Startar USA-senter i Serbia
Universitetet i Beograd etablerer eit senter for amerikanske studiar med assistanse frå førsteamanuensis Ole Moen ved Institutt for britiske og amerikanske studiar, UiO. - Det er på tide at me får meir kunnskap om USAs utanrikspolitikk og kultur, seier prodekan Dragan Simic ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

- Det er som leiar av Den europeiske foreininga for amerikanske studiar (EAAS) at eg er blitt spurt om å delta i oppbygginga av dette studiet, seier Ole Moen til Uniforum.
Det var Den amerikanske ambassaden i Beograd og det amerikanske utanriksdepartementet i Washington som bad prodekan Dragan Simic om å ta kontakt med Moen.
- Då eg sende ein førespurnad til han i februar, inviterte han meg over til Oslo slik at me kunne planleggja dette i fellesskap. No vil me også be han om å vera gjesteforelesar, seier Simic til Uniforum.
Senteret, som vil vera ein realitet frå semesterstart 1. oktober, skal tilby emne som amerikansk utanrikspolitikk og kultur. Han ynskjer å trekkja vekslar på det nye studieprogrammet i Nord-Amerikastudiar ved Institutt for britiske og amerikanske studiar når studieopplegget i Beograd skal setjast saman. Simic peikar på at instituttet har meir enn 50 års røynsle på området.
2,5 millionar serbarar i USA
- I dag bur det rundt 2,5 millionar serbarar i USA, og me håpar at dei kan fungera som ei bru mellom oss og resten av det amerikanske samfunnet. I over hundre år hadde Serbia/Montenegro eit godt forhold til USA. Det er først dei siste ti åra me opplevde å koma i konfrontasjon med denne supermakta.
- Korleis ser serbarar på USA i dag etter at landet deltok i bombinga av Beograd i 1999?
- Det var svært harde kjensler overfor USA i lang tid etterpå. No forstår dei fleste at dette skjedde på grunn av politikken til Milosevic-regimet, meiner Simic.
- I mange år leid me under at me ikkje kunne nok om amerikansk tankesett og politikk. Anten folk er imot eller for den amerikanske politikken er det viktig for dei å setja seg inn i kva den går ut på før dei tar stilling. Med eit senter for amerikanske studiar blir det lettare for oss å forstå kvifor amerikanske politikarar handlar som dei gjer, understrekar han.
- Stor interesse
Også blant studentar i Serbia er det stor interesse for USA-studiar.
- Ja, globaliseringa har ført til at det er stor interesse for både amerikansk språk, altså engelsk, musikk og anna kultur også i Serbia. Men dei første som får høve til å ta fag ved det planlagde senteret, er doktorgradsstudentar. Seinare vil me gi tilbod til studentar på master- og bachelor-nivå, seier Simic. Dermed kan dei førstnemnte etter kvart fungera som lærarar for studentane på lågare grad, konstaterer han.
Positivt inntrykk av Noreg
Simic har aldri vore i Noreg tidlegare. Men han har høyrt mykje positivt om landet frå foreldra og besteforeldra sine.
- Dei fortalde meg mykje om det spesielle forholdet mellom nordmenn og jugoslavar under Den andre verdskrigen, då mange av mine landsmenn blei haldne i fangenskap i tyske fangeleirar i Noreg. I samband med krigshandlingane i det tidlegare Jugoslavia blei nordmennene med Thorvald Stoltenberg i brodden, kjende som fredsskaparar, fortel Simic, som håpar å få til eit samarbeid med kollegaer i Kroatia og andre delar av Balkan. Første punkt på programmet er å danna ei regional foreining av Den europeiske foreininga for amerikanske studiar.
- Målet er at også amerikanske forskarar skal koma til senteret for å halda gjesteforelesingar, fortel han. Til saman har Universitetet i Beograd 65 000 studentar. 3000 av dei studerer ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, som det nye Senteret for amerikanske studiar skal bli ein del av. Tidene har endra seg også i Serbia. Eit godt prov på det er at Simics tur til Noreg blei dekka av USAs ambassade i Serbia.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere