UiO fyller 195 år

- På årsfesten kan alle gratulera UiO med dagen ved å få i seg ein ordentleg dose med forskingsformidling, kultur og høgtideleg feiring av prisvinnarane, seier Helga Bjørnes og Bente Hennie Strandh. Dei er arrangementsansvarlege for Universitetet i Oslos årsfest fredag 1. september.

INVITERER TIL ÅRSFEST: Seremonimeistrane Helga Bjørnes og Bente Hennie Strandh i Informasjonsavdelinga inviterer alle til fest både i Aulaen og på Blindern fredag 1. september.
Foto: Ola Sæther

Hovudprogrammet vil gå føre seg i Universitetets Aula frå klokka 14.00.

- Der vil retorikkprofessor Kjell Lars Berge halda festforedraget "Bør det skrives akademisk litteratur på norsk i Norge?" Og så blir det utdeling av UiOs prisar og H.M. Kongens gullmedaljar til yngre forskarar. Me vil spesielt oppfordra tilsette og studentar frå fagmiljøa til prisvinnarane om å stilla opp i Aulaen, seier Bjørnes og Strandh.

Det kulturelle trekkplasteret i Aulaen blir framføringa av den musikalske reisa Oslo-Berlin-New Orleans med Morten Gunnar Larsen, Georg Reiss og Ståle Ytterli. Også Den norske Studentersangforening og Universitetets symfoniorkester vil delta. Etter den høgtidelege seremonien i Aulaen blir det ei mottaking i Universitetshagen. Både Bjørnes og Strandh vil gjerne framheva dei populærvitskaplege foredraga under fødselsdagsfeiringa.

- Og me inviterer alle som bur i Osloområdet til å høyra på formidlingsprisvinnar Kari Vogts foredag i Gamle Festsal i Urbygningen. Det har tittelen "Er kvinner og menn like? Synspunkter på likhet og autoritet i klassiske islamske tekster".

Fødselsdagen blir også markert på Frederikkeplassen på Blindern.

- Der skal det serverast fødselsdagskake, og rektor Geir Ellingsrud skal halda ein tale før Studentsamkipnadens pris for frivillige studentaktivitetar blir delt ut, fortel Helga Bjørnes og Bente Hennie Strandh. Du finn heile programmet på nettsidene til UiO: http://www.uio.no/om/aarsfest/06/index.html

Emneord: Internasjonalisering, Årsfesten Av Martin Toft
Publisert 28. aug. 2006 15:09 - Sist endra 10. des. 2008 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere