Vararepresentantar til Kollegiet klare
Frederik Zimmer frå Institutt for offentleg rett blir første vararepresentant til Kollegiet i valperioden 2002-2004. Det viser den endelege oppteljinga av resultatet av kollegievalet for dei vitskapleg tilsette.
På dei neste plassane på vararepresentantlista kom dekan Jan Trulsen frå MN-fakultetet, Cathrine Fabricius Hansen frå Germanistisk institutt, Gunn Elisabeth Birkelund frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og Jens Gustav Iversen frå Instituttgruppe for medisinske basalfag.
Måndag kveld blei det klart at Kristian Gundersen frå Biologisk institutt, Gunnar Handal frå Pedagogisk forskingsinstitutt, Camilla Serck-Hanssen frå Filosofisk institutt, Harriet Bjerrum Nielsen frå Senter for kvinne- og kjønnsforsking og Gunnar Nicolaysen frå Instituttgruppe for medisinske basalfag er valde inn som faste representantar i Kollegiet for dei vitskapleg tilsette. Dermed er det klart at Jens Braarvig frå Institutt for kulturstudiar og Johan Elsness frå Institutt for britiske og amerikanske studiar, blir dei to einaste kandidatane som verken blir faste representantar eller vararepresentantar til Kollegiet.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere