Russarar studerer norsk i Russland

Ved elva Neva ligg Statsuniversitetet i St. Petersburg. 1500 studentar går på Det filologiske fakultetet, og 65 av dei finn du på Skandinavisk institutt som har hatt svensk og norsk på undervisningsplanen sidan høvesvis 1935 og 1945. Dei 16 tilsette underviser også i dansk og i nederlandsk!!!

Olga Ermakova står framfor Statsuniversitetet i St. Petersburg der ho arbeider som universitetslektor i norsk.
Foto: Ståle Skogstad

- Statsuniversitetet i St. Petersburg var det første universitetet i Russland som fekk eit eige Skandinavisk institutt, fortel styrar Boris Skarov på flytande dansk. Han er stolt over å fortelja at både kong Harald og dronning Sonja besøkte instituttet i 1998. Dessutan er han glad for støtta instituttet får frå dei nordiske universiteta.
- Dei skaffar oss datamaskinar og kopimaskinar, for staten dekkar berre utgiftene til lønningar og studentstipend. Vedlikehald av bygningar og utstyr må dei russiske universiteta kosta sjølve, fortel han til Uniforum.

Eit av dei beste

Dosent Aleksandra Livanova og universitetslektor Olga Ermakova er dei to norsklærarane ved instituttet. Ingen av dei trur at undervisninga i norsk og andre skandinaviske språk blir råka av den økonomiske krisa ved dei russiske universiteta.

- Det er det ingen fare for. Universitetsleiinga trekkjer alltid fram Skandinavisk insitutt som eit av dei beste institutta ved heile universitetet. Mange synest det er rart at me vil studera eit så lite språk som norsk, men for lingvistar er eit språk like viktig uavhengig av om det er 200 eller 200 millionar personar som snakkar det. For oss er norsk ein døropnar til dei andre skandinaviske språka, fortel Aleksandra Livanova. Sjølv byrja ho å studera norsk på slutten av Den kalde krigen. Det gjekk over 15 år frå ho hadde fullført studiane i norsk til ho kom til Noreg for første gong i 1991.

- Då fekk me ikkje lov til å reisa til Noreg. Dagens russiske norskstudentar får i alle fall lov til å reisa til Noreg og tala norsk, så sant dei får økonomisk støtte til det, seier ho.

Setesdal

Den dagen me var på besøk, skulle ho undervisa studentane i setesdalsdialekten. Ho hadde også transkribert ein tekst på setesdalsdialekt til den internasjonale lydskrifta. Ingen av dei fem kvinnelege studentane me trefte, klaga over at den var vanskeleg å forstå.

- Eg stiller alltid spørsmål om kva som er typisk for kvar einskild dialekt. For setesdalsdialekten er det altså dei korte stavingane, forklarar Livanova.

UiO-student

Kollegaen hennar, universitetslektor Olga Ermakova, har nyleg vore i Noreg. Ho fekk eit reisestipend frå kong Harald og dronning Sonja då dei var på besøk i 1998, og desse pengane finansierer reisene hennar til Noreg.

- I eitt år var eg student ved norsk for utlendingar ved Universitetet i Oslo. Det største utbytet eg fekk av opphaldet, var at eg fekk høve til å konversera og bli kjent med norsk kultur. Difor deltok eg også i Kvindelige Studenters Sangforening.

- Kvifor byrja du å studera norsk?

- Populærversjonen er at eg var ein stor tilhengjar av aha og prøvde å lesa alt eg kunne om denne popgruppa på engelsk. Når eg ikkje klarte å skaffa nok informasjon om gruppa på engelsk, måtte eg læra meg norsk slik at eg kunne lesa Aftenposten. Men den eigentlege grunnen er at begge foreldra mine er matematikkprofessorar, og sidan eg også kunne tenkja meg ein forskarkarriere utan at foreldra mine skulle få vita alt om det eg heldt på med, så måtte eg satsa på ein karriere på eit anna fakultet. Sidan eg kunne engelsk frå før, og sidan eg visste at Skandinavisk institutt var eit av dei beste institutta på Fakultetet for språk, valde eg å bli student der. Norsk var eit naturleg val fordi eg alltid har hatt stor sans for forfattaren J.R.R. Tolkien og trilogien Ringenes herre, og visste at han var inspirert av norrøn litteratur, fortel Olga Ermakova.

Heilag-Olav

Ho gjorde det så godt at ho fekk tilbod om stilling som universitetslektor i norsk før ho drog på eitt år langt studieopphald i Noreg i 1999. I dag held ho på med ei doktorgradsavhandling om kva rolle Heilag-Olav spelar i moderne norsk litteratur. No er ho i ferd med å bli ferdig med ei semesteroppgåve om trollviser, folkeeventyr og norsk folkedans.

- Eg synest det er flott at me lærer både om norsk kultur, geografi, politikk og økologi gjennom undervisninga i norsk, understrekar Olga Ermakova, som saman med Aleksandra gjerne vil senda ein takk til den tidlegare reklamesjefen ved Den Norske Opera, Jens Folkman og HF-dekan Even Hovdhaugen ved UiO, som har sendt dei bøker og anna materiell.

- Me kan berre senda dei kjærleik og varme tilbake og håpar dei set pris på det, seier dei i kor.

Fem norskstudentar i St. Petersburg

Alle dei fem russiske norskstudentane me treff, snakkar flytande norsk og er godt i gong med hovudoppgåver som lett kan ta pusten frå ein innfødd nordmann:

Varvara Khosroeva

- Eg skriv om Henrik Ibsens kvinnelege hovudpersonar i Fruen fra havet, Hedda Gabler og i Et dukkehjem. Oppgåva mi blir å samanlikna dei og finna likskapar og skilnadar.

Anna Kalugina

- Oppgåva mi går ut på å samanlikna tydinga av omgrepa hjarte, ånd og sjel i norsk og russisk ved å sjå på forskjellige omsetjingar. Til no har eg funne ut at russarar brukar meir sjel, medan nordmenn brukar meir hjarte i dei tekstane eg har sett på.

Anastassia Dussenkova

- Eg skriv om Sigurd Hoels roman Møte ved milepelen som handlar om korleis nordmenn oppførte seg under den nazistiske okkupasjonen under Den andre verdskrigen.

Natasja Andronova

- No held eg på å samla ord som karakteriserer eit menneske, som til dømes horebukk, pikenes Jens og lesehest. Desse orda står ikkje i ordbøkene, difor har eg tenkt å gi ut ei ordbok med slike kraftuttrykk.

Natasja Gorova

- Eg skriv på ei oppgåve som handlar om korleis oppfordringar og gestar blir uttrykte i norsk språk.

Emneord: Internasjonalisering, Russland, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2001 12:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere