Rekonstruerer studentuniform

I systova på Operaen er kostymesyarlærling Maren Sælensminde i ferd med å sy dei siste trådane i lærlingoppgåva si: Studentuniformen til Det Kgl. Frederiks Universitet frå 1820.

STUDENTUNIFORM: Kostymesyarlærling Maren Sælensminde prøver å dra alle trådane på plass i den rekonstruerte studentuniformen som modell og forskar Fredrik Thue har på seg.
Foto: Ståle Skogstad

Det var professor John Peter Collett ved Forum for universitetshistorie som kom på ideen om å rekonstruera den originale universitetsuniformen frå 1820. Han fekk vatn på mølla etter at drakthistorikar dr. philos. Astrid Oxaal hadde funne mykje ukjent materiale om historien til studenthua til universitetet.
- Han bad meg om å finna fram kjeldene som kunne gi oss ei viss peiling på korleis me kunne rekonstruera denne uniformen. Dermed tok eg kontakt med skreddarlauget i Oslo som sette meg i kontakt med Mariann Westbye på systova til Operaen, fortel Oxaal. Slik fekk Maren Sælensminde dette oppdraget som lærlingoppgåve av Mariann Westbye, som har vore rettleiaren hennar.

Forskar blei modell

Samtidig blei forskar Fredrik Thue ved Forum for universitetshistorie engasjert som levande modell for uniformen.

- Det er første gong eg har gitt kroppen min til universitetet, seier han humoristisk etter at han har fått på seg ein framleis noko uferdig uniform.

Professor John Peter Collett viser til at studentane kunne takka ein svensk konge for at dei fekk ein eigen uniform.

- Forslaget om ein eigen uniform for studentane ved universitetet i Christiania kom først opp i Det norske Studentersamfund i 1818. Kollegiet gjekk imot forslaget, det same gjorde regjeringa, medan kong Carl Johan gjekk imot innstillinga frå regjeringa og bestemte at dei studentane som ville det, kunne få skaffa seg uniform, fortel Collett. Ingen original uniform er tatt vare på, så difor måtte ein uniform rekonstruerast.

Ingen god oppskrift

Både Astrid Oxaal og Maren Sælensminde er nøgde med resultatet så langt.

- Oppskrifta eg hadde å halda meg til, var fylgjande setning: Sort Kjole, tilskaaret efter et nu brugeligt Snit, to Rad Knapper med opstaaende sort fløiels dobbelt Krave, hvorpaa i Hjørnerne anbringes en Oliegreen.

- Eigentleg var ikkje oppskrifta særleg god, så difor har eg måtta gå på jakt i forskjellige kjelder både i inn- og utland. Eg var blant anna ein tur på kostymemuseet i den engelske byen Bath, fortel ho. Sælensminde synest også dette var noko heilt anna enn det ho var vant til frå systova i Operaen.

- Vanlegvis syr me noko som skal vera ein illusjon av ei drakt frå ein bestemt tidsperiode. Derimot gjekk dette arbeidet ut på å gjera ein uniform så autentisk og så nær originalen frå 1820 som mogleg, seier ein engasjert kostymesyarlærling.

Den siste brukaren

Etter planen skal den rekonstruerte universitetsuniformen stillast ut i Oslo Bymuseum frå 17. mai til 2. september 2005. Utstillinga skal handla om studentar i Christiania 1813-1905. Ein av dei mest berømte personane som bar studentuniformen, var diktaren Henrik Wergeland.

- Og det ser også ut til at han var den siste, kan Collett fortelja.

- Han hadde på seg uniformen 17. mai 1829, den dagen då styresmaktene sende soldatar for å jaga folkemengda frå Stortorget i Christiania i "Torvslaget". Wergeland fekk eit sabelrapp over ryggen av ein kavalerist, og han meinte at uniformen difor var vanæra. Så han nekta å bera uniformen meir og leverte den inn til statthaldaren, og då han blei avvist der, til politimeisteren i Christiania.

- Ei tid seinare blei han spurt av nokon frå politiet om dei kunne gi "kjolen" til "ein fattig konfirmant" - og slik enda truleg den siste studentuniformen sine dagar, trur Collett, som legg til at Wergeland heller ikkje såg det som noko stort tap.

- Den hadde nemleg ikkje skaffa han ry som nokon mønsterstudent, og ikkje hadde den fått noka jente til å forelska seg i han heller, ifylgje Wergeland sjølv.

Drog av buksene

Likevel var det delar av denne drakta som var meir populære enn andre.

- Dei svarte buksene med fløyelsrender blei ein del brukt av studentane og blei oppfatta som ein uniform som desse hadde einerett til å bera. Det blir fortalt at det ein gong var ein "preliminarist" - ein som studerte ved universitetet utan å ha examen artium og altså utan å ha lært latin - som viste seg på gata iført bukser med svarte fløyelsrender. Han blei overfallen av nokon "ekte" studentar som resolutt drog av han buksene der og då - på open gate! fortel Collett.

Og når utstillinga om studentane i Christiania på Oslo Bymuseum er over 2. september 2005, skal den rekonstruerte uniformen få eit evig liv hos Museum for universitets- og vitskapshistorie (MUV) ved UiO.

Emneord: Universitetspolitikk, Unionsoppløysinga 1905 Av Martin Toft
Publisert 13. des. 2004 13:38 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere