Vil redusera USITs webmakt

- UiO må ta styringa av web-utviklinga frå USIT. Slik kan me hindra at me berre får datasystem som er tilpassa teknologar og byråkratar i sentraladministrasjonen, meiner professor Olav Torvund ved Institutt for rettsinformatikk.

- Det er bortkasta pengar å halda fram med å gi ut papirversjon av foreselesingskatalogen, meiner jusprofessor Olav Torvund.
Foto: Martin Toft

Kort fortalt går kritikken hans ut på at dataingeninørane på USIT (Universitetets Senter for Informasjonsteknologi). er meir opptekne av teknologien enn å tilby løysingar som brukarane ved dei forskjellige institutta, sentra eller andre einingane ved Universitetet i Oslo, kan bruka utan å kunna alt om dataverkty som HTML, XML og SGML.

- Difor ynskjer eg at det blir etablert ein prosjektorganisasjon der USIT kan vera leverandør og ha prosjektleiinga, men der USIT får ei styringsgruppe over seg som står for "policyval" og viktige prioriteringar. Styringsgruppa må bestemma kva IT-eininga til UiO skal levera. I næringslivet er det vanleg at kunden bestemmer innhaldet i det leverandøren skal levera. Når det gjeld forholdet mellom USIT og einingane på universitetet har ikkje kundane hatt noko å seia på valet av kva verkty dei skulle få og ikkje få, meiner Torvund.

Han viser til at for akkurat tre år sidan ba han USIT om å få lagt inn eit kalendersystem som ville gjera det mogleg dagleg å halda digital oversikt over kvar dei einskilde tilsette ved instituttet ville opphalda seg. Framleis har ikkje noko kalendersystem dukka opp.
- Eg har høyrt at me skal få det innan 15. april, men eg trur det ikkje før eg ser det, seier han tvilande.

Bortkasta byråkratisk tiltak

Utgangspunktet hans for å ta opp denne kritikken mot USIT, er også frutstrasjonen over at det går så seint å få lagt all studieinformasjon på nett.

- Internrevisjonen kom i førre nummer av Uniforum med eit utspel om å kvalitetsstempla all nettbasert offentleg informasjon frå UiO. Dette vil vera eit nytt bortkasta byråkratisk tiltak. Det er ingen juridiske hindringar i vegen for at ein vedtar at nettet er den primære informasjonskanalen ved UiO. I prinsippet kan det nok vera mogleg å tenkja seg erstatningsansvar om det blir gitt feil informasjon, anten det er på nettet eller på papir. Men det skal mykje til, meiner Torvund. Han har sett seg lei på at UiO framleis spreier pallevis med forelesingskatalogar på papir.

- Det er også meiningslaust at ein let utdaterte studiehandbøker liggja på nettet i eit år til det kjem ein ny trykt versjon i staden for å syta for at informasjonen til ei kvar tid er oppdatert på nett. Det er fristande å seia at inntil universitetet har fått ein til ei kvar tid oppdatert studieinformasjon på nett som dekkar både det som tradisjonelt har stått i forelesingskatalogen og i studiehandbøkene, så har ikkje dei ansvarlege noko truverde igjen, når dei snakkar om å leggja til rette for elektronisk informasjon, hevdar Torvund.

USIT skal ikkje bestemma innhaldet

Difor meiner han at både Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA) og Informasjonsavdelinga (IA) må ta på seg ansvaret for kva innhaldet skal vera i den offisielle studieinformasjonen frå UiO, og ikkje overlata dette ansvaret til USIT.

- Dessutan må dei ansvarlege for forelesingskatalogen og studiehandbøkene slutta å tenkja historisk og tradisjonelt og bruka papirversjonen som utgangspunkt for nettversjonen. Det beste er å kutta ut papirversjonane av alle desse bøkene. Om UiO får problem med trykkerikontrakten, så vil det sikkert vera mogleg å kjøpa seg fri frå den, trur Torvund. Og han er overtydd om at dette vil lata seg gjera.

- Det handlar nemleg om å gi dei informasjonsansvarlege ved alle einingar eit eigna verkty. Den som skal leggja informasjonen ut på nettet skal ikkje kunna meir om dataverktya HTML, XML, SGML enn ein bilist treng å vita om korleis ein automatisk gearkasse eigentleg verkar. Det einaste ein skal kunna er å lesa og skriva utan at det skal vera naudsynt å vita noko om teknologien. Då ville det heller ikkje vera noko problem å oppdatera all studieinformasjon fortløpande ved UiO, konstaterer han, og slår fast at han vil ha ei radikal omlegging av informasjonen så raskt som mogleg.

Nettet primære informasjonskanal

- Det må vedtakast at nettet er den primære kanalen for all informasjon. Det er ikkje noko juridisk til hinder for dette. Difor må det setjast av naudsynte ressursar til eit slikt omstillingstiltak, og gevinsten kan innkasserast gjennom å kutta ut papirpublikasjonane. Sjølv om mange vil protestera, må ikkje det hindra gjennomføringa av ei slik omlegging, seier Torvund.

Emneord: USIT Av Martin Toft
Publisert 22. feb. 2001 09:05 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere