Fleire av redaksjonsmedlemane i Universitas har fortalt Uniforum at styreleiarVegard Kjesbu i Universitas forsøkte å få studentavisa til å lata vera å skriva om at ein av dei oppsagde administrative tilsette i Studentparlamentet ville gå til arbeidsrettssak mot arbeidsgjevaren sin. No stadfestar også Universitas-redaktør Marianne Johansen dette.
- Personleg tolkar eg det som eit påtrykk mot meg som redaktør, seier Johansen. Ho let seg likevel ikkje pressa og saka kom på trykk i siste nummer av Universitas.
- Eg oppfatta ikkje at samtalen var meint som eit pålegg om ikkje å trykkja artikkelen, og det var nok velmeinande intensjonar som låg bak. Det viktigaste var at artikkelen kom på trykk. Det er sentralt for det offentlege studentlivet at slike saker ikkje blir stoppa, seier ho.
Etter Johansens meining var bakgrunnen for telefonen at Kjesbu hadde blitt kontakta av Studentparlamentet om saka, og at han trekte fram at det kanskje kunne få økonomiske konsekvensar for Universitas dersom saka stod på trykk.
Tok det opp på styremøtet
Johansen tok påtrykket frå styreleiaren så alvorleg at ho
likevel tok saka opp i styremøtet fredag 26. november.
- Der kom det fram at styreleiaren og eg hadde heilt
forskjellig oppfatning av kva som hadde skjedd, fortel ho.
Styremedlem Bjørn Egil Mikalsen stadfestar at denne
saka blei tatt opp at Universitas-redaktøren. - Det stemmer,
seier han til Uniforum.
Inga hemnakt
Denne veka blei det også kjent at fleirtalet av styret for avisa hadde tilsett den eksterne søkjaren Vegard Kvaale som ny redaktør for Universitas trass i at redaksjonsklubben hadde gått inn for Dag Stian Husby. Avgjerda førte til at styremedlem Bjørn Egil Mikalsen straks trekte seg frå avisstyret. Dessutan har redaksjonsklubben overrekt 50 underskrifter til Studentparlamentet i protest mot tilsetjinga.
Marianne Johansen vil ikkje påstå at redaktørtilsetjinga er ei hemnakt fordi avisa likevel publiserte artikkelen om ei mogleg arbeidsrettsak mot Studentparlamentet.
- Nei, det har eg ingen grunn til å tru, seier ho.
Nektar for å ha pressa redaktør
Før Universitas-redaktøren stadfesta overfor Uniforum at Vegard Kjesbu hadde øvd eit visst påtrykk på henne for å hindra publiseringa av den omtalte artikkelen, nekta Kjesbu for at han hadde prøvd å pressa henne.
- Eg har også høyrt historia om at eg skal ha prøvd å påverka innhaldet i Universitas. Det kjenner eg ikkje til, og det er klart at det ville ha vore svært uprofesjonelt av meg om eg hadde gjort noko slikt, sa han til Uniforum. Også etter at Kjesbu får vita kva Marianne Johansen seinare har fortalt Uniforum, står han fast på at han aldri har øvd påtrykk overfor henne.
- Nei, det har aldri skjedd. Det må tyda at me har to heilt
forskjellige oppfatningar av kva som har skjedd. Eg har aldri
hatt samtalar med henne der eg formelt sett har prøvd å få
henne til å lata vera å publisera ei sak i Universitas, slår
Kjesbu fast.
Ekstraordinært styremøte
Vegard Kjesbu har måtta tola masse pepar dei siste dagane for at styrefleirtalet tilsette ein ekstern redaktør mot redaksjonsklubben sin vilje. Styreleiaren har difor kalla inn til eit ekstraordinært styremøte førstkomande torsdag.
- Det er slett ikkje for å omgjera tilsetjinga av ny redaktør. Det står styrefleirtalet fast på og heile prosessen har gått rett føre seg. Begge kandidatane har vore gjennom lange jobbintervju med styret. Når styret var delt på midten så stod det sjølvsagt i mitt lodd å avgjera spørsmålet med dobbeltrøysta mi, og det gjorde eg.
- Men kvifor kallar du då inn til eit nytt ekstraordinært styremøte?
- Det er for å finna ut korleis me kan byggja ei bru mellom Universitas-styret og redaksjonsklubben. Og dersom Universitas som foreining er svekka av dette vedtaket, er det naturleg at me må sjå på eigarskapen til studentavisa på nytt. Det kan vera snakk om å lata avisa bli enda meir frigjort frå Studentparlamentet og lata avisa få eit styre fritt for studentpolitikarar. Det viktige er at Redaktørplakaten blir fylgd. Men alt dette er spørsmål som det framtidige Velferdstinget får ta opp, meiner Kjesbu.
Redaksjonsklubben i Universitas vil komande onsdag drøfta korleis dei skal aksjonera vidare mot det som er i ferd med å skje i avisa, opplyser aksjonsleiar og nyhenderedaktør Anne B. Viken til Uniforum.
Logg inn for å kommentere