UiO-leiinga bestod katastrofeøving

UiO-leiinga bestod katastrofeøvinga, men hadde problem med å få ut informasjon til tilsette og studentar. Det er konklusjonen på katastrofeøvinga som Direktoratet for samfunnssikring og beredskap (DSB) organiserte i samarbeid med UiO onsdag 8. desember.

SENSORAR: Rådgjevarane Anette Unneberg og Erik Wale i DSB gir universitetsleiinga karakteren bestått i handteringa av katastrofeøvinga førre veke.
Foto: Martin Toft

Ingen frå toppleiinga visste noko anna enn at dei skulle ha ei katastrofeøving onsdag 8. desember. Alle var sikre på at dei vil få eit scenario om noko som skulle ha skjedd på universitetsområdet på Blindern. Dei blei difor svært overraska då dei blei presentert for scenariet: Ein buss med 20 studentar og professorar frå Biologisk institutt hadde kjørt utfor vegen på veg til Universitetets biologiske forskingsstasjon på Finse. Fem personar var drepne og seks hardt skadde.

Nøgd informasjonsdirektør

- Dette kom uventa på oss og det gjekk ei stund før me klarte å organisera oss ordentleg. Eg er likevel godt nøgd med at me klarte å arrangera ein pressekonferanse ein time etter at me hadde fått katastrofemeldinga, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal. Han synest også rektor Arild Underdal gjorde det godt.

- Han var flink til å fronta UiO mot pressa, medan teknisk direktør Frode Meinich gjekk inn i rolla som beredskapsleiar. Det største problemet me hadde var å få ut informasjon om denne "ulykka" til tilsette og studentar ved UiO. Alle sit ikkje ved ein PC og les e-post heile tida. Det er heller ikkje alle som har mobiltelefon. Kva me gjer med interninformasjonen i slike tilfelle blir eitt av problema me må prøva å løysa, meiner Kjøllesdal.

- Hevda seg godt

Det var rådgjevarane Per Brekke, Anette Unneberg og Erik Wale i Direktoratet for samfunnssikring og beredskap (DSB) som leia denne øvinga.

- Me synest absolutt at UiO-leiinga bestod testen, men det finst ting som kan bli betre. Universitetet hevda seg også bra samanlikna med andre statsetatar og bedriftersom har hatt liknande øvingar, seier Unneberg og Wale.

- Berre det at sikringsrådgjevar Trond E.Eriksen tok kontakt med oss og bad oss om å arrangera ei øving, tyder på at UiO tar kriseberedskapen på alvor, legg dei til. Dei synest det var både bra og viktig at både rektor Arild Underdal og konstituert universitetsdirektør Inger Stray Lien deltok under øvinga.

- Viss toppsjefane ikkje deltar, er det eit teikn på at dei ikkje prioriterer sikringsarbeidet. Då vil det vera håplaust å arrangera ei katastrofeøving, meiner dei.

Første øving på sju år

Sikringsrådgjevar Trond E. Eriksen synest det var på tide med ei ny øving.

- Det har ikkje vore noko katastrofeøving ved UiO på over sju år. Difor var det godt å få denne gjennomgangen både for sentralleiinga og støtteapparatet, det vil seia Helsetenesta og studentpresten ved UiO. Ein del av scenariet var at eg skulle vera på ferie på Kanariøyane. Difor var eg automatisk sett ut av øvinga. Men eg fekk lov til å servera dei kaffi, seier han tørt. Det blir ikkje sju år til neste gong det blir ei katastrofeøving på universitetet.

- Nei, denne øvinga var inngangen på ei serie med øvingar som etter kvart også skal inkludera alle einingane til universitetet. Og me så mange ekskursjonar som studentar og professorar er med på i løpet av eitt år, synest eg scenariet var svært bra, seier Eriksen.

Emneord: Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2004 14:38 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere