Få norske forskarar foreslått til Jahreprisane

- Mange dyktige norske medisinske forskarar blir aldri foreslått som kandidatar til Jahreprisane. Difor kjem norske forskarar ofte til kort når priskomiteen skal velja ut vinnarane av Nordens største medisinske pris. Det seier leiar for priskomiteen, forskingsdekan Ole Petter Ottersen ved Det medisinske fakultetet.

- Det er ikkje god nok kultur for å foreslå kollegar som priskandidatar blant norske medisinske forskarar, meiner leiaren for Jahrepriskomiteen, Ole Petter Ottersen.
Foto: Martin Toft

Det meiner han er ein av grunnane til at ingen norsk forskar har fått Anders Jahres store medisinske pris eller Anders Jahres pris til yngre forskarar sidan professor Harald Stenmark ved Radiumhospitalet og Farmasøytisk institutt, UiO fekk tildelt prisen for yngre forskarar i 1999. Derimot har finske og svenske forskarar forsynt seg godt av desse prisane i løpet av dei siste åra.

- Alle medisinprofessorane i Norden får invitasjon til å foreslå kandidatar til Jahreprisane i medisin. Det ser likevel ut som om dei norske forskarane skiljer seg ut i høve til dei finske og svenske forskarane. Blant dei medisinske forskarane i Noreg er det ikkje god nok kultur for å foreslå kollegar verken til Jahreprisane eller andre medisinske prisar. Både i Sverige og Finland er haldninga heilt annleis, meiner Ottersen. Han gir også manglande interesse frå norske media skulda for at Jahreprisane ikkje er nok kjende her i landet.

- Når den viktigaste medisinske prisen i Sverige, Fernstrømmedaljen, blir delt ut, skjer det med ein pressekonferanse og under stor ståhei. I Noreg vekkjer kunngjeringa av vinnarane av Jahreprisane svært lita merksemd, trass i at det er Nordens største medisinske pris. Pengesummen for Anders Jahres store medisinske pris er også nyleg blitt heva til 1 million kroner. Det trur me skal vera med å fornya interessa for prisen og samtidig ta vare på prestisjen til denne prisen, seier Ottersen. Likevel trur han ikkje det er tilfeldig at vinnarane av Jahreprisane dei siste åra har kome frå Finland og Sverige.

- Finsk medisinsk forsking ligg i dag i fremste rekkje i Norden fordi dei finske styresmaktene har sett i gang ei mykje større nasjonal satsing på dette området enn det ein har gjort i Noreg. Det har også brakt resultat i form av mange gode medisinske forskarar, påpeikar Ottersen.

Årets Jahreprisar skal delast ut av rektor Kaare R. Norum i Universitetets aula 12. oktober. Då vil både vinnaren av Jahres store medisinske pris, professor Hans Wolf-Watz ved Umeå universitet og vinnarane av prisen for yngre medisinske forskarar, professor Jonas Frisén Karolinska institutet i Stockholm og dosent Leena M. Ala-Kokka Universitetet i Oulo (Uleåborg) vera til stades. Dagen før, altså 11. oktober vil det vera eit eige Jahre-symposium ved Instiutt for medisinske basalfag, der prisvinnarane skal halda foredrag om sitt forskingsområde.

Emneord: Medisin, Forskning Av Martin Toft
Publisert 6. sep. 2001 14:17 - Sist endra 10. des. 2008 14:56

Logg inn for å kommentere