke er ikkje denne saka relatert til liv og helse til menneske, så slik sett verkar den mindre alvorleg enn Sudbø-saka. For å få det heilt på det reine, må me venta til granskingskommisjonen har ferdig rapporten sin, seier han i ein kommentar til Uniforum.

- Er det klart kven som skal leia granskingskommisjonen?

- Nei, det er enno ikkje bestemt kven som skal sitja i denne kommisjonen.

- Er du overraska over det som er hendt?

- Eg fekk jo visse peikepinnar på kva sak som var på gang ei stund. Men før me kunne gå ut med mistankane våre, engasjerte me to uavhengige ekspertar som kunne gå gjennom dei to artiklane som var mistenkte for å innehalda fabrikkerte og manipulerte vitskaplege data.

- Kva gjer UiO for å hindra at det skal bli fleire tilfelle med forskingsfusk?

- UiO har hatt sterkt fokus på dette både før og etter Sudbø-saka. Det blei oppretta eit forskingsetisk utval før jul i fjor, og det er i gang eit arbeid med kvalitetssikring av forsking. Dette arbeidet kjem sjølvsagt til å bli styrkt etter den siste avsløringa av mogleg forskingsfusk.

- Denne forskaren har hatt bidrag frå medforfattarar i dei 37 vitskaplege arbeida som no skal granskast. Kjem deira rolle også til å bli granska?

- I den grad dei har vore med på ein av dei to artiklane som no skal granskast, blir også dei partar i denne saka.

- Korleis har samarbeidet mellom UiO og Universitetet for miljø-og biovitskap vore i denne saka?

- Det har vore svært bra.

Tysdag 26. september skriv VG at forskaren har fått til saman 12 millionar kroner i forskingsstøtte frå Forskingsrådet, Universitetet for miljø- og biovitskap og Universitetet i Oslo.

Granskingskomiteen skal levera rapporten sin til Universitetet for miljø- og biovitskap og Universitetet i Oslo innan 8. januar 2007, og rapporten blir deretter offentleggjort, går det fram av pressemeldinga.

(Oppdatert tysdag 26. september klokka 08.12)

Emneord: Forskning, Etikk Av Martin Toft
Publisert 25. sep. 2006 20:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere