Konservatorane frå Oldsakssamlinga, professor Arne Emil Christensen og det tekniske personalet ved Vikingskipshuset heldt alle pusten av spenning, då glaset og rammene som hadde stengt sleden frå Osebergskipet frå omverda, blei fjerna tidlegare denne månaden. Til alle lukke gjekk arbeidet fint utan at sleden fall saman. Årsaka til at dette blei gjort, er at ekspertar seinare skal kunna finna ut om det vil vera mogleg å reparera dei indre og ytre skadene på sleden, som også blir kalla for Gustafsonssleden.
200 kilo knekkebrød
- Ja, i det store og det heile er det snakk om 200 kilo
knekkebrød. Difor gjeld det å vera forsiktig, seier professor
Arne Emil Christensen. Han minner om at dette er ein 1000 år
gamal slede som er konservert etter ein 100 år gamal
metode.
- Difor skal me no laga ein tilstandsrapport for å finna ut
kva skader sleden har. Deretter må det truleg ei betre og
nytt støtteverk til. Det er viktig å hugsa på at sleden har
vore inne i den glasmonteren sidan 1951, og den har berre
vore opna ein gong seinare, i 1981, då glaset måtte gjerast
reint, fortel Christensen, som understrekar at
konserveringspersonalet sin jobb er å passa på at nedbrytinga
ikkje er komen for langt.
Det er Trondheimsfirmaet Safetech Nordic AS som skal koma med dei endelege konklusjonane når det gjeld tilstanden til treverket i denne sleden. Christensen legg ikkje skjul på at det også kan få fylgjer for planane om å flytta vikingskipa til eit mellomaldermuseum på Sørenga i Gamlebyen i Oslo.
Digitalisering av 1000 år gamal slede
- Det er klart at om det viser seg at tilstanden til denne sleden er slik at den ikkje kan flyttast frå Vikingskipshuset, så vil det same truleg også vera tilfellet for vikingskipa i dette museet, meiner Christensen, før han viser til korleis moderne teknikk kan hjelpa konservatorar til å tolka tilstanden til ein 1000 år gamal museumsgjenstand.
- Alle delar av sleden kjem truleg til å bli fotograferte digitalt av Bergensfirmaet KTB Consultants slik at heile sleden kan rekonstruerast i datamaskina. Dermed kan alle naudsynte oppmålingar gjerast digitalt i staden for at å gjera det manuelt direkte på sleden. Slik vil det også bli mindre slitasje på sleden, seier Christensen.
Også leiar for konserveringsseksjonen ved Universitetets
kulturhistoriske museum, Svein Wiik, er oppteken av
tilstanden til denne sleden.
- Treverket er så dårleg at det enkelte stader kan vera
lakkeringa si styrking av overflata som held materialet
saman. Det har me nemleg opplevd under tidlegare
undersøkingar av tilsvarande gjenstandar. No vil me setja i
gang eit større studie av heile sleden og skaffa oss full
oversikt over konserveringstilstanden, fortel Wiik til
Uniforum.
Logg inn for å kommentere