Rektorval ved UiO 8. oktober

Det blir rektorval ved Universitetet i Oslo 8. oktober. Det vedtok Kollegiet denne veka. Siste frist for å koma med framlegg til kandidatar blir torsdag 13. september.

Ved det førre rektorvalet i 1998 hadde UiO eit sentralt valstyre. Dette er no nedlagt, og Kollegiet må difor oppnemna særskilt valstyre for vala. Dette blir fremja som eiga sak. Valperioden vil gjelda frå 2002 til 2004.

Førebels er det berre prorektor Rolv Mikkel Blakar som har sagt klart i frå at han stiller som kandidat under rektorvalet. Sidan noverande rektor Kaare R. Norum snart går av med pensjon, kan han ikkje ta ein ny periode som rektor.

Samtidig åtvarar Universitets- og høgskulerådet i eit brev til KUF mot at det blir sett i gang rektorval utan at det er slått fast at ordninga med valt rektor skal førast vidare. Årsaka til åtvaringa er at på grunn av den varsla stortingsmeldinga om høgare utdanning, kan ikkje rektorvalprosessen setjast i gang før det er klart gjennom avgjerder i regjeringa og i Stortinget at eksisterande lovar og reglar om rektorval framleis vil gjelda.

Emneord: Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2001 15:22 - Sist endret 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere