Større arbeidsbør etter Kvalitetsreforma

Studentane på UiO får betre oppfylging, men lærarane har fått mykje meir å gjera. Det var debattantane einige om då Akademisk forum sette Kvalitetsreforma under lupa måndag 24. april.

BEHOV: -Det var behov for ei studiereform, meinte MN-dekan Knut Fægri.
Foto: Martin Toft

Studiedekan på HF; Tor Egil Førland, filosofiprofessor Olav Gjelsvik, MN-dekan Knut Fægri og kjemiprofessor Tyge Greibrokk var alle inviterte for å presentera synet sitt og røynslene sine med Kvalitetsreforma.

Tor Egil Førland såg mest positive fylgjer av reforma.
- Søkinga til HF har gått kraftigare opp etter innføringa av Kvalitetsreforma enn det demografien skulle tyda på. Dette har å gjera med at me har kunna pakka inn studietilboda våre annleis enn tidlegare. Dessutan får me også betre søkjarar. HELT-undersøkinga til Studenthelsetenesta viser også at studentane er meir tilfredse i 2005 enn i 2003. I den grad Kvalitetsreforma har medverka til det, er det positivt, syntest han.

Førland viste til at studentane meiner at tilbakemeldinga frå lærarane er mykje betre no enn tidlegare.
- I tillegg har det blitt færre store forelesingar og meir gruppeundervisning og individuell rettleiing. Hos oss har dette ikkje ført til nokon lærarflukt, med unntak for den gongen musikkprofessor Jon Roar Bjørkvold takka ja til avtalefesta pensjon. Mange andre vel derimot å halda fram til dei fyller 70 år, sa han.

Førland kunne heller ikkje sjå at den vitskaplege publiseringa hadde gått ned etter at reforma blei innført.

- Derimot ser eg heilt klart at det er negativt at lærarar og administrative tilsette som gjorde ein stor innsats under oppstartinga av reforma i 2002/03 berre i varierande grad har fått utteljing for dette ekstraarbeidet. Det har ført til at nokre er svært utslitne og skuffa etter reforma, konstaterte han.

- Fell på rangeringane

Filosofiprofessor Olav Gjelsvik (biletet under)var langt meir kritisk til konsekvensane av Kvalitetsreforma.

- Alle dei norske universiteta har falle kraftig på dei internasjonale rangeringane etter innføringa av denne reforma. Og det er berre universitet i Noreg og Tyskland som har gjort det, slo han fast. Samtidig gjekk han til eit kraftig åtak på forslaga til Mjøs-utvalet.

- Det hadde ei sterk intellektuell kraft og det var økonomiprofessor Victor Norman, og det var også forslaga prega av. Resultatet blei at studieløpet blei redusert med eitt år. Trass i dette er talet på studentar pr. lærar gått opp på HF etter innføringa av Kvalitetsreforma. Semesterlengda har dessutan auka svært lite, understreka han.

Gjelsvik syntest også tilsetjingspolitikken på fakultetet ber preg av dette.

- Dei fleste nytilsetjingar skjer stort sett på universitetslektornivå. Dermed blir det mindre forskingsbasert undervisning, konstaterte han.

- Stykkprisfinansieringa fører dessutan til at små fag blir ulønsame, medan fakultetet får pengar for kvar bestått eksamen. I praksis vil det seia at det er nok å gi ein student nok undervisning og oppfylging til at han eller ho består eksamen, meinte han.

- Var behov for ei studiereform

- Det var behov for ei studiereform, meinte dekan Knut Fægri på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

- Men med dagens styringssystem er det heilt umogleg å måla effekten av Kvalitetsreforma. Det må venta til Rokkan-senteret og NIFU-STEP publiserer den nasjonale evalueringa av reforma. I alle fall har talet på vitskaplege publiseringar på Institutt for informatikk blitt tredobla frå 2004 til 2005. Reforma kan difor ha fått dei vitskaplege tilsette til å skjerpa seg på det feltet, trudde han.

- Stor tabbe

Fægri syntest også den gamle karakterskalaen var moden for å bli reformert.
- Men det var ein stor tabbe å innføra bokstavkarakterar etter ECTS-skalaen, ikkje minst fordi den blir knytt opp til ei normalfordelingskurve. No er det heldigvis komen ei slags overvaking av dette, understreka han.

- Tettare oppfylging

Kjemiprofessor Tyge Greibrokk meinte at Kvalitetsreforma ikkje hadde hatt nokon effekt på verken forsking eller internasjonalisering.

- Når det gjeld undervisning, har studentane fått tettare oppfylging enn tidlegare. Men det negative er at det har ført til langt større arbeidsmengde for lærarane. Midttermineksamenar har også vore eit stort problem for oss. Gjennomføringa av studiet er mykje betre enn før og karaktersystemet har heller ikkje ført til problem for oss, sidan me ikkje nyttar oss av Gaus-kurven. Derimot har stykkprisfinansieringa vore øydeleggjande for Kjemisk institutt, tykte Greibrokk.

Emneord: Kvalitetsreformen, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2006 16:01 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere