Norum opna profesjonsstudiet i informatikk

Det fem år lange profesjonsstudiet i informatikk blei høgtideleg opna av rektor Kaare R. Norum under ein kort seremoni ved Institutt for informatikk tysdag 14. august. Han bad dei nye studentane om å læra å kjenna kvarandre godt. - Eg håpar de får ei kullkjensle og ein kullidentitet akkurat som eg sjølv opplevde det som medisinstudent, sa Norum.

Det aller første kullet ved profesjonsstudiet i informatikk hausten 2001.
Foto: Martin Toft

- På dette studiet vil de få venner for livet. Til no har NTNU i Trondheim hatt monopol på å tilby profesjonsstudium i informatikk, men med dette profesjonsstudiet har Universitetet i Oslo tatt innersvingen på NTNU, noko de heilt sikkert har lese om i avisene. Og det er bra, for det er sunt med konkurranse om fagtilbod mellom universiteta, meinte Norum. Før han erklærte det nye profesjonstudiet i informatikk for opna, ynskte han studentane lykke til med det fem år lange studiet.

Profesjonsstudiet har tre ulike linjer, linja for systemutvikling og datakommunikasjon, linja for teknisk programvare og linja for mikroelektronikk. Til saman er det 50 studieplassar på desse tre linjene. Det var også desse datafaga som hadde flest søkjarar i høve til talet på studieplassar av alle faga ved UiO, viste søkjartala frå Samordna opptak.

Konkurranse med NTNU

Instituttstyrar Oddvar Søråsen gav ein kort gjennomgang av historia bak opprettinga av profesjonsstudiet, og viste til korleis Institutt for informatikk kunne gi NTNU konkurranse ved å etablera eit profesjonsstudium i informatikk som samtidig også tok vare på det beste ved tradisjonen til dei frie studia ved instituttet.
- Dessutan har me lagt enda sterkare vekt på at det skal vera god studiekvalitet på dette studiet enn me har gjort tidlegare. Difor var det morosamt å sjå kor mange av dykk som hadde dette profesjonsstudiet som førsteval på søknaden dykkar, og kor høg poenggrense de måtte ha for å koma inn. Dette viser at de er kremen av norsk ungdom, sa Søråsen, som også understreka korleis dette studiet har vore ei samlande inspirasjonskjelde for heile instituttet.

Kvar student vil også få tildelt sin eigen "tutor" eller faglege rettleiar. Professor Nils Christophersen ved instituttet kom også med ei innstendig oppfordring til studentane ved profesjonsstudiet.

Sei nei til lukrative jobbtilbod

- Når de har gått to år på profesjonsstudiet og får tilbod om feite jobbar med enda feitare løner i IT-bransjen, så ver så snill å takka nei, og vent tre år til. Etter fem år med studier i informatikk vil de mykje lettare stå på eigne bein, og lettare motstå dei ulike svingingane i IT-bransjen.
Studentane ved profesjonstudiet i informatikk skal i hovudsak halda til i den gamle bygningen til Preklinisk odontologi (PKO-bygningen) på Blindern.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 14. aug. 2001 16:26 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere