- Dette er ei torpedering av stortingsvedtaket om å auka talet på eksterne representantar og redusera talet på representantar for dei vitskapleg og teknisk/administrativt tilsette i styra til universiteta, meiner Nyquist Borgeraas og Rand-Hendriksen. Dei viser til at universitetsdirektør Tor Saglie i eit brev til Kollegierådet har bede medlemane i rådet om å fylgja opp stortingsvedtaket ved å redusera talet på representantar frå vitskapleg tilsette frå 5 til 2, å redusera talet på representantar frå teknisk/administrativt tilsette frå 2 til 1, å auka talet på eksterne medlemar frå 2 til 4 og lata talet på studentrepresentantar vera det same som i dag, altså 2. Det vil altså redusera talet på kollegiemedlemar frå 13 til 11 inkludert rektor og prorektor. Universitetsdirektøren ynskjer å innføra denne endringa frå årsskifte for å sleppa omval om eitt år.
Arroganse
-Dei vitskapleg tilsette viser arroganse når dei ikkje vil gi frå seg fleirtalet i Kollegiet. eit godt døme på arrogansen til dei vitskaplege tilsette ved Universitetet i Oslo. Det blir heller ikkje betre av at prorektor Rolv Mikkel Blakar har sagt at det er viktig at dei vitskapleg tilsette har fleirtalet i Kollegiet i ein endringssituasjon. Me fryktar at dette vil bremsa arbeidet med Kvalitetsreforma, seier Rand-Hendriksen og Nyquist Borgeraas. Dei meiner dette kan få store fylgjer for framtida til universitetet.
- Det skal eigentleg vera nytt val på Kollegium om eitt år, og det virkar som om nokon trur at eit mogleg regjeringsskifte vil gjera at Kvalitetsreforma forsvinn. Framlegget om å få inn fleire eksterne medlemar i Kollegiet har støtte av eit fleirtal i Stortinget sett saman av Arbeidarpartiet, Sentrumspartia og SV. Det var berre Høgre og FrP som røysta mot dette forslaget. Universiteta er no i ein endringsprosess, og viss UiO ikkje fylgjer opp stortingsvedtaket i denne reforma, kan det risikera å bli akterutsegla av dei andre universiteta. Når me påpeikar dette, blir me møtt med at me er studentar som ikkje veit vårt eige beste. Så lenge dei vitskapleg tilsette har fleirtal i Kollegiet, vil dei i for stor grad representera sine eigne interesser, og ikkje gjera alt dei kan for å gjera det som er best for universitetet. Difor meiner me det er positivt at Stortinget har gått inn for å auka talet på eksterne representantar slik at inga gruppe vil ha fleirtal åleine i Kollegiet, understrekar dei to studentrepresentantane.
Aksjonerer
- Dersom samansetjinga av Kollegiet vil halda fram med å vera
som i dag, kjem ikkje dei naudsynte endringane til å bli
sette i verk. Det er grunnen til at me vil aksjonera under
det ekstraordinære møtet i Kollegierådet på fredag.
- På kva måte vil de aksjonera?
- Det ynskjer me ikkje å avsløra før under møtet, seier
Rand-Hendriksen og Nyquist Borgeraas.
Logg inn for å kommentere