Arild Underdal vann rektorvalet

Professor i statsvitskap, Arild Underdal (55)vann dagens rektorval ved Universitetet i Oslo med 51,91 prosent av stemmene. Motkandidaten Eivind Osnes fekk 48,09 prosent av stemmene. - Eg er glad for dette resultatet, og det faktum at det var så jamnt viser at me begge har fått ei tillitserklæring frå UiO, sa Underdal i sin første kommentar etter at resultatet var klart.

Rektorkandidat Arild Underdal t.v. blir gratulert med rektorvalsigeren av motkandidaten Eivind Osnes.
Foto: Ståle Skogstad

Til saman fekk han 47.04 prosent av dei vitskapleg tilsette sine stemmer, 55,61 prosent av dei teknisk/administrativt tilsette sine stemmer og 60,69 prosent av studentane sine stemmer. Det vil altså seia at det var stemmene til studentane og dei teknisk/administrativt tilsette som avgjorde rektorvalet til Underdals fordel. På grunn av ulik vekting tel stemmene til dei vitskapleg tilsette meir enn stemmene til studentane, medan stemmene til studentane tel meir enn stemmene til dei teknisk/administrativt tilsette.

Motkandidaten Eivind Osnes(63), som er fysikkprofessor, fekk 48 prosent av stemmene. Han hadde størst oppslutnad blant dei vitskapleg tilsette som gav han 52,96 prosent av stemmene. Hos studentane fekk han 39,31 prosent av stemmene, medan han fekk 44,39 prosent av stemmene til dei teknisk/administrativt tilsette. Valdeltakinga var berre på 4,58 prosent blant studentane, medan den låg på 46,49 prosent blant dei vitskapleg tilsette og på 42,76 prosent blant dei teknisk/administrativt tilsette.

Det er berre Arild Underdal av dei to kandidatane som har røynsle frå rektoratet ved Universitetet i Oslo frå før. Denne røynsla fekk han då han var prorektor i Lucy Smiths første rektorperiode frå 1993 til 1995. Den tida Lucy Smith var sjukmeldt, var Underdal også fungerande rektor.

Arild Underdal har vore fast tilsett ved UiO sidan 1973, og blei utnemnt til professor ved UiO i 1987. Før det var han professor ved Bedriftsøkonomisk institutt frå 1986 til 1987. Frå 1996 til 2000 var han nestleiar i hovudstyret til Noregs forskingsråd.

På det internasjonale planet er han no leiar for vitskapskomiteen for the International Human Dimensions Programme on Environmental Change. Dessutan har han leia komiteen som nyleg har evaluert statsvitskapleg forsking i Sverige.

Når Underdal no er valt til rektor, er det klart at farmasiprofessor Anne-Brit Kolstø blir prorektor. For Osnes var dette andre gongen han tapte eit rektorval. Sist han stilte opp, i 1998, blei han nummer to etter Kaare R. Norum med 40 prosent av stemmene etter siste valrunde. Ved neste rektorval i 2004, kan han ikkje stilla opp for då vil han gå av for aldersgrensa i løpet av rektorperioden.

Emneord: Universitetspolitikk, Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2001 14:38 - Sist endra 10. des. 2008 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere