Kinesisk forskar vil ha offentleglov i Kina

- Dei kinesiske styresmaktene vil gi publikum utvida rett til innsyn i offentlege dokument. Grunnen er at dei vil hindra korrupsjon og samtidig innfri eit av vilkåra for å bli med i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Det seier den kinesiske jusprofessoren Zhou Hanhua som nyleg var på besøk ved Institutt for menneskerettar ved UiO.

Den kinesiske jusprofessoren Zhou Hanhua spår at byråkratiet i Kina vil opna seg enda meir for offentleg innsyn i framtida.
Foto: Martin Toft

Det er altså både ynsket om å hindra korrupsjon og ynsket om å bli medlem i Verdas handelsorganisasjon (WTO) som har fått dei kinesiske styresmaktene til å gjera arbeidet til byråkratiet meir gjennomsiktig for den vanlege kinesar. - Målet er at folk skal kunna be ein byråkrat om å finna fram eit bestemt dokument til dei ved hjelp av ei datamaskin utan at vedkommande kan nekta å gjera det, fortel jusprofessor Zhou Hanhua ved Institute of Law ved Chinese Academy of Social Sciences i Beijing.

- Å opna det kinesiske byråkratiet for innsyn frå publikum er eit radikalt brot med den kinesiske tradisjonen. I over 2000 år har dei kinesiske herskarane aldri funne det naudsynt å gi det kinesiske folket tilgang til dei offentlege dokumenta. Etter Den kinesiske revolusjonen i 1948, blei det vedtatt eit punkt i den kinesiske grunnlova der det heiter at folket har rett til å vita kva styresmaktene driv på med. Men denne paragrafen blei ikkje realisert før i 1980, fortel Zhou.

Utanlandske investeringar

Han meiner den økonomiske liberaliseringa i Kina også har vore med og framskunda ein politikk der dokumenta i viktige saker etter kvart er blitt opna for innsyn.

- Med ein slik open politikk blir det lettare å få utanlandske selskap til å investera i Kina. Difor kan den opne politikken til kommuneadministrasjonen i enkelte kinesiske landsbyar danna skule for resten av det kinesiske byråkratiet. Dei forstod allereie i 1986 at det var naudsynt å ha ei så open sakshandsaming som mogleg for å kunna få eit best mogleg lokalt sjølvstyre. Dermed innførte dei prinsippet om at alt som hadde å gjera med styringa av landsbyen skulle vera så gjennomsiktig som mogleg. Det var så godt gjennomført at til og med USAs tidlegare president, Jimmy Carter blei imponert, fortel Zhou.

Enklare innsyn med Internett

Ein annan grunn til at Kina vil opna byråkratiet sitt for innsyn, er det faktum at dagens verd er eit informasjonssamfunn.
- Det har ført til at i enkelte av dei særskilde økonomiske sonene er namnet på tomteeigarar og andre eigedomshaldarar lagde ut på Internett. Men den 2000 år gamle tradisjonen om ikkje å informera publikum sit framleis godt fast hos mange byråkratar, noko som gjer det vanskeleg å få ut den informasjonen folket har krav på. Difor er det naudsynt å vedta ei eiga lov om informasjonsfridom, meiner Zhou. Som ein fylgje av dette har han og andre forskarar ved Det nasjonale juridiske senteret i Beijing laga eit framlegg til korleis ein slik politikk kan gjennomførast. Også ein del av delegatane ved Den nasjonale folkekongressen har kome med framlegg om å innføra ei lov om informasjonsfridom, seier Zhou.

Ei av dei første oppgåvene dei vil gå i gang med, er å bestemma kva dokument som kan offentleggjerast og kva dokument som ikkje kan det. Difor har han og andre forskarar gjort ein samanliknande studie av korleis retten til offentleg informasjon blir praktisert i Noreg, USA, Storbritannia, Japan, Sør-Korea, India og Kina.

- Men trur du ikkje ei slik utvikling kan underminera Kommunistpartiets rolle i Kina?

- Denne lova har berre å gjera med den offentlege forvaltinga, og eg ser difor ingen direkte tilknyting til rolla til Kommunistpartiet. Det er betre at du stiller dette spørsmålet til ein statsvitar, og ikkje til meg som er jurist.

- Når trur du dei kinesiske styresmaktene vil vedta ei lov om informasjonsfridom?

- Før eller seinare kjem dei til å gjera det, men det er vanskeleg å tidfesta det nøyaktig, seier Zhou Hanhua.

Emneord: Internasjonalisering, Kina Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2001 14:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:19

Logg inn for å kommentere