Sjølvevalueringa blir gjennomført samtidig både ved UiO, Universitetet i Bergen og ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Ved Universitetet i Tromsø blei det gjennomført ei liknande institusjonsevaluering i fjor. Noregsnettrådet fekk i juni i fjor i oppdrag av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet å setja i gang ei institusjonsevaluering av desse universiteta.
Kollegiet ved UiO har sett ned tre fagkomitear, ei prosjektgruppe og ei datagruppe som skal samla inn data om forskjellige sider ved universitetet. Ei styringsgruppe sett saman av rektor Kaare R. Norum (leiar), universitetsdirektør Tor Saglie (nestleiar) tidlegare rektor Lucy Smith, fagkomitéleiarane og studentane skal leia gjennomføringa av sjølvevalueringa etter dei retningslinjene Kollegiet har sett opp.
Diagnose av UiO
Rådgjevar Olaug Kristine Ø. Bringager er prosjektleiar for
sjølvevalueringa ved UiO, som har fått namnet EVA.
- Eit av formåla med evalueringa er at den skal føra til ein
klarare diagnose av kva som er styrkane og veikskapane til
institusjonen. Difor skal Universitetet i Oslo vurderast i
høve til dei ambisjonane til kvalitet, utfordringar og
rammevilkår som er viktige for UiO i nasjonal og
internasjonal samanheng, seier Bringager. Ho viser til at
Langtidsplanens ambisjonar er at UiO skal vera "et
forskningsuniversitet av høy internasjonal standard" og "et
attraktivt læringsmiljø for studenter og ansatte på høyde med
de beste europeiske universitetene".
- Denne evalueringa skal hjelpa til med å kartleggja og vurdera status og peika på kva tiltak som kan styrkja UiO si evne til å nå dette kvalitetsnivået, seier ho.
- Det andre formålet er at evalueringa skal vera ein læringsprosess som aukar evna til å gjennomføra dei endringane som både Langtidsplanen og evalueringa peikar på som naudsynte, understrekar ho.
Globalisering og aukande konkurranse
Også internasjonalt har det vore ein stor framvekst av institusjonsevalueringar innan høgare utdanning.
- Bakgrunnen for dette er krava til høgare kvalitet som fylgje av globalisering og aukande konkurranse om studentar, intellektuelle ressursar og finansiering. Eit anna viktig punkt er dereguleringa av institusjonane innan høgare utdanning noko som fører til høgare krav til leiinga og styringsverktya ved institusjonen med omsyn til strategiar, profilering, samfunnskontakt og ressursutnytting. Som ein fylgje av auka sjølvstyre aukar også kravet til innsyn i korleis universitetet handterer oppgåvene og ressursane sine, seier Bringager.
Sjølvevalueringa skal gå gjennom tre hovudområde av UiO som institusjon: ei vurdering av UiO som studieorganisasjon, forskingsorganisasjon og som heilskapleg organisasjon. Vurderinga av desse områda skal overlatast til tre fagkomitear leia av Christopher Prescott (UiO som studieorganisasjon), Ole Petter Ottersen (UiO som forskingsorganisasjon) og Arild Underdal (UiO som heilskapleg organisasjon).
Eigenevaluering
Eit viktig ledd av sjølvevalueringa er ei eigenevaluering kvar eining ved UiO, inkludert Universitetsbiblioteket og muséa, skal gjennomføra i mars. Resultata av eigenevalueringa blir klare i løpet av våren og skal godkjennast av fagkomiteane og styringsgruppa i juni.
Innan 1. september skal førsteutgåva av sjølvevalueringa vera ferdig, medan andreutgåva skal vera ferdig innan 1. november. I månadsskiftet november/desember skal den endelege rapporten godkjennast av Kollegiet. Då byrjar det andre trinnet av institusjonsevalueringa som er gjennomføringa av den internasjonale evalueringa. Den blir innleia med ein fem dagar lang synfaring (site visit) på UiO i februar 2002.
Etter planen skal arbeidet vera ferdig og publiserast i ein eigen rapport frå Noregsnettrådet i løpet av våren 2002. Det tredje og siste trinnet av institusjonsevalueringa er ein oppfylgjingsfase våren 2002 der UiO vurderer resultata av sjølvevalueringa og råda frå den eksterne komiteen og gjer vedtak om ein oppfylgjingsplan.
Datagrunnlag
Fagkomiteane er no i ferd med å finna ut kva som skal danna grunnlagsmaterialet for sjølvevalueringa. Det kan bli opplysningar frå blant anna rapportane til Norsk institutt for forsking på utdanning (NIFU), Statistisk sentralbyrå og Noregs forskingsråd.
I tillegg skal det hentast informasjon frå UiOs eigne dokument som strategiplanar, årsplanar/budsjett, rapportar, utgreiingar og tiltaksskildringar. Dessutan skal fagkomiteane setja i gang eigne undersøkingar og gjera eigne intervju. Men også informasjon frå tidlegare evalueringar av fag og forskingsmiljø skal vera med og danna grunnlaget for denne sjølvevalueringa.
- Eigenevalueringa er ein viktig del av prosessen og eit viktig grunnlag for fagkomiteane. Me håpar difor at den faglege leiinga vil finna opplegget interessant og engasjera seg og kollegar i arbeidet med den. Resultata frå eigenevalueringa skal vera tilgjengeleg for fagkomiteane, styringsgruppa og prosjektgruppa, fortel Bringager. Ho legg til at det heile tida skal vera open informasjon om formålet, evalueringsresultata og om oppfylgjinga og bruk av evalueringsresultata.
- Difor vil me også oppretta ei eiga side på Internett der me skal publisera informasjon i samband med sjølvevalueringa av UiO. Nettsidene for evalueringsprosjektet er enno ikkje ferdige, men når dei er klare vil du finna dei på fylgjande nettadresse: http://www.uio.no/prosjekter/eva
Fagkomité 1
Leiar: førsteamanuensis Christopher Prescott (HF)
Medlemar: Arne Sletsjøe (MN), Frøydis Hertzberg (UV) og
student Marianne Dahl
Fagkomite 2
Leiar: professor Ole Petter Ottersen (MED)
- Målet for dette arbeidet er å gjera UiO til ein enda betre
forskingsorganisasjon enn det den er i dag. Forsking på
internasjonalt toppnivå er avhengig av ei rekkje
suksessfaktorar. Me vil prøva å avklara kva suksessfaktorar
som i dag manglar og som hindrar at UiOs potensial blir fullt
ut realisert. Evalueringa bør munna ut i klare tilrådingar og
desse bør leggjast til grunn for UiOs vidare strategiske
arbeid. Komiteen vil leggja vekt på faktorar som tverrfagleg
samarbeid, internasjonalisering og finansiering, og vil ved
hjelp av eigenevalueringar og intervju retta søkjelyset mot
UiOs faglege leiing, organisering og forskningskultur. Eit
viktig spørsmål er om UiO er dyktig nok til å identifisera og
støtta god forskning og til raskt å reallokera ressursane
sine i takt med nye utfordringar, forklarar Ottersen.
Medlemar: Reidun Aalen (MN), Signe Howell (SV) og Kristian Berg Harpviken (SV)
Fagkomité 3
Leiar: professor Arild Underdal (SV)
- Vår oppgåve er å vurdera kor godt UiO verkar som
institusjon. Eit godt universitet skal ha bl.a. dyktige og
motiverte medarbeidarar; naudsynt infrastruktur og materielle
ressursar; ei organisering, styring og leiing som er i stand
til å gi visjon, handlekraft og oppslutning og ein
institusjonskultur som fremjar lagspel og kombinerer høge
krav med god omsorg og støtte. Kor godt tilfredsstiller
dagens UiO desse ideelle krava? er problemstillinga Underdal
legg fram.
Medlemar: Eric Rinvik (MED), Turid Karlsen Seim (TF), student Elin Enger og ass. fak.dir. Astri Ottesen (SV)
Styringsgruppe
Leiar: rektor Kaare R. Norum
Medlemar: Universitetsdir. Tor Saglie (nestleiar), Lucy Smith
(JUS), prodekan Arild Stenvik (OD), styrar Lise Kjølsrød
(sosiologi), fak.dir. Bjørnar Sarnes (UV), student Trond
Larsen, fagforeiningsrepr. Anita K. Solhaug (NTL) og leiarane
av dei tre fagkomiteane.
Logg inn for å kommentere