Kristin Halvorsen opna Urtehagen

- Eg visste ikkje kor viktig det var å koma vekk frå dokument og kollegiale budsjettdiskusjonar før eg kom hit til Botanisk hage. Difor takkar eg for at eg blei spurt om å utføra eit så hyggeleg og ærefullt oppdrag som å opna den nye urtehagen, sa finansminister Kristin Halvorsen under opninga torsdag 31. august. Så klipte ho over blomstersnora framfor inngangen til Urtehagen med ei svær hagesaks.

OPNA URTEHAGEN: Finansminister Kristin Halvorsen opna Urtehagen med å klippa over ei blomstersnor med ei svær hagesaks.
Foto: Ola Sæther

Kristin Halvorsen var svært oppglødd over kor fint det er i Botanisk hage og som småbarnsmor var ho ofte i hagen.

- Me småbarnsforeldre er fascinerte av denne dosen med grønt, luft og kunnskap, som me kan fortelja barna våre om. Og i Urtehagen så trur eg nok at det blir størst interesse for giftplantane både hos barn og foreldre, sa ho med eit breitt smil. Finansministeren var også imponert over kva gartnarane har klart å få til.

- Dei får ting til å gro, medan eg er ekspert i få plantar til å visna, avslørte ho. Halvorsen meinte også at plantane i Urtehagen var gode døme på kor viktig kontakten med utlandet har vore for Noreg.

- Det var nonner og prestar som brakte både medisinplantane og krydderplantane med seg frå land lenger sør i Europa. Det viser kor viktig det er med impulsar utanfrå, slo ho fast.

- Naturleg å invitera finansministeren

Halvorsen understreka også kor viktig arbeid som blei drive av dei tilsette i Botanisk hage.

- Det er viktig å få dokumentert plantar, ikkje minst dei som er truga av utrydding, og difor er det viktig med botanisk forsking. På den måten er det naturleg at de inviterte finansministeren til å opna Urtehagen. Det er nemleg Finansdepartementet som har det overordna ansvaret for den berekraftige utviklinga i Noreg. På den måten er det ein klar samanheng mellom økologi og økonomi, konstaterte Halvorsen, før ho fekk ei omvising rundt i Urtehagen av direktør Elen Roaldset ved Naturhistorisk museum.

Drikketrau blei fontene

Urtehagen er blitt til etter felles innsats frå dei tilsette i Botanisk hage og Teknisk avdeling ved Universitetet i Oslo. Venneforeininga til Botanisk hage har gitt 100 000 kroner til arbeidet og utgitt ei bok om urtehagen.

- Det gamle drikketrauet til den siste hesten i Botanisk hage, har no fått eit nytt liv som fontene i Urtehagen. Drikketrauet har me fått tilbake frå Apotekarhagen i Norsk Folkemuseum på Bygdøy, fortalte seksjonsleiar for Botanisk hage, professor Liv Borgen.

I Urtehagen finst det ein eigen seksjon for giftplantar, ein annan for medisinplantar og ein tredje for krydderplantar. Solsikkene i Urtehagen er truleg Oslos høgaste. Og førstkomande sundag kan dei som vil ta ein tur til markeringa av Urtehagens dag i Botanisk hage.

Emneord: Museene, Botanisk hage Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2006 11:15 - Sist endra 10. des. 2008 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere