Reinhaldarar protesterer

15 reinhaldarar ved Det odontologiske fakultetet protesterer mot planen om å splitta dei og tilby enkelte av dei jobb andre stader ved UiO. - Dette er eit klart brot på Hovudavtalen, meiner NTL-leiar Anita K. Solhaug . - Ingen av oss ynskjer å forlata den arbeidsplassen me har hatt i 15 år, seier tillitsvalt Ellen Johansen (biletet).

VIL IKKJE SPLITTAST: Reinhaldarane f.v. Tissa Gunasekara, Ellen Johansen, Diosdada Solli, Mercedes Gonzalez, Rosalin Mauseth, Paramjeet Kaur og Carlos Arancibia.
Foto: Ola Sæther

Det var torsdag for ei veke sidan reinhaldarane ved Det odontologiske fakultetet i Geitmyrsveien fekk vita at Teknisk avdeling hadde planar om å tilby ein del av dei jobb andre stader ved universitetet og lata to eller tre av dei vera med i ein service-team som kunne ta imot oppdrag frå heile universitetet. 90 prosent av dei det gjeld har eit anna språk enn norsk som morsmål.

Arbeidsgjevaren grunngav flyttinga med at dette var ein del av ordninga med Inkluderande arbeidsliv, og på den måten ville det bli lettare å leggja forholda betre til rette for kvar enkelt arbeidstakar. To av dei kvinnelege reinhaldarane fekk tilbod om jobb i sentrum, men begge bad tynt om å få bli verande i Geitmyrsveien. No har dei fått beskjed om å innfinna seg på jobb i sentrum frå byrjinga av oktober.

- Fekk innskrenka arbeidstida

- Det heile byrja med at me nekta å ta ekstraarbeid etter at me ikkje lenger fekk kompensert det med avspasering og kortare arbeidstid. Etter at arbeidstida vår blei innskrenka, har me nekta å ta slikt meirarbeid. Dermed engasjerte Teknisk avdeling eit eksternt reingjeringsbyrå til å gjera ekstraarbeidet. Det måtte nok arbeidsgjevaren vår heilt sikkert betala dyrt for, trur Ellen Johansen. Ho er overtydd om at omflyttinga av reinhaldarane har økonomiske årsaker.

- Dette har med pengar å gjera. Det er eg ikkje i tvil om. Og når me er ute, vil reingjeringsbyråa koma inn, trur ho.

- Brot på Hovudavtalen

Dei fleste av dei 15 reinhaldarane er organiserte i Norsk Tenestemannslag. Og leiar Anita K. Solhaug er sjokkert over behandlinga reinhaldarane har fått.

- For det første fekk dei inndratt den reduserte arbeidstida som dei hadde avtale om frå før. Det fører til at det blir vanskeleg for dei å henta barna i barnehagen og koma tidsnok til den andre jobben som dei aller fleste av dei har. Dette blei gjort av leiinga ved Teknisk avdeling utan å ta kontakt med fagforeininga deira, altså NTL, på førehand. Det er eit klart brot på Hovudavtalen, slår ho fast.

Først tysdag denne veka blei NTLs nestleiar Ruth Norseng kalla inn til eit informasjonsmøte med leiinga for Teknisk avdeling. Til stades var teknisk direktør Frode Meinich, driftssjef Astri Ottesen og personalleiar Lars Riddervold. Reinhaldssaka kom opp etter at NTL ba om ei forklaring på kva som var i ferd med å skje med reinhaldarane i Geitmyrsveien.

- Då viste det seg at dei allereie hadde bestemt seg for å splitta opp reinhaldsgruppa ved Det odontologiske fakultetet. Det hadde dei bestemt utan å informera oss på førehand. Det vil seia at dei ikkje held seg til Hovudavtalen. Det kan ikkje eg som NTL-leiar godta, seier ho.

Stadfestar flytting

Teknisk direktør Frode Meinich stadfestar at Teknisk avdeling vil flytta reinhaldarane i Geitmyrsveien til andre delar av universitetet.

- Det som er tilfellet, er at me har spurt om det er reinhaldarar der som på grunn av slitasjeskader og høgt sjukefråvær kan tenkja seg å jobba andre stader. Det høge sjukefråværet fører nemleg til at me må bruka mange vikarar. Ved å tilby reinhaldarane jobb andre stader, vil me lettare kunna fordela behovet for tilrettelegging over heile universitetet i staden for berre i Geitmyrsveien. På den måten kan me spreia vikarbehovet og oppretta eit eige serviceteam som kan brukast der det er bruk for det.

- Kvifor informerte ikkje Teknisk avdeling fagforeininga NTL om dette, før de avgjorde saka?

- Me hadde eit møte med NTL før sommaren der NTL påpeika at arbeidssituasjonen var vanskeleg i Geitmyrsveien på grunn av slitasjeskader og høgt sjukefråvær. Dei oppfordra meg til å sjå på forholda der, og det har eg no gjort.

- Kjem de til å tvinga reinhaldarane til å godta tilbodet om jobb annan stad på universitetet eller i eit service-team?

- Nokon av dei har takka ja til tilbod om å jobba ein annan stad. Me vil vera innstilte på at nokon skiftar arbeidsstad, men det vil ikkje vera nokon nedbemanning. Det skjer rett som det er at me flyttar rundt på folk for å få kabalen til å gå opp.

- Kven skal gjera den jobben som desse 15 reinhaldarane gjer ved Det odontologiske fakultetet i dag?

- Det er eit eksternt reingjeringsbyrå som vil gjera den jobben dei i dag gjer, stadfestar han.

Emneord: Arbeidsforhold, Fakultetene Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2004 09:39 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere