Norum rasar over UD-flause

Utanriksdepartementet held på å setja alt vidare samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Waseda-universitetet i Tokyo i fare. Ei manglande løyving frå UD har ført til at eit forskingsprosjekt mellom UiO og dette prestisjetunge japanske universitetet no må skrinleggjast. Universitetsrektor Kaare R. Norum rasar over lovnadsbrotet til UD.

Rektor Kaare R. Norum meiner ei manglande løyving frå UD set samarbeidet mellom Waseda-universitetet i Japan og Universitetet i Oslo i fare.
Foto: Ståle Skogstad

- Dette fører til at UiO kjem dårleg ut overfor Waseda-universitetet, seier Norum. I kong Haralds tale på Waseda-universitetet under statsbesøket i mars blei det stadfesta at det skulle opprettast ein forskarstilling i Noreg i tilknyting til det norsk-japanske forskingsprosjektet "De bilaterale forbindelser mellom Norge og Japan 1905 -2005." Prosjektet, som skulle utførast ved UiO med ekstern finansiering, blei lansert av ambassadør Odd Fosseidbråten i Tokyo i samband med dette statsbesøket.

Budsjettet skulle vera på 3,4 millionar kroner og den eine halvparten av prosjektet skulle finansierast av UD, medan den andre halvparten skulle finansierast av Forskingsrådet. 26. november fekk rektor Kaare R. Norum eit brev frå avdelingsdirektør Jan Gerhard Lassen i Utanriksdepartementet der han orienterer om at UD likevel ikkje kan delta i finansieringa av dette prosjektet. Grunngjevinga er at Forskingsrådet har trekt tilbake løyvinga si til dette forskingsprosjektet.

Det har fått rektor Kaare R. Norum til å skriva eit uvanleg skarpt brev tilbake til UD, der han frikjenner Forskingsrådet for all skuld, og gir Utanriksdepartementet heile ansvaret for at det ikkje er blitt noko av dette forskingssamarbeidet.

UD har tabba seg ut
- Det er Utanriksdepartementet som har tabba seg ut i denne saka og ikkje Forskingsrådet. Og det er klart at leiinga ved Waseda-universitetet og Japans ambassadør ikkje forstår nokon ting når norske styresmakter brått trekkjer tilbake ein lovnad som blei gitt i Hans Majestet Kongens tale på Waseda-universitetet i mars. Difor har eg også bede Utanriksdepartementet om å orientera Kongen om kva utfall denne saka har fått, seier ein opprørt UiO-rektor.

Orienterte Jagland

I august overrekte Norum eit notat om saka til dåverande utanriksminister Thorbjørn Jagland. I notatet etterlyste han Utanriksdepartementets del av finansieringa og viste til at Forskingsrådet allereie hadde lova å bidra med halvparten av det prosjektet ville kosta. I brevet uttrykte han også håp om at utanriksministeren personleg kunne sjå på saka slik at dei norsk-japanske sambanda ikkje blei skadelidande og at Kongen ikkje kom i "forlegenhet".

- Eg trudde at Thorbjørn Jagland ville forstå alvoret i denne saka, men no har det gått opp for meg at han berre ekspederte brevet vidare til ein avdelingsdirektør som gir heile skulda for skrinleggjinga av prosjektet på Forskingsrådet. Berre det at dei hevdar at dette er eit forskingssamarbeid mellom ein forskar ved Waseda-universitetet og UiO, viser jo at dei ikkje har forstått kva dette går ut på, seier ein oppgitt Norum.

-Brevet du har sendt til Utanriksdepartementet er ikkje prega av noko særleg diplomatisk språkbruk?

- Nei, eg ser ingen grunn til å vera diplomatisk lenger, ikkje minst på grunn av at UD urettmessig legg skulda på Forskingsrådet. Det er UiO som kjem til å lida på grunn av UDs manglande løyving. Deira ambassadør har lova noko, lagt det inn i talen til Kongen og så fylgjer ikkje Utanriksdepartementet dette opp. Resultatet er at Universitetet i Oslo kjem dårleg ut overfor Waseda-universitetet.
- Trur du UD kjem til å gjera noko med dette etter at dei har fått dette brevet frå deg?

- Nei, eg trur ikkje dei kjem til å gjera nokon ting, men det er svært viktig at dei ryddar opp overfor Japans ambassadør, Forskingsrådet og overfor Slottet, understrekar Norum.

Uniforum har utan hell prøvd å få ein kommentar til denne saka frå avdelingsdirektør Jan Gerhard Lassen i Utanriksdepartementet.

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2001 10:12 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere