Stein Emil Vollset erstattar Dag Thelle i granskingskommisjon

UiO har oppnemnt professor Stein Emil Vollset på Institutt for samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Bergen som ny medlem i kommisjonen som skal granska forskingsskandalen på Radiumhospitalet. Han erstattar medisinprofessor Dag Thelle fordi Thelle har ei stilling som professor II ved UiO.

I tillegg har UiO oppnemnt postdoktor, dr. juris Tore Lunde, også han frå Universitetet i Bergen, som medlem av kommisjonen. Det er også klart at stipendiat Sigmund Simonsen frå NTNU i Trondheim skal vera sekretær for granskingskommisjonen. Det opplyser kommunikasjonsdirektør Trine Lind ved Rikshospitalet-Radiumhospitalet til Uniforum.

- Det er blitt stilt spørsmål om professor Dag Thelles habilitet, knytt til tilsetjinga hans hos oss. Me meiner i utgangspunktet at utnemninga er grei, men vel likevel å skifta han ut så lenge habiliteten kan trekkjast i tvil, sa rektor Geir Ellingsrud ved UiO til NTB i går.

Emneord: Etikk, Medisin Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2006 15:37 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere