- Afrikanske språk må bli undervisningsspråk

I dag blir ikkje eit einaste afrikansk språk brukt som undervisningsspråk verken på dei vidaregåande skulane eller på universiteta i Afrika. Dei gamle kolonispråka engelsk, fransk og portugisisk er einerådande. Afrikanske forskarar ynskjer no å endra dette og saman med forskarkollegaer frå Europa og USA vil dei på ein konferanse på UiO 19.-22. juni drøfta korleis det skal skje.

MORSMÅLET I SKULEN: - Afrikanske elevar bør få undervisning på morsmålet gjennom heile grunnskulen, synest professor Birgit Brock-Utne. Ho leier ein konferanse om språk og utdanning i Afrika.
Foto: Ola Sæther

I Afrika møter mange elevar i verste fall aldri morsmålet på grunnskulen. I beste fall får dei undervisning i morsmålet til dei er ferdige med grunnskulen. Men når dei kjem inn på universitetet dominerer altså dei gamle kolonispråka totalt som undervisningsspråk.

- Fram til slutten på 1980-talet brukte mange vidaregåande skular på Madagaskar gassisk som undervisningsspråk. Men då landet fekk eit tilbod frå Frankrike om å få alle lærebøker gratis på fransk, overtok igjen fransk som undervisningsspråk ikkje berre i den vidaregåande skulen, men også i det meste av grunnskulen. I dag er fransk undervisningsspråk frå tredje klasse i grunnskulen på Madagaskar, fortel professor Birgit Brock-Utne på Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Ho er initiativtakar til ein stor konferanse om språk og utdanning i Afrika som blir skipa til på UiO frå 19. til 22. juni. Konferansen er eit samarbeid mellom to forskingsprosjekt på Det humanistiske fakultetet og to ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

Alle dei fem prosjekta har samarbeidspartnarar ved universitet i Etiopia, Uganda, Tanzania, Mali, Sør-Afrika og Zimbabwe. Med seg i konferansekomiteen har ho Berit Johnsen frå UV-fakultetet og Kjell Magne Yri, Ingse Skattum og Oddrun Grønvik frå HF.
Birgit Brock-Utne er svært engasjert i arbeidet for å fremja afrikanske språk som undervisningsspråk i Afrika.

Nesten inga undervisning på morsmålet

- I Afrika møter elevane ein lærar som underviser på eit språk korkje han eller elevane kan godt, til dømes engelsk eller fransk. Ofte må læraren leggja inn ord frå det lokale språket for å kunna forklara seg godt nok. I Tanzania, som er eitt av dei landa der eit kjent afrikansk språk blir brukt som undervisningsspråk, er dette språket swahili. Men det blir berre brukt frå førsteklasse og gjennom dei sju åra på grunnskulen. Men frå og med den vidaregåande skulen er det engelsk som rår. I Ghana får elevane undervisning på engelsk frå førsteklasse utan at dei har fått opplæring i språket. Sidan lærarane ofte kan språket dårleg, viser det seg at mange afrikanske studentar som kjem hit og som har hatt engelsk som undervisningsspråk i ti år eller meir, likevel ikkje kan engelsk like godt som norske studentar som tar engelskspråklege kurs på UV-fakultetet, fortel ho. Koloniseringa førte til at folkegrupper som snakka same språk, likevel fekk ulike administrasjonsspråk.

- Alle kan eitt av 15 språk

- I Niger og Nigeria snakkar og forstår dei fleste haussa. Men på grunn av kolonihistoria blir likevel Niger rekna som fransktalande og Nigeria som engelsktalande, sjølv om berre 5 prosent i Nigeria er flytande i engelsk og fem prosent i Niger flytande i fransk. Den afrikanske forskaren, Kwesi Kwaa Prah frå Ghana har funne ut at 90 prosent av folket i Afrika fint kan klara seg på eit eller fleire av 15 afrikanske språk. Han blir også ein av hovudinnleiarane på konferansen.

- Kva modell vil de då ha i Afrika?

- Målet bør vera at alle afrikanske elevar skal få undervisning på morsmålet sitt gjennom heile grunnskulen. I vidaregåande og på universitetet kan undervisninga gå føre seg på eit regionalt afrikansk språk som alle forstår. Elevar lærer best på eit språk som dei høyrer rundt seg og med ein lærar som kan undervisningsspråket, konstaterer Brock-Utne.

Nokre av dei norske prosjektleiarane vil halda opningshelsingane sine på eit afrikansk språk og bli tolka av dei afrikanske samarbeidspartnarane sine. Dei fem opningsforelesingane blir alle haldne av afrikanske forskarar.
- Me er også stolte over at Malis undervisningsminister, som også er språkforskar, har sagt ja til å halda den første opningsforelesinga., seier Brock-Utne. NORAD har gitt konferansen 700 000 kroner i støtte, medan SiO og HF- og UV-fakulteta til saman har gitt 300 000 kroner.

Emneord: Afrika, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2006 10:30 - Sist endret 10. des. 2008 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere