Knut Bjørlykke heidra i USA

Professor Knut Bjørlykke ved Institutt for geofag er tildelt utmerkinga "Distinguished Educator Award" av den amerikanske foreininga for petroleumsgeologar (AAPG). Han får denne æra på grunn av dei faglege bidraga sine til geologifaget.

Dette er ein utmerking som heng høgt og viser at UiOs utdanning og forsking på dette feltet er i verdsfronten. Til saman har han undervist på ulike universitet i 40 år.

Dei siste 20 åra har han arbeidd som professor i sedimentologi og petroleumsfag ved Universitetet i Oslo. Tidlegare har han vore professor ved Universitetet i Bergen, og han har også undervist ved Makere University i Ugandas hovudstad Kampala.

Bjørlykke har skrive lærebøker om både sedimentologi og petroleumsgeologi. Dessutan har han fått Statoils forskingspris, og er to gonger blitt tildelt utmerkinga AAPG Distinguished Lecturer. Han er også æresmedlem i Geological Society of London.

Emneord: Forskning, Priser
Publisert 12. mai 2004 10:17 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere