- Denne pristildelinga vil fungera som ei vitamininnsprøyting for heile Det medisinske fakultetet, seier ein godt nøgd Per Brodal. Den nye studieplanen for medisinstudentane blei innført i 1996. Då hadde professor Per Brodal blitt kjøpt fri for sine vanlege oppgåver ved fakultetet i tre år for å leia arbeidet med innføringa av den nye studieplanen på medisin. Også det første året med ny studieplan måtte Per Brodal jobba på heiltid med å få losa denne planen gjennom utan at det skjedde altfor mange medisinske feilskjær undervegs.
Problembasert læring og ein integrert studiemodell var dei to viktigaste endringane i høve til den gamle studieplanen. Karakterane er blitt erstatta av bestått/ikkje bestått. Neste år blir dei første studentane som tok i bruk den nye studieplanen, uteksaminerte som ferdige legar.
Betre legar
- Eg håpar og trur at dei blir enda betre legar enn dei som har gått ut frå legestudiet tidlegare. Det var jo det som var målet når me innførte denne ordninga, og viss dei ikkje er blitt det, kan den jo ikkje karakteriserast som ein suksess. Inntrykket mitt er i alle fall at dei studentane som no går på medisinstudiet er meir spørjande og analytiske enn før. Dei er meir sjølvstendige og flinkare til å ta initiativ, eigenskapar som dei heilt sikkert får bruk for som legar, meiner Brodal.
I den gamle studieplanen blei dei nye studentane hovudsakleg møtt med kjemi. I dag kan dei møta sin første pasient på dag 2 i medisinstudiet.
Ingen tru på pugging
- Alle førsteårsstudentane er utplassert hos ein allmennpraktikar fem eller seks gonger i semesteret. På den måten kan dei raskt sjå kva legerolla går ut på. I andre semester fylgjer dei ein pasient med ein kronisk sjukdom. Gjennom den problembaserte læringa i grupper med ein rettleiar, lærer dei å løysa utfordringar saman med andre studentar. Og alle fag vil koma igjen, slik at dei heile tida får bruk for den kunnskapen dei har fått på medisinstudiet. Difor er eg glad for at me har eit karaktersystem med bestått/ikkje bestått, noko som eg meiner er ein føresetnad for at den problembaserte læringa skal fungera etter formålet. Eg har nemleg ingen tru på at folk lærer best ved å sprenglesa og pugga pensum like før eksamen. Denne overflatiske kunnskapen kan imponera lærarane, men den vil gå i gløymeboka eit halvt år etterpå, understrekar Brodal, som vedgår at det i starten ikkje var lett å få overtydd alle om behovet for å innføra ein ny studieplan med sterk vekt på problembasert læring.
Felles mål
- Men det var prosessen fram til det endelege vedtaket som var vanskelegast. Då måtte me passa på at ingen fagmiljø skulle kjenna seg overkjørt, men blei høyrt i prosessen fram til vedtak. Når avgjerda var tatt, var den viktigaste oppgåva å få flest mogleg miljø til å forstå kva dette dreia seg om, og å samla folk til å arbeida mot eit felles mål. Det var kan henda den største utfordringa for meg som leiar av prosjektet, seier Brodal.
- Det var ikkje alltid like lett sidan fagmiljøa på MED er spreidd rundt omkring i heile Oslo, og dei fleste lærarane har hovudstillinga si ved sjukehuset og ikkje ved universitetet, legg han til.
Fortent pris
Nestleiar i Medisinsk studentutval, Astrid Nylenna er godt nøgd med den nye studieplanen og synest det er flott at fakultetet får UiOs pris for godt læringsmiljø for 2001.
- Det er ein fortent pris. Det er ein fantastisk plass å vera medisinstudent her, og eg har følt meg inkludert frå første dag på studiet, seier Nylenna.
- Den nye studieplanen med problembasert læring og utplassering hos allmennlege frå første semester, gjer det også mykje lettare å lesa den tunge pensumlitteraturen, synest ho.
Studiedekan Borghild Roald er svært glad for at prisen for
godt læringsmiljø denne gongen gjekk til grunnstudiet i
medisin ved Det medisinske fakultetet.
- Me er stolte over at dette arbeidet byrja utifrå interesse
for studieplanarbeid og pedagogikk blant dei vitskapleg
tilsette ved fakultetet. Dette viser at det ikkje er
tilfeldig at det er dette fakultetet som har fylgd best opp
kravet om pedagogisk skulering. 37 prosent av alle dei
vitskaplege tilsette som tok universitetspedagogikk i fjor,
kom frå vårt fakultet, fortel Roald.
Medisinsk kultur
Ho forklarar den vellykka innføringa av den nye studieplanen med ønsket om å gjera noko med den medisinske kulturen.
- Medan den basalbiologiske forståinga av medisinstudiet er likt over heile verda, er den medisinske og sosiale kulturen forskjellig frå land til land. Gjennom den nye studieplanen vil alle studentane ha vore i gruppe med kvarandre før medisinstudiet er over. Mange fagmiljø som det tidlegare har vore høge barrierer mellom, er også blitt tvinga til å samarbeida med kvarandre. Dermed måtte både studentar og lærarar også forholda seg til personar som dei i utgangspunktet kanskje ikkje likte, fortel Roald.
Samtidig vil ho gjerne gi honnør til medisinprofessorane Kaare Solheim og Per Brodal som har vore drivkrefter i arbeidet med å utpensla den nye studieplanen. Dessutan trekkjer ho fram professor i medisinsk informatikk, Per Grøttum, som har vore ansvarleg for dei interaktive webløysingane på medisinstudiet.
- Men trur du dei studentane som fylgjer den nye studieplanen blir betre legar enn dei som fylgde den gamle?
- Me veit det enno ikkje, men me trur dei vil vera betre rusta til å møta utfordringane i dagens og morgondagens samfunn. For å få vita meir om dette skal me fylgja både dei to siste kulla med studentar som fylgde den gamle studieordninga og dei to første kulla med den nye studieordninga gjennom dei ti første åra deira i arbeidslivet. Undersøkinga vil kartleggja korleis pasientkontakten deira er, kor flinke dei er til å oppdatera seg fagleg og korleis dei går fram for å få ny kunnskap, opplyser Roald til Uniforum.
- Og prispengane på 250 000 kroner, kva skal dei gå til?
- Dei skal gå til å oppdatera og forbetra webløysingane våre. Ein del av pengane skal også nyttast til å finansiera ein stor internasjonal konferanse om nye trendar i medisinutdanninga, som me skal skipa til neste sommar som ei markering av at studentane på det første kullet med den nye studieplanen vil vera ferdig uteksaminerte som legar, røper Roald.
Logg inn for å kommentere