Forskar for livet

For få medisinarar blir forskarar. Ei legestilling har hatt større appell enn ein forskarkarriere. Difor etablerte UiO Den medisinske forskarlinja i 2002. - Eg vil framleis bli lege, men gjerne i kombinasjon med forsking, seier student Mari Asphjell Bjørnaas .

NØGDE MED FORSKARLINJA: Stipendiat Sigurd Erik Hoelsbrekken, studiekonsulent Maje Siebke, dagleg leiar Jarle Breivik og student Mari Asphjell Bjørnaas.
Foto: Ståle Skogstad

- Eg har lært å tenkja akademisk og stilla spørsmål ved etablert praksis og behandlingsmetodar, seier doktorstipendiat Sigurd Erik Hoelsbrekken. Han er ein av dei fire som nyleg er uteksaminerte frå Forskarlinja.

I dag går 48 medisinstudentar på Forskarlinja. Dei får alle stipend frå Forskingsrådet i tillegg til vanleg lån og stipend frå Lånekassa. Og dei medisinarane som ynskjer å bli forskarar, må forlata kullet sitt og via seg heilt til forskarstudiet frå det fjerde eller sjette semesteret på medisinstudiet. I eitt år forskar dei på heiltid. Deretter held dei fram med medisinstudiet medan dei forskar ved sidan av. Studiet deira blir dermed forlengja med eitt år. Fordelen er at det året blir godkjent som spesialistutdanning.

- Det var den dårlege rekrutteringa av medisinske forskarar med bakgrunn frå medisinstudiet som var grunnen til at denne linja blei etablert. Altfor få kunne tenkja seg å bli forskarar. Og etter ein litt tung start med ein del økonomiske vanskar, er Forskarlinja no komen skikkeleg i siget, fortel dagleg leiar Jarle Breivik til Uniforum. - Det er ikkje minst takka vera grunnarbeidet til den tidlegare daglege leiaren John Arne Røttingen, legg han til. Saman med studiekonsulent Maje Siebke har Breivik ansvaret for alle dei medisinstudentane som satsar på ein forskarkarriere.

- Ville fordjupa seg

Ein av desse studentane er Mari Asphjell Bjørnaas.
-Eg fekk sjansen til å bli med på eit prosjekt som eg syntest var så interessant at eg ville fordjupa meg meir enn det eg kunne med berre ei hovudoppgåve. Difor byrja eg å jobba med prosjektet mitt med forskarlinja for auga. Likevel vil eg framleis bli lege, men gjerne i kombinasjon med forsking. Det er grunnen til at eg driv på med klinisk forsking på sjukehus, fortel ho.

Tidleg rekruttering

Studentane søkjer seg altså inn på forskarlinja etter det fjerde eller sjette semesteret av medisinstudiet.

- Det er ein stor fordel å få sikta dei inn mot ei doktorgradsutdanning så tidleg som mogleg. Me har difor gjort tobakksindustrien sitt gamle slagord til vårt: catch them young, catch them for life, spøkjer Breivik. - Teoridelen på doktorgradsprogrammet er difor integrert i dette studiet.

- Dessutan får dei tilbod om seminar der studentane held innlegg for kvarande og der forskarar frå ulike felt held foredrag. Før studentane kan ta endeleg eksamen, må dei ha skrive ein eller fleire artiklar som dei må ha fått publiserte i eit vitskapleg tidsskrift, forklarar Breivik.

- Akademisk ballast

Sigurd Erik Hoelsbrekken er ein av dei første som blei uteksaminert frå forskarlinja. Han var komen i gang med eit doktorgradsarbeid allereie før han var ferdig med siste eksamen, og han synest han har forskarlinja å takka for det.
- Nei, eg ville ikkje ha vore denne røynsla forutan. Me fekk nemleg med oss viktig akademisk ballast i tillegg til klinisk skulering. Du blir dessutan meir open for å gå dine eigne vegar i staden for å gjera akkurat det same som alle dei andre. Eg vil absolutt tilrå andre legestudentar å nytta dette tilbodet, reklamerer han.

- I dag er det så stor rift om dei mest attraktive legestillingane ved dei største sjukehusa at du må ha ein doktorgrad for å nå opp, legg han til.

- Forlét kullet sitt

Maje Siebke har nær kontakt med studentane og ser at dei også ofrar ein del.

- Dei forlét jo medisinkullet sitt som dei var saman med dei tre første åra av medisinstudiet. Her må dei etablera ein ny vennekrins, og difor prøver me også å skapa ei kullkjensle blant dei studentane som går på forskarlinja. Dei må dessutan stå litt på for å bli sett og ikkje oversett av forskarane. Oppgåva vår blir å passa på at forskarmiljøa fylgjer opp desse studentane på ein god måte, fortel Siebke.

Jarle Breivik legg ikkje skjul på at det også finst andre ulemper.
- Det vil jo ta lengre tid for dei å få ein overlegestilling i høve til dei som dei byrja medisinstudiet med. Fordelen er at kvar av dei får 90 000 kroner i året i stipend frå Forskingsrådet og Kreftforeininga i tillegg til rett til fullt lån og stipend i Lånekassen det året dei forskar på heiltid. Dei åra dei gjer det på deltid får dei 45 000 kroner i året. Det gjer det også lettare for dei å bruka sommarferiane til forsking i staden for å ta seg ein sommarjobb, konstaterer han.

Ynskjer kvar tiande student

Førebels har ti studentar blitt tatt opp på forskarlinja kvart semester.

- Målet vårt er at ti prosent av dei 105 studentane som blir tatt opp kvart semester skal søkja seg inn på forskarlinja. Til no har det vore samsvar mellom tilbod og etterspurnad. Me håpar det skal bli enda meir populært etter kvart, seier Breivik. Og rekrutteringa til linja skal starta frå første dag av medisinstudiet.

- Me har reklamert for Forskarlinja for førstesemestersstudentane og nokon av dei har allereie tatt kontakt med oss, fortel Siebke. Alle studentane må skriva ein vitskapleg artikkel og få den publisert i eit forskingstidsskrift.

Fekk publisert artikkel

Sigurd Erik Hoelsbrekken er godt nøgd med at han fekk publisert artikkelen sin i cutting edge-seksjonen i Journal of Immunology.

- Den viser at kloning av nye genar har avdekka ei rekkje nye reseptorar, og desse reseptorane er viktige for cellene sin funksjon i immunforsvaret. Kjennskap til desse reseptorane har nyleg ført til betra behandlingsmetodar for blant anna ei bestemt form for leukemi. Dette dømet viser at avstanden mellom grunnforsking og klinisk behandling ofte er liten, er konklusjonen hans.

Sjølvpåført forgifting

Mari Asphjell Bjørnaas er godt i gang med forskingsoppgåva si, sjølv om ho ikkje har så lang fartstid som forskarstudent.

- Eg forskar på sjølvpåført forgifting i Oslo og Akershus. Det handlar i stor grad om rus eller sjølvmordsforsøk ved bruk av tablettar eller rusmiddel. Målet mitt er å finna ut kva signal som kan varsla slik tidleg død og vurdera kva som er den beste oppfylginga me kan tilby desse pasientane, fortel ho.

- Berre i løpet av eitt år fører sjølvpåført forgifting til om lag 1000 sjukehusinnleggingar i Oslo. Om me tar med dei som blir innlagde på grunn av overdose, vil det samla talet på utrykkingar auka til om lag 2000, har ho funne ut.

Forskarlinja er blitt kritisert for å dela medisinstudentane inn i eit A-lag og eit B-lag.
- Formålet vårt har aldri vore å vera ein eliteskule. Det skal vera eit tilbod til alle studentar som er ekstra nyfikne. Målsetjinga vår er å skapa mindre distanse mellom forskarar og klinikarar. Difor ynskjer me å auka engasjementet for forsking blant studentane, og håpar me kan vera ein kime til auka samarbeid og meir opne haldningar ved dette fakultetet, seier Breivik og Siebke.

Fakta om Den medisinske forskarlinja:
- etablert i 2002
- skal betra rekrutteringa av medisinarar til forsking
- tar opp 10 studentar kvart semester
- studentane byrjar på linja etter 4. eller 6. semester
- kvar student får 90 000 kroner i stipend frå Forskingsrådet
- studiet tar eitt år lenger enn medisinstudiet
- det ekstra året blir godkjent som spesialistutdanning

Studieplanen til Forskarlinja:
Modul 1: Grunnkurs i medisinsk forskingsmetode
Modul 2a: Praktisk metodekurs i laboratorieforsking
Modul 2b: Praktisk metodekurs i klinisk og samfunnsmedisinsk forsking
Modul 3: Forskarlinjeseminar og skriftlege innleveringar
Modul 4: Fordjupingskurs
Modul 5: Forskingsoppgåve

(Kjelde: Informasjonsbrosjyren om Forskarlinja)

Emneord: Fakultetene, Medisin, Studentforhold, Forskning Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2004 11:19 - Sist endra 10. des. 2008 15:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere