Det juridiske fakultetsbiblioteket Årets beste bibliotek 2000

Det juridiske fakultetsbiblioteket ved Universitetet i Oslo er kåra til Årets bibliotek 2000 av Norsk Bibliotekforeining. - Dette er ei flott oppmuntring for ein hardt arbeidande stab i ein travel kvardag, seier overbibliotekar Pål Bertnes.

Overbibliotekar Pål Bertnes syner fram premien som viser at Det juridiske fakultetsbiblioteket er kåra til Årets bibliotek 2000.
Foto: Martin Toft

Det var berre smilande ansikt å sjå blant bibliotekarane i Det juridiske fakultetsbiblioteket dagen etter at det var blitt tildelt prisen som Årets bibliotek 2000. I grunngjevinga til prisjuryen heiter det at dette biblioteket i mange samanhengar har vore ein pioner blant norske fagbibliotek. Utviklinga av tenestetilbod og kunnskap hjå personalet har fylgd utviklinga innanfor bransjen på ein måte som gjer at biblioteket framstår som spennande, brukarretta, moderne og fagleg solid, står det i dommen til juryen.
Juridisk Nettvisar
Det blir også peika på at fakultetsbiblioteket sin Juridiske Nettvisar http://www.ub.uio.no/ujur/baser/index.html dannar mønster for det sentrale arbeidet med fagportalar for alle universitet og høgskular i Noreg. Juryen trekkjer dessutan fram tilbakemeldinga frå alle typar lånarar som rosar service på eit høgt nivå. Det vitnar om ein stab med den rette innstillinga og høg kunnskap, meiner juryen. Prisen blei overrekt overbibliotekar Pål Bertnes av kulturminister Ellen Horn ved Norsk Bibliotekforeining sin litteraturfestival i Stavanger denne veka.

Aldri før til universitetsbibliotek

- Det er klart at denne prisen blir lagt merke til både av brukarane og styringsorgana våre. Me trur det vil gjera samarbeidet mellom oss og andre lettare i framtida. Ein annan grunn til at me er stolte over denne prisen, er at den for første gong i historia går til eit universitetsbibliotek. Tidlegare har det vore offensive og kreative folkebibliotek som har fått denne prisen, fortel Bertnes.

Difor hadde han heller ikkje særleg tru på at prisen skulle gå til Det juridiske fakultetsbiblioteket.
- Men det er svært bra at me har blitt evaluert av ein profesjonell jury, som konkluderte med at dette biblioteket var best, seier Bertnes.

Prisjuryen legg også vekt på at biblioteket for ti år sidan, fekk oppretta "Det juridiske bibliotekfond" med bidrag frå advokatfirma og institusjonar med juridisk tilknyting. Dette fondet har fått inn over ein million kroner som har blitt brukt til kunnskapsbyggjande tiltak og bokutgjevingar. Tidlegare har prisen som Årets bibliotek gått til;Stavanger bibliotek (1995) Deichmanske bibliotek Torshov filial (1996) NRK-biblioteket 1997Melhus bibliotek i 1998 Hammerfest folkebibliotek i 1999

Emneord: Priser Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2001 16:53 - Sist endra 10. des. 2008 14:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere