Kristin Clemet lova lite

Kristin Clemet kan verken lova bygging av nye lokale til Institutt for informatikk eller tilsetjing av fleire universitetslærarar i samband med gjennomføringa av Kvalitetsreforma. Det kom fram på ein pressekonferanse i Utdannings- og forskingsdepartementet tysdag denne veka.

Pressekonferansen blei skipa til særskilt for universitets- og studentaviser. Men det var lite konkret statsråd Kristin Clemet kunne lova dei frammøtte pressefolka. Når det gjeld tidlegare statsråd Jon Lilletuns lovnad om å setja i gang bygging av nye lokale for Institutt for informatikk, UiO i Gaustadbekkdalen, kunne heller ikkje Clemet lova at noko vil bli gjort. Ho overlet dessutan til statssekretær Bjørn Haugstad å svara på det spørsmålet.

- Behovet for eit nybygg er overdokumentert, men å få det på plass vil sjølvsagt få budsjettmessige konsekvensar. Det eg i alle fall kan seia er at me har sett fokus på saka, sa Haugstad.

- Dei tilsette ved Institutt ved informatikk har svært kummerlege arbeidsforhold. Det har eg sett med sjølvsyn, la Clemet til.

Kvalitetetsreforma

Heller ikkje når det gjaldt Kvalitetsreforma kunne statsråden og statssekretæren gi klare svar på kva konsekvensar gjennomføringa av den ville få for dei tilsette og studentane ved universiteta og høgskulane. Uniforum ville gjerne vita om statsråden ville få til betre oppfylging av kvar student ved å tilsetja fleire universitetslærarar eller ved å redusera talet på studentar. Også dette spørsmålet fekk statssekretær Haugstad i oppgåve å svara på.

- Me held akkurat no på å jobba med ei melding om rekruttering av forskarar og universitetslærarar. Det er ikkje gitt at det blir behov for fleire personar etter at Kvalitetsreforma er blitt gjennomført. Det faktum at det skal bli ein raskare gjennomstrøyming av studentar og at studietida blir redusert med eit år i høve til i dag både når det gjeld lågare og høgare grad, kan føra til at det blir frigjort meir ressursar, og at det kanskje ikkje blir behov for fleire personar enn i dag for å fylgja opp kvar student, sa statssekretær Bjørn Haugstad.

Både Clemet og Haugstad viste til meldinga om den framtidige lærarutdanninga som blei lagt ut til høyring denne veka som eit døme på at satsinga på skulen allereie er i gang.

- Der kjem KUF med framlegg om at det blir færre obligatoriske fag for kvar lærarsstudent. Dessutan blir det enda meir fokusering på å gi studentane kunnskap om korleis lese- og skriveopplæringa i grunnskulen kan bli betre, sa Clemet. Høyringsfristen for meldinga er sett til januar 2002.

Ynskjer særlovselskap

Spørsmålet om kva organisasjonsform universiteta og høgskulane skal ha i framtida, svarte Kristin Clemet slik på:

- Stortingsfleirtalet gjekk i juni inn for at dei skulle bli statlege forvaltingsorgan med særskilde fullmakter. Eg vil gjerne sjå om det vil vera mogleg å gjera nokon av dei til særlovselskap også. Dermed blir spørsmålet om kva departementet kjem til å gå inn for når det gjeld om dekanar og instituttstyrarar skal tilsetjast i åremålsstilling eller veljast,mindre og mindre aktuelt etter kvart som institusjonane får meir og meir fridom, sa Clemet, som heller ikkje kunne lova spesielle tiltak ved universitet og høgskulane for å få opp interessa for framandspråk som tysk og fransk.

- Den interessa må vekkjast i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Difor må tiltaka setjast inn der, meinte Clemet, som ikkje kunne lova meir pengar til den nasjonale satsinga på funksjonell genomforsking (FUGE) enn dei 100 millionar kronene som Stoltenbergregjeringa foreslo på statsbudsjettet for år 2002.

- No er det næringslivet som må satsa enda meir på forsking og utvikling enn det gjer i dag. Det er også hovudårsaka til at Noreg ligg så langt nede på OECD-statistikken over kor mykje av bruttonasjonalproduktet som blir brukt til forsking. Difor kjem regjeringa til å fylgja opp Herstad-utvalet sitt framlegg om å lata bedriftene få trekkja pengar brukt på forsking frå på skatten. Men som det går fram av budsjettframlegget så skal det satsast 4 milliardar kroner meir på forsking dei neste åra i høve til i år, påpeika Clemet, som også viste til at den nye budsjettmodellen for universiteta vil premiera både undervisnings- og forskingskvalitet.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2001 16:46 - Sist endra 10. des. 2008 15:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere