Det er først og fremst direktørar, økonomikonsulentar, prosjektleiarar og andre som arbeider med økonomi til dagleg, som vil merka at arbeidet går lettare med det nye verktyet.
- Dei vil få høve til å ha fullstendig oversikt over økonomien på det feltet dei har ansvaret for. Opplysningane i desse økonomirapportane blir oppdaterte ein gong i døgeret. Og alt som økonomimedarbeidarar har etterlyst i tidlegare økonomirapportar, er med i dette systemet, fortel rekneskapssjef Hans Mossin. Sidan oktober har Rekneskapsseksjonen saman med USIT vore rundt på heile universitetet og kursa over 300 tilsette i det nye systemet.
I bruk av heile UiO
- I løpet av denne månaden vil systemet bli tatt bruk ved heile universitetet. Og den beste måten å læra det på, er å bruka det kvar dag, presiserer Mossin. Det har tatt rundt halvtanna år til dei byrja å utvikla dei webbaserte økonomirapportane til dei blei ferdige. Han trekkjer gjerne fram dei som har hatt hovudansvaret for prosjektet.
- Prosjektleiarane Mimi Wiese Bjørnsen og Elisabeth Kolstad har saman med medarbeidarane sine gjort ein formidabel jobb for å verkeleggjera det systemet som no er tatt i bruk, skryt han.
- I framtida vil nok dette bli det einaste verktyet me vil bruka for å finna og handsama økonomiske data. Og det er så enkelt at sjefane vil klara å finna fram dei tala dei er ute etter på eiga hand. Med desse økonomirapportane kan ein økonomimedarbeidar gå frå toppnivå og ned til instituttnivå og få full oversikt over den økonomiske situasjonen ved kvar einskild eining. Dette systemet er nemleg heilt ope innanfor UiOs intranett. Det vil seia at både tilsette og studentar kan bruka det, seier Mossin.
Ikkje alt er tilgjengeleg
Det finst likevel opplysningar som ikkje er like tilgjengelege.
- I dei delane av økonomirapportane der det finst sensitive data, vil det vera naudsynt med både brukarord og passord for å få tilgang, understrekar han. Men han trur i utgangspunktet ikkje det finst så mykje av slik informasjon.
- Ingenting er så løynd at det vil forstyrra nattesvevnen vår om nokon utanforståande fann desse opplysningane. I verste fall kan universitetsleiinga i framtida koma til å avgrensa tilgangen til denne informasjonen, spår han.
Økonomirapportane er tilgjengelege på Økonomi- og
planavdelinga sine nettsider:
http://www.admin.uio.no/oepa/regnskap/rapportweb/
Og økonimisystemet er oppgradert til nytt system frå måndag
22. november 2004.
Logg inn for å kommentere