Mikroteknologilaboratoriet endeleg opna

- Forskinga her bør utviklast vidare til nyskapingsidear som kan spela ei viktig rolle for morgondagens industri. Det sa statssekretær Helle Hammer i Nærings- og handelsdepartementetet, då ho opna det nye Mikro- og nanoteknologilaboratoriet (MINaLab) i Gaustadbekkdalen tysdag 20. april.

HAMRA TIL: Senteret blei opna ved at statssekretær Helle Hammer i Nærings- og handelsdepartementet knuste ei CD-plate med logoen til senteret.
Foto: Grethe Tidemann

Den nye laboratoriebygningen kostar nær ein kvart milliard kroner når alt utstyret er inkludert. Laboratoriet er dermed ein av dei største enkeltsatsingane for norsk forsking sidan Den andre verdskrigen.

Etter planen skulle senteret ha opna i desember 2002, men på grunn av problema med å få laboratoria vibrasjonsfrie, måtte opninga utsetjast. Laboratoriet er finansiert av Nærings- og handelsdepartementet via Noregs forskingsråd og SINTEF. SINTEF og Universitetet i Oslo vil driva laboratoriet i fellesskap.

- Kan auka nyskapinga

Statssekretær Helle Hammer la vekt på den sterke økonomiske satsinga under opningstalen sin.

- Ei investering på 240 millionar kroner er på ingen måte noko mikroløft, men eit svært stort løft for staten. Men me gjer det fordi me veit at det kan auka nyskapinga ved norske bedrifter. Det viser ikkje minst eit selskap som SensoNor og andre bedrifter i Vestfold, som tidleg satsa på mikroteknologi, understreka ho.

Deretter fekk ho utlevert ein hammar som ho brukte til å knusa ei CD-plate som bar logoen til senteret. Dermed var Mikro- og nanoteknologilaboratoriet offisielt opna.

Senter for framifrå innovasjon

Direktøren for Noregs forskingsråd, Christian Hambro lanserte ideen om å gå eit steg vidare i satsinga på senter for framifrå forsking.

- Det neste store prosjektet må bli å satsa på senter for framifrå innovasjon eller nyskaping. Fagmiljøet ved dette senteret vil vera i fremste rekkje i konkurransen om å få ein slik status, konstaterte han.

- Kan løfta saman

Rektor Arild Underdal ved UiO vedgjekk at han hadde venta lenge på denne dagen.

- Svært lenge faktisk, understreka han, før han viste til at realiseringa av Mikro- og nanoteknologilaboratoriet sluttar seg fint inn i satsinga på funksjonelle materialar ved UiO. - Dette syner at både SINTEF, Forskingsrådet og UiO kan løfta saman når me bestemmer oss for det, sa universitetsrektoren.

Det er forskarar frå SINTEF og forskarar og studentar frå UiO som kjem til å ha sin daglege arbeidsplass på senteret. Strenge krav til reinleik og vibrasjonsdemping har gjort bygginga av laboratoriet til eit av dei mest kompliserte byggjeprosjekta i Noreg til no. Ekspertar frå mange land har difor vore henta inn for at den siste teknologien på området skulle takast i bruk. Bygget er på over 5000 kvadratmeter og er sett saman av to reint rom laboratorium og kontorplassar til 35 personar.

Emneord: Mikro- og nanoteknologi, Forskning Av Martin Toft
Publisert 20. apr. 2004 17:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere