Studentfestival med disco, "Cabaret" og visesang

Syttitalsdisco, musikalen "Cabaret" og visesongaren Lillebjørn Nilsen står på programmet under den ti dagar lange Studentfestivalen i Oslo(STUDiO). Festivalen blir opna i festivalteltet på Frederikkeplassen tysdag 15. august. - Eg vil ynskja både nye og gamle studentar hjarteleg velkomne til arrangementa både i Studentersamfundet Chateau Neuf og i festivalteltet, seier festivalsjef Pernille Mogensen.

UNDER KONTROLL: - Det ser ut som om alt er under kontroll no, seier festivalsjef Pernille Mogensen, sjølv om festivalteltet enno ikkje var heilt klart fredag formiddag.
Foto: Ståle Skogstad

Nedtellinga til Studentfestivalen i Oslo (STUDiO) er begynt og festivalteltet på Frederikkeplassen er i ferd med å reisa seg. Festivalsjef Pernille Mogensen hastar mellom Chateau Neuf og Frederikkeplassen for å forsikra seg om at alt går etter planen.

- Det ser ut som om alt er under kontroll no, seier ho fire dagar før festivalen blir blåst i gang i festivalteltet tysdag 15. august.

- Me har starta eit samarbeid med Fadderordninga ved UiO slik at alle nye studentar får informasjon om studentfestivalen. Det håpar me skal få mange av dei til å ta turen til arrangementa våre, seier ho optimistisk. BI-student Pernille Mogensen studerer kultur og leiing noko som gir henne god ballast for å leia studentfestivalen.

"Cabaret" og Lillebjørn Nilsen

Ho har blinka seg ut fleire arrangement som ho vil prøva å få med seg.

- Eg gler meg svært til å sjå Studentteaterets musikal "Cabaret" og til å høyra det svenske bandet The Ark. Og visesongaren Lillebjørn Nilsen er det alltid ein fryd å høyra på.

- Men han var jo stor for 20 år sidan. Trur du han har appell til dagens studentar?

- Ja, det har han. Alle dei andre gongene han har stilt opp på festivalen har han klart å skapa ei unik stemning i festivalteltet. For avslutningskonserten med Lillebjørn Nilsen 25. august blir faktisk den einaste konserten i festivalteltet i år. Me har først og fremst satsa på at festivalteltet skal bli ein møteplass der studentar og andre kan treffast og samtala med kvarandre utan at dei blir kasta ut fordi det skal vera ein konsert om kvelden.

- Difor vil nesten alle konsertar, debattar og andre arrangement gå føre seg i studenthuset Chateau Neuf. Det er viktig å få gjort studentane merksame på at dei har sitt eige kulturhus i kort avstand frå Blindern og Oslo sentrum, trekkjer ho fram. Der skal blant andre den svenske gruppa The Ark, og dei norske artistane Sondre Lerche, Terje Nordgarden og Ralph Myers & the Jack Herren Band ha konsertar.

Noreg og FrP

- Og det blir syttitalsdisco med discjockeyen Nicky Siano som var med og starta discobylgja på det berømte diskoteket Studio 54 i New York. I dag er han godt over 50 år, så eg trur det kan bli morosamt for studentane å få oppleva syttitalsdisco med ein som var ein av dei viktigaste aktørane for denne bylgja, synest ho. Men det blir ikkje berre musikk, også dei som er interessert i verbale slagsmål får sitt under festivalen.

- Den mest interessante debatten blir truleg den som me har kalla "Et Norge med FrP."Partileiar Siv Jensen har stadfesta at ho vil delta i denne debatten. Det har også medisinprofessor Per Fugelli gjort, seier ho nøgd. Festivalleiinga vil gjerne ha fleire frivillige studentar som kan tenkja seg å gjera ein innsats under festivalen.

- Me treng folk som kan driva med marknadsføring, stå i baren, i tillegg til mange andre ting, slår Pernille Mogensen fast før ho må dra tilbake til Studentersamfundet Chateau Neuf.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2006 14:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere