Med kunnskap til å leia

- Dette studiet har vist oss kor viktig det er med god leiing innanfor høgare utdanning. Det seier Martha Sauri Lütken frå Mérida i Mexico, Ernest Osei Poku frå Kumasi i Ghana og Jianmin Tang frå Xian i Kina. Medan Osei Poku er førsteårsstudent, er dei to kvinnene i ferd med å avslutta det to år lange masterkurset om høgare utdanning ved UV-fakultetet.

LEIANDE ROLLE: Både Martha Sauri Lütken, Ernest Osei Poku og Jianmin Tang har ambisjonar om å spela ei leiande rolle innan høgare utdanning.
Foto: Ola Sæther

Det engelskspråklege kurset Master Programme on Higher Education blei starta opp for to år sidan. Studiet er eit samarbeid mellom sju europeiske universitet. Målet er å gi studentane den kunnskapen dei har behov for når dei seinare går inn i leiande stillingar i høgare utdanning i heimlanda sine eller i ein internasjonal organisasjon. Studentane kjem frå både Europa, Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Godt nøgde

Dei tre studentane frå Ghana, Kina og Mexico er svært nøgde med utbytet av kurset.
- Det har hatt eit svært vidt perspektiv, og både studentar og forelesarar har vore opne for alle typar synspunkt. Sjansen eg har fått til å sjå det norske utdanningssystemet utanfrå med europeiske briller, har også vore svært nyttig, synest Martha Sauri Lütken. Ernest Osei Poku legg også vekt på ein annan ting.

- Eksamensoppgåvene var grunnlagt på rettferd og ikkje på etnosentrisme. Det var ikkje mogleg å sjå at kvinna som hadde laga eksamensoppgåvene, var norsk. I det heile tatt har ingen delar av kurset vore prega av etnosentrisme, konstaterer han.

Jianmin Tang er oppteken av måten forelesingane har vore organiserte.
- Eg er imponert over korleis lærarane har oppmuntra studentane til å delta i forelesingane. Systemet har vore svært fleksibelt. Dei analytiske evnene mine har også blitt mykje betre utvikla etter desse to studieåra, er ho overtydd om.

- Og den skriftlege akademiske framstillingsevna vår er blitt mykje betre. Personleg har eg blitt mykje flinkare til å argumentera for meiningane mine, slår Osei Poku fast.

- Skeptisk til at alt skal målast

Alle har fylgd med på gjennomføringa av Kvalitetsreforma i Noreg. Ikkje minst Martha Sauri Lütken, som både er norsk statsborgar og som tidlegare jobba for Det norske Veritas, og framleis arbeider deltid for selskapet.

- Eg er skeptisk til at alle ting skal målast og at alle institusjonar skal handsamast likt. Dessutan er eg uroa over at det berre blir lagt vekt på dei verdiane som lett kan målast. Dette studiet har gitt meg eit breiare bilete av høgare utdanning som er eit viktig supplement til liknande program ved bedriftsøkonomiske institusjonar som BI og NHH.

- Eg trur at ein av tankane bak dette studieprogrammet er at me treng leiarar som forstår akademiske institusjonar som UiO, slik at desse kan tilpassa seg endringar utan å mista eigenarten og grunnverdiane sine, meiner Sauri Lütken.

Høge ambisjonar

Dei er einige om at dersom eit land skal ha eit høgt nivå på dei høgare utdanningsinstitusjonane sine, er det avhengig av at dei har flinke leiarar på toppen. Det har dei alle tre ambisjonar om å bli.

- Eg håpar å få jobb i administrasjonen til ein lærestad eller i Utdannings- og forskingsdepartementet, avslører Sauri Lütken.

- Min plan er å dra tilbake til Universitetet i Xian og bli forskar på høgare utdanning, seier Tang.

- Og eg skal prøva å skaffa meg ein Ph.D.-grad ved Universitetet i Oslo, før eg drar tilbake til Ghana, der eg gjerne tar på meg vervet som utdanningsminister, fortel Osei Poku.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Internasjonalisering, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 21. apr. 2004 14:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere