Ny forsking på norrøn preikebok

Gamalnorsk homiliebok frå 1200-talet er ein av dei eldste norrøne tekstane som me kjenner til. Boka inneheld preiker frå norrøn mellomalder. Neste veke er boka tema for eit tverrfagleg seminar som Mellomalderstudiar ved UiO og Menighetsfakultetet arrangerer. Inititativtakarar er professor i norrøn mytologi Gro Steinsland og førsteamanuensis Jan Schumacher på MF.

PREIKEBOK FRÅ 1200-TALET: Boka er både ei filologisk, teologisk, kulturhistorisk og mentalitetshistorisk kjelde, seier Gro Steinsland og Jan Schumacher.
Foto: Ståle Skogstad

- Gamalnorsk homiliebok (preikebok) er ei viktig kjelde til kunnskap om den folkepedagogiske oppgåva som kyrkja hadde under religionsskiftet, understreker både Gro Steinsland og Jan Schumacher. Begge peikar på nytten av samarbeidet mellom Mellomalderstudiet på UiO og Menighetsfakultetet i samband med den felles forskinga på religiøse forhold i mellomalderen. Homilieboka er tema for ein eigen konferanse på Menighetsfakultetet måndag 8. mai.

- Denne boka er det aller beste dømet me har på korleis det går når ein kristendom som tala latin skulle omsetjast til eit heilt anna språk som norrønt. Det baud nok på både problem og utfordringar, trur Schumacher.

Nytt gudsbilete

Og Gro Steinsland er sikker på at boka også måtte fungera som ei slags lærebok for dei som var prestar for dei nyleg kristna nordmennene.

- Dei skulle jo oppdragast i ein ny måte å tenkja på, få ein heilt ny moral og eit heilt nytt gudsbilete. Og så hadde prestane i oppgåve å undervisa dei i korleis dei skulle leva rett. På denne måten blir denne boka både ei filologisk, teologisk, kulturhistorisk og mentalitetshistorisk kjelde, synest ho.

Boka er også eit godt døme på at Noreg og Island blei kristna frå England og ikkje frå kontinentet.

- Det finst inga liknande bok korkje i Danmark eller i Sverige, men det finst fleire i England både frå 900-talet og fram til 1050. Dei var på angelsaksisk. Truleg var det benediktarmunkar som omsette preikentekstane frå latin til norrønt, sjølv om nokre meiner at det var augustinarmunkar som gjorde det, sidan dei var meir opptekne av dei pastorale oppgåvene. Sjølv er eg mest fascinert av teorien om at det var benediktanmunkane har spela ei rolle i prosessen som førte fram til det som me kjenner som homilieboka, seier Schumacher.

Ord frå vestlandsk og trøndsk

Språkleg sett er homilieboka også interessant.
- Det er funne ord frå vestlandsk og trøndsk. Indisiane tyder difor på at boka må ha blitt til anten i Bergen, på Selja kloster eller i Nidaros, konstaterer Steinsland.

- Kva preiker er boka mest kjent for?

- Stavkyrkjepreika er den meste berømte. Lenge trudde me at den handla om korleis stavkyrkjene blei bygde. Det er ikkje rett. Den handlar om symbolikken i kyrkjerommet, både i veggane, taket, golvet og utvendig. Det finst faktisk preiker for kvar sundag i kyrkjeåret og spesialpreiker for innvigslingsdagen for kvar einskild kyrkje. Det var ein stor høgtidsdag for kyrkjelyden på den tida. Først og fremst var den gamalnorske homilieboka ei samling preiker som biskopane delegerte vidare til prestane sine. Meininga var at dei skulle formidla dei slik dei var. Det var ikkje rom for personlege meiningar og tolkingar på den tida. Den som las rett frå boka fekk også respekt, understrekar Schumacher.

- Trur de det vil bli presentert nye forskingsfunn på seminaret?

- Det kan godt henda det blir presentert nye funn om mellom anna forholdet mellom den gamalnorske homilieboka og dei britiske homiliebøkene etter at Vilhelm Erobraren overtok styre og stell i England i 1066, seier Steinsland og Schumacher.

Dette er seminaret:
Gammelnorsk homiliebok - et tverrfaglig seminar om preken i norrøn middelalder.
Tid og sted: 8. mai kl. 10.00 i Aud. 2 i Menighetsfakultetet, Gydas vei 4.
Emneord: Forskning, Internasjonalisering, HF: nytt institutt for språk, Teologi Av Martin Toft
Publisert 4. mai 2006 09:45 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere