Studentane marsjerte ut frå Kollegierådet

Alle dei åtte studentrepresentantane i Kollegierådet marsjerte fredag 7. september ut frå møtet i protest mot at dei vitskapleg tilsette ikkje ville stemma for å endra samansetjinga av Kollegiet. - Det var det tristaste møtet eg har opplevd så lenge eg har site i rektoratet, seier prorektor Rolv Mikkel Blakar.

Studentane Torstein Lindstad, Morten Rand-Hendriksen, Marianne Dal og Ingvild Nyquist Borgeraas marsjerte ut frå Kollegierådet.
Foto: Martin Toft

Møtet i Kollegierådet enda med at framlegget frå universitetsdirektør Tor Saglie om å endra samansetjinga av Kollegiet fall etter at 17 av dei 19 medlemane stemte imot det. Dette framlegget gjekk ut på å erstatta dagens 13 mann store kollegium med eit nytt kollegium med 11 medlemar. I det nye kollegiet ville talet på eksterne representantar bli auka frå 2 til 4, medan talet på representantar frå dei vitskapleg tilsette ville bli redusert frå 5 til 2, og talet på representantar frå dei teknisk/administrativt tilsette ville bli redusert frå 2 til 1. Talet på studentrepresentantar ville vera 2 akkurat som i dag. Dette framlegget var det altså eit klart fleirtal imot i Kollegierådet. Berre Kollegierådets leiar Stein A. Evensen og pedagogikkprofessor Kjell Skogen stemte for det.

Protokolltilførsel

Eit benkeforslag frå kjemiprofessor Walter Lund om ikkje å la framlegget koma opp til votering, fall med to mot 17 stemmer. Då studentane såg at framlegget til universitetsdirektøren ikkje ville få fleirtal, la dei fram ein protokolltilførsel der dei skarpt kritiserte haldninga til dei vitskapleg tilsette.

- Dei vitskapleg tilsette brukar fleirtalet sitt i Kollegierådet for å hindra at dei mister fleirtalet i Kollegiet, hevdar Morten Rand-Hendriksen og Ingvild Nyquist Borgeraas, som representerer studentane i Kollegiet. Begge forsvarar at alle studentrepresentantane i Kollegierådet marsjerte ut i protest mot at fleirtalet av dei vitskapleg tilsette ikkje var villige til å endra samansetjinga av Kollegiet slik universitetsdirektør Tor Saglie gjorde framlegg om. Under debatten i Kollegierådet, hevda professor i statsvitskap, Tore Hansen at det ville vera altfor tidleg å gjera eit vedtak om å endra samansetjinga av Kollegiet no.

- Etter stortingsvalet kan det godt henda det vil sitja ein Høgrerepresentant i statsrådsstolen i KUF. Då er det ikkje sikkert at det blir lagt fram nokon proposisjon som vil føra til endring av samansetjinga av Kollegiet, meinte Hansen. Han fekk støtte av SV-dekan, Marit Melhuus.

- Det har vore mykje snakk om signaleffekten om me ikkje gjer noko endeleg vedtak i dag. Men om denne saka ikkje hadde kome opp på møtet i Kollegierådet i dag, så ville den heller ikkje gitt nokon signaleffekt. Samansetjing av Kollegiet har ingenting å gjera med om universitetet er ope eller ikkje. Eg synest ei slik avgjerd ville vera å foregripa ein prosess som me enno ikkje veit utfallet av, sa Melhuus. Og ho var ikkje den einaste av medlemane i Kollegierådet som brukte sterke ord.

- Eg føler meg litt manipulert av at denne saka kjem opp i Kollegierådet i dag, sa dekan Jan Trulsen ved MN-fakultetet.- Å auka talet på dei eksterne representantane i Kollegiet kan vera ein god idé, men når eg likevel stemmer imot endringa av kollegiesamansetjinga i dag, er det fordi eg meiner det er altfor tidleg å gjera denne endringa no.

Lobbyistar og policymakers

Pedagogikkprofessor Kjell Skogen var av heilt motsett oppfatning.
- No er det så viktig med økonomisk innsikt og med lobbyistar og policymakers at eg ser det som ein stor fordel om me fekk inn fire eksterne representantar i Kollegiet. Dei ville ha gått rundt og sagt til omverda at "dette er mitt universitet". Det er grunnen til at eg meiner me bør gambla på dette og stemma for framlegget frå universitetsdirektøren, sa Skogen. Men til slutt var det altså berre Kjell Skogen og Stein A. Evensen som stemte for å endra samansetjinga av Kollegiet.

- Det viser at dei vitskapleg tilsette gjer ein stor feil og gjer det klart for heile verda at dei fryktar endringar. Dessutan synest me at dei vitskapleg tilsette til tider oppførte seg svært respektlaust overfor oss, spesielt då dei sat og hånlo medan studentrepresentant Torstein Lindstad las opp protokolltilførselen vår før me marsjerte ut frå møtet, seier Rand Henriksen og Nyquist Borgeraas. Dei viser til at også Kollegierådets leiar Stein A. Evensen vedgjekk at det blei brukt ord av dei vitskapleg tilsette som kunne få studentane til å føla seg mindre viktige enn dei andre representantane som sit i Kollegierådet.

Politisk ytring

- Heile aksjonen er ei politisk ytring frå vår side fordi me ville demonstrera kor arrogante me synest det er at dei vitskapleg tilsette vil bruka fleirtalet sitt i Kollegierådet for å hindra ei ny samansetjing av Kollegiet. Me fekk inntrykk av at dei ser på oss som jyplingar som ikkje veit kva me held på med. Men det er me som har kontakt med KUF, og som veit kva dei politiske signala går ut på, noko som er årsaka til at både Noregs landbrukshøgskule; Noregs idrettshøgskule og NTNU i Trondheim allereie har endra samansetjinga av sine styre. Universiteta i Tromsø og Bergen kjem truleg til å gjera det same. Slik kan mastodonten Universitetet i Oslo risikera å bli akterutsegla av cabincruisaren Universitetet i Bergen. Dermed blir det dei vitskapleg tilsette som til slutt kjem til å bli sitjande igjen med skjegget i postkassen, meiner Rand-Hendriksen og Nyquist Borgeraas.

Det tristaste møtet

Etter møtet trefte me ein nedtrykt prorektor Rolv Mikkel Blakar, som gjerne ville understreka at han berre har talerett og ikkje stemmerett i Kollegierådet.
- Dette var det tristaste møtet eg har opplevd sidan eg blei med i rektoratet. Trass i ein god og avklarande diskusjon, så førte studentane sitt behov for ei politisk markering til at denne prosessen fall uheldig ut for oss. Rektoratet har til no hatt god kontakt med studentane, og eg håpar ikkje denne saka vil øydeleggja dette samarbeidet, seier Blakar. - Men no er det viktig å få sett i gang dialogen igjen mellom alle partar ved vårt samansette universitet, understrekar han.

- Kva synest du om møteleiinga til Kollegierådets leiar Stein A. Evensen?

- Eg trur det er svært dumt å leita etter syndebukkar i ein slik tungvint prosess som dette vil bli. No må me reetablera grunnlaget for god samhandling, meiner Blakar.

Også Stein A. Evensen kritiserer protestaksjonen til studentane.
- Aksjonen var beklageleg og har svekka oss som meiner ny kollegiesamansetjing bør gjennomførast no. Studentane må vera med også når avgjerda går imot dei, seier Evensen.

- Kva synest du om at medlemar av Kollegierådet kritiserte deg for møteleeiinga di?

- Kritikken av møteleiinga oppfattar eg som ein del av interessemotsetninga, meiner Evensen.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2001 15:14 - Sist endra 10. des. 2008 15:52

Logg inn for å kommentere