Skal redda tyskfaget

- Dette er draumejobben min. Det finst ikkje nokon meir meiningsfull jobb enn å hjelpa til med å fremja interessa for tysk språk og kultur i Noreg. Det seier 30 år gamle Åse Frivold som denne månaden blei tilsett som koordinator ved det nyoppretta Nasjonalt ressurssenter for tysk.

Åse Frivold er ressurskoordinator for Nasjonalt ressurssenter for tysk.
Foto: Martin Toft

Hovudoppgåva til Nasjonalt ressurssenter for tysk er å arbeida for utvikling av tysk språk- og kulturkunnskap i Noreg. I løpet av dei siste fem åra er talet både på tysk- og franskstudentar ved norske universitet og høgskular halvert. Berre mellom 30 og 40 tyskkandidatar i heile landet tar praktisk-pedagogisk utdanning denne hausten, skriv tidsskriftet Skolefokus. Samtidig har talet på elevar som vel fordjuping i tysk i den vidaregåande skulen gått tilbake med 40 prosent frå 1997 til 1999.

I grunnskulen droppar kvar tredje elev tysk før dei når 10. klasse. Som om ikkje det skulle vera gale nok, er hovudtyngda av dei lærarane som i dag underviser i tysk over 50 år. Dette er bakgrunnen for at Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo på eit møte i Det nasjonale fagråd for tysk i 1997 kom med framlegg om å oppretta eit ressurskontor for tysk som kunne samordna informasjons- og rekrutteringsarbeidet for tyskfaget. Framlegget var inspirert av tilsvarande verksemd for fransk og dei klassiske språka latin og gresk. Universitetet i Oslo slutta seg til framlegget første gong det blei fremja, men initiativet til Germanistisk institutt i 1997 stranda på manglande finansiering. I fjor haust gjekk universiteta og høgskulane i Noreg inn for å delfinansiera ressurssenteret med lovnad om at også Utanriksdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet skulle gi økonomisk støtte til dette prosjektet.

Det er bakgrunnen for at Nasjonalt ressurssenter for tysk frå denne månaden er etablert i lokala til Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo. Førebels er ressurskoordinator Åse Frivold frå Arendal den einaste tilsette ved dette senteret. Ho er cand. philol. med hovudfag i tysk og har dei siste sju åra budd i München. Frivold er full av entusiasme og ser det som ei stor utfordring å auka interessa for tysk her i landet, og ho vil gjera alt ho kan for å motivera fleire elevar til å velja tysk i skulen.

Tysk påverknad i Noreg

- Eg vil visa kor viktig tysk har vore som originalspråket i skriftene til mange store vitskapsmenn som til dømes atomfysikaren Albert Einstein, psykoanalysen sin far, Sigmund Freud, komponisten Wolfgang Amadeus Mozart, dramatikaren Berthold Brecht og forfattarane Johann Wolfgang von Goethe og Friederich von Schiller. Dessutan er Tyskland blitt Noregs største handelspartnar og Noreg er Tysklands største energileverandør. Og så må me heller ikkje gløyma at det kjem om lag 800 000 tyske turistar til Noreg kvart einaste år. Eg trur ikkje nordmenn flest er klar over kor viktig rolle Tyskland spelar i det norske samfunnet i dag. Det kan vera eit pluss for dei som er interesserte i å gjera handel med tyske selskap å ha gode tyskkunnskapar. På den måten kan ein delta i all kommunikasjon, også den som går føre seg utanom dei tradisjonelle forhandlingane. Mi personlege oppfatning er at kjennskap til språk og kultur i det landet ein vil gjera handel med skaper lettarar eit personleg forhold mellom forretningspartnarane og dermed blir det lettare å oppnå gode resultat. Difor vil det bli lett å få seg jobb for dei som ville velja å studera tysk, seier ei ivrig Åse Frivold.

Initiativet til å skapa blest om tyskfaget er eit felles resultat av eit samarbeid mellom norske høgskular, universitet, Utanriksdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Tysklandsstrategien

- Ressurssenteret skal vera ein del av arbeidet til Tysklandsstrategien til Utanriksdepartementet. Difor skal me også ha kontakt med den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga, som blant anna årleg deler ut Willy Brandt-prisen til personar i Noreg og Tyskland som har ytt ein sterk personleg innsats for å fremja samarbeid og utveksling mellom dei to landa. Me skal også samarbeida med ambassadane til Tyskland, Austerrike og Sveits i Noreg, og sjølvsagt skal me også arbeida saman med Goethe-instituttet i Noreg, fortel Frivold, som også planlegg å dra rundt på skulebesøk, både i grunnskulen, på vidaregåande skular og på høgskular og universitet. Ho håpar nemleg å få til eit større og betra tilbod av elevutveksling mellom Noreg og Tyskland.

- Men er ikkje ein av grunnane til tyskfaget si krise at alle tyskarar kan engelsk og dermed treng ikkje nordmenn snakka tysk med dei?
- Nei, eg trur alle tyskarar som har med Noreg og nordmenn å gjera, set pris på at nordmenn kan språket deira, seier Frivold.
- Trur du det er nok å etablera eit ressurssenter for å auka interessa for tysk i Noreg?
- Eg ville ikkje ha brote alle band og avslutta eit sju år langt opphald i München med dei personlege og yrkesmessige påkjenningane dette er, om eg ikkje hadde trudd full og heilt på dette prosjektet, svarar Frivold.

Emneord: Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2001 16:05 - Sist endra 10. des. 2008 15:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere