UiO vil ikkje delta i Forskning.no

Universitetet i Oslo kjem ikkje å delta i pilotprosjektet til Noregs forskingsråds nettstad for forskingsformidling Forskning.no. Det har rektoratet bestemt, samtidig som det går inn for heller å utvikla UiOs eigne forskingssider.

UiO vil ikkje delta i pilotprosjektet til nettstaden Forskning.no, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal.
Foto: Ståle Skogstad

Høgskulen i Stavanger, Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen er førebels dei tre einaste store norske forskingsinstitusjonane i tillegg til initiativtakaren NFR, som kjem til å delta i pilotprosjektet. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim fekk først førespurnaden om å gå inn i pilotprosjektet tysdag 23. januar, opplyser informasjonsdirektør Anne Katharine Dahl til Uniforum.

- Difor har universitetet sjølvsagt enno ikkje fått høve til å drøfta denne saka, seier ho. Prisen for å delta på nettstaden, ville for UiO sin del ha kome på 300 000 kroner årleg.

- Når me no seier nei til å delta i pilotprosjektet, tyder ikkje det at me ikkje kjem til å delta når nettstaden Forskning.no kjem skikkeleg i gang, seier informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal ved UiO.

Forskingsformidling på nett

Det er altså Noregs forskingsråd som har tatt initiativet til å oppretta den nye nettstaden Forskning.no. Formålet er å laga eit lett tilgjengeleg forum på nettet for formidling av forsking frå universitet, høgskular, frittståande forskingsinstitutt og forskingsavdelingar i næringslivet.

Planen er at nettstaden skal vera eit frittståande selskap som skal eigast av aktørane. Det skal ha eit eige styre, leiast av ein dagleg leiar og drivast av ein redaksjon på tre til fire personar med redaktør forplikta på Redaktørplakaten. Forskingsrådet har finansiert utviklingsfasen med fleire millionar kroner gjennom eit spleiselag mellom forskingsområda innanfor rådet. Nettstaden skal koma i drift frå 1. september i år.

Kan svekka profileringa av UiO

Når UiO no seier nei til å delta i denne forskingsportalen, er det viktigaste argumentet at formidlinga på ein felles nettstad kan svekka profileringa av UiO som forskingsinstitusjon. Det er også rekna ut at det til saman vil kosta rundt 500 000 kroner årleg for Informasjonsavdelinga å delta i Forskning.no.

I eit notat frå informasjonsdirektør Helge Kjøllesdal til rektoratet, blir det peika på at dette er ressursar som like gjerne kan brukast til å utvikla UiOs eigne nettsider for forsking- og forskingsformidling. Eit anna argument er at det er ein heller lang veg frå forskar og forskingsprosjekt til redaksjonen i Forskning.no i utviklinga frå leverandør til endeleg journalistisk produkt på nett. Det blir dessutan vist til at det trengst stor innsats for å marknadsføra Forskning.no medan nettstaden uio.no allereie er godt kjent, og kan visa til to til tre millionar treff i månaden.

Informasjonsdirektør Jo Høyer ved Havforskingsinstituttet er overraska over at UiO har takka nei til å delta i pilotprosjektet til Forskning.no

- Tanken bak dette prosjektet er jo både kjempeinteressant og spennande. Det er også flott at Universitetet i Bergen vil delta i pilotprosjektet. Dessutan er det bra at ein eigen redaksjon skal laga stoff til desse nettsidene. Men finansieringa av prosjektet med den høge inngangsprisen for forskingsinstitusjonane, er nok ikkje den rette måten å gjera det på. Det kostar likevel ingenting å delta i pilotprosjektet, så difor takkar me ja til det, seier Høyer. Han meiner Noreg er for lite til at det ikkje skal gå an å samarbeida om nasjonale forskingsformidlingssider på Internett.

- Dei som klarer å trekkja i lag i dette prosjektet, vil heilt sikkert tena på det, meiner Høyer.

Det har førebels ikkje vore mogleg å få kommentar frå Forskingsrådet til denne saka.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2001 11:33 - Sist endra 10. des. 2008 16:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere