Universiteta hevar kontrakt med IBM

Universiteta i Bergen og Oslo og Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet i Trondheim har bestemt seg for å heva kontrakten med IBM om levering av lønns- og personalsystemet PR (Personal Ressurs). - Me har ikkje fått ein leveranse med dei eigenskapane som er skildra i avtalen, uttalar universitetsdirektør Tor Saglie i ei pressemelding frå UiO.

-Universiteta vil krevja erstatta tapa sine som fylgje av at kontrakten med IBM må hevast, seier universitetsdirektør Tor Saglie.
Foto: Ståle Skogstad

Leveransen av PR frå IBM er svært forseinka i høve til avtalt plan og har store feil og manglar i høve til avtalt standard funksjonalitet. Feil og manglar er langt fleire og meir alvorlege enn det som kan reknast med og desse blir ikkje utbetra i tide.

Ved NTNU, der systemet blir nytta til produksjon av lønna til dei tilsette, oppstår stadige nye og alvorlege feil som skapar ein uhaldbar driftssituasjon. I sommar fekk til dømes ikkje dei tilsette ved NTNU utbetalt ferielønn i rett tid.

Det var 22. september 1999 dei tre universiteta inngjekk ein avtale med IBM om levering av lønns- og personalsystemet PR. Leveransen er ein del av universiteta si fornying av dei administrative systema sine, der første del med innføring av nytt økonomisystem er gjennomført etter føresetnadane.

Universiteta ser seg altså no nøydde til å heva denne avtalen med IBM. Saglie påpeikar at det har vore ein lang prosess fram mot denne avgjerda. Det er ført omfattande drøftingar med IBM om utbetring av manglane og moglege nye leveranseplanar er diskutert. Universiteta hadde i det lengste håpa at IBM skulle ordna opp i problema, men dette har vist seg vanskeleg.

- Enno har ikkje IBM kunne leggja fram gode nok løysingar i høve til den funksjonaliteten som er avtalt, seier Saglie, og understrekar at både dette og manglande oppfylling av tidsfristar er årsakene til at universiteta ser seg nøydde til å heva avtalen.

- Universiteta inngjekk avtale med IBM som ein stor og langsiktig samarbeidspartnar og leverandør av lønns- og personalssystemet PR. IBM har no bestemt seg for å overdra produktet til eit anna firma. Saglie konstaterer at avbroten satsing på produktet kombinert med at store forseinkingar og manglar er forhold som fører til at me ikkje har tillit til at IBM vil klara å levera det som er avtalt. Universiteta vil krevja erstatta dei tapa dei har hatt som fylgje av at leveransen må hevast, opplyser Saglie.

Det felles budsjettet for innføringa av nytt lønns-, økonomi- og personalsystem (LØP) ved dei tre universiteta hadde til saman eit budsjett på 27 millionar kroner. Verdien av lønns- og personalsystemet PR er påom lag 12 millionar kroner, får Uniforum opplyst.

Informasjonssjef Helena Zissis i IBM Norge forklarar brotet mellom universiteta og IBM med at det var usemje om funksjonaliteten i avtalen.
- Me blei altså ikkje samde om kva ting som skulle inkluderast i avtalen. Kort fortalt var me altså ikkje einige om kor omfattande avtalen skulle vera.

- Er ikkje hevinga av denne avtalen eit prestisjenederlag for IBM?

- Nei, for oss er dette ein relativt liten avtale. I IBM-samanheng er det faktisk ein svært liten avtale, seier Helena Zissis. Dei neste månadane skal IBM og universiteta forhandla om korleis kostnadane ved opphevinga av denne kontrakten skal fordelast mellom partane.

Emneord: LØP
Publisert 21. feb. 2001 13:08 - Sist endra 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere