Nordmenn ventar mindre av teknologi enn andre

Nordmenn har lågare forventingar til teknologi enn folk i andre land. Medisin, teknologi og miljøfag er dei fagområda folket viser størst interesse for. Folk viser brei interesse for forskingsstoff i massemediene. Kunnskapsnivået til nordmenn er i internasjonal målestokk høgt.

Teknologi er viktigare for menn enn for kvinner (Biletet er arrangert)
Foto: Ståle Skogstad

Dette er dei viktigaste funna i ei spørjeundersøking frå NIFU (Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning) om kva forhold nordmenn har til forsking, vitskap og teknologi. Det er forskarane Torben Hviid Nielsen, Inge Ramberg og Egil Kallerud ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) ved UiO som har stått bak denne prosjektet. Undersøkinga byggjer på svar frå 1260 personar. Eit av dei mest oppsiktsvekkjande resultata frå den norske undersøkinga er den reserverte forventinga folk flest har til teknologi, samtidig som Noreg er blant dei nasjonane som har høgast kunnskapsnivå. Nordmenn forventar seg mindre av den teknologiske utviklinga samtidig som dei veit meir om naturvitskap og teknologi samanlikna med folk frå andre nasjonar.

Miljøfag og medisin viktigaste fagområde

Når det gjeld spørsmålet om kva fagområde som er mest interessante og viktige, går det klart fram at det er miljøfag og medisin som blir rekna som dei viktigaste. Deretter fylgjer teknologi og samfunnsvitskap. Naturvitskap, humanistiske fag og landbruksvitskap blir rekna for mindre viktige fagområde.

Men det er også tydelege kjønnsskilnader når det gjeld synet på forsking. 33 prosent av kvinnene prioriterer medisin medan 19 prosent prioriterer miljøfag og 13 prosent samfunnvitskap høgast når det gjeld interesse. 32 prosent av mennene interesserer seg mest for teknologi, medan 13 prosent og 12 prosent prioriterer høvesvis medisin og naturvitskap. Ser me på kva kvinner og menn vurderer som "viktige fagområde for samfunnet" er kjønnskilnadane mindre. Miljøfag, medisin og teknologi blir vurderte som viktigast i nemnde rekkjefylgje av både kvinner og menn. Menn meiner medisin er litt mindre viktig og teknologi litt viktigare enn det kvinnene gjer.

Teknologi mest interessant blant unge

Spørjeundersøkinga avslører også klare aldersskilnader i svara på spørsmålet om viktige og interessante fagområde. Miljøfag blir vurdert som mest interessant av aldersgruppene over 44 år, medan dei under 45 år framhevar teknologi.. Dei yngste aldersgruppene ser på teknologi (27 prosent) som mest interessant, medan den eldste gruppa interesserer seg mest for medisin (30 prosent). Samtidig ser den eldste gruppa på miljøfag (36 prosent) som det viktigaste området for samfunnet, medan den yngste ser medisin (35 prosent) som viktigast.

Undersøkinga har også prøvd å kartleggja kva informasjonskjelder folk har om forsking. Resultata viser at dagsaviser, radio og TV var viktigast, men at folk reknar med at Internett kjem til å bli ei enda viktigare informasjonskjelde for forsking og teknologi framover. I mange andre land er fjernsynet langt viktigare som informasjonskjelde om forskingsstoff enn i Noreg.

Skeptiske til dagens forsking

Dersom ein ser på generelle haldningar til forsking, vitskap og teknologi har intervjuobjekta ei stort sett positiv oppfatning av kor viktig vitskapen og teknologien er for framtidige generasjonar. Vel 80 prosent av dei spurte er heilt eller delvis einig i utsegnet "takket være vitenskap og teknologi vil framtidige generasjoner ha større muligheter".

Men mange er også skeptiske til dagens forsking. Dei færraste og spesielt kvinner trur at vitskap og teknologi vil løysa miljøproblema utan vidare. Men fleire menn enn kvinner meiner at teknologiske framsteg vil gjera det mogleg å oppnå både større forbruk og reint miljø. Menn er stort sett meir positive til utsegnene om at vitskap og teknologi fører til sunnare, enklare og meir behagelege liv og at "alt i alt er de gunstige virkningene av vitenskapelig forskning større enn skadevirkningene. I det siste tilfellet er skilnaden mellom menn og kvinner på 11 prosent.

Negative til genteknologi

Sjølv om folk i hovudsak har høge forventingar til ny teknologi, er dei meir skeptiske når det handlar om bio-/genteknologi. Data- og informasjonsteknologi er også mange skeptiske til, samtidig som eit klart fleirtal er positive til IT. Nordmenn er altså langt meir skeptiske til bio-/genteknologi enn andre nasjonalitetar. Dessutan er det knytte meir negative forventingar til termen "genteknologi" enn"bioteknologi". Menn er meir positive til bioteknologi enn kvinner, den yngste aldersgruppa er mest positiv og dei med høgast utdanning noko meir positive. Undersøkinga viser også at dei med høgare kulturell kapital (høgare utdanning) er meir positive enn gjennomsnittet til at bioteknologien vil betra måten me lever på i dei neste 20 åra.

Trur forsking kan påverkast

Eit anna viktig funn i denne undersøkinga er det faktum at fleirtalet av dei spurte (40,5 prosent) var heilt eller delvis einige i påstanden om at "dei som har pengar til det kan kjøpa seg forsking om nærast eit kvart emne med den konklusjonen dei sjølv ynskjer". Eit mindretal på 38,5 prosent hadde derimot tillit til at forskarane ikkje let seg påverka av utanforståande. Kvinnene hadde lettare for å tru at det var mogleg å påverka forskinga enn kva mennene hadde.

Over 80 prosent av dei spurte støtta "føre-var-prinsippet". Det same galdt i høve til synet på at verdiar og haldningar er minst like viktige for politiske avgjerder som forsking.

Konklusjonen av denne undersøkinga er at folk ser forsking, vitskap og teknologi som i høgste grad positive faktorar i samfunnsutviklinga. Men dette gir ikkje forskinga noko blankofullmakt til fritt å forfylgja eit kvart interessant høve til vitskapleg nyvinning og teknologisk nyskaping, utan å ta omsyn til kva måte det skjer på og kvar det måtte føra hen.

Resultatet av undersøkinga gir også ein peikepinn på av tilliten folk har til forsking ikkje berre er ein fylgje av allmenne forventingar, men også av at verksemda går føre seg innanfor trygge, normative og institusjonelle rammer, understrekar forfattarane av forskingsrapporten.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2001 14:00 - Sist endra 10. des. 2008 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere