Fryktar oppseiingar ved UiO

Universitetsdirektør Tor Saglie ynskjer å seia opp Omstillingsavtalen for dei tilsette ved UiO. - Me kan tydelegvis rekna med oppseiingar ved universitetet, meiner tenestemannsorganisasjonane som ber Kollegiet om å seia nei når saka kjem opp tysdag 23. januar.

Hovudtillitsvalt for Forskarforbundet, Eirik Rikardsen, leiar for 2 FO (LUHF) og lear for NTL, Anita K. Solhaug.
Foto: Ståle Skogstad

- Me er skuffa og forbausa over at universitetsdirektør Tor Saglie går inn for å seia opp Omstillingsavtalen frå 1996 utan å ha invitert tenestemannsorganisasjonane til reforhandling av avtalen eller informert oss på annan måte.
Dette er ikkje i samsvar med dei signala me har fått tidlegare.

Det seier leiar for Norsk Tenestemannslag ved UiO, Anita K. Solhaug, hovudtillitsvalt for Forskarforbundet, Eirik Rikardsen og leiar for 2FO (LUHF), Unni Bingen. Omstillingsavtalen blei inngått mellom UiO og tenestemannsorganisasjonane i 1996 som ein fylgje av at Effektiviseringsprosjektet kunne føra til at arbeid ville falla bort for teknisk/administrativt tilsette og gi grunnlag for oppseiing.

Sjokkerte

Fagforeiningsleiarane er alle sjokkerte over at grunngjevinga for å seia opp avtalen er garantien den gir mot oppseiingar under ein omstillingsprosess. I framleggsnotatet til Kollegiet frå universitetsdirektør Tor Saglie blir det vist til at det i Omstillingsavtalen frå 1996 står at "Partene er enige om at omstillingsprosesser ved Universitetet i Oslo ikke skal føre til oppsigelser." Dette er altså ein garanti universitetsdirektør Saglie ikkje ynskjer å vidareføra går det fram av notatet der det står at "i forbindelse med UiOs arbeid med fagdimensjonering og budsjettomstillinger vil det ikke være formålstjenlig å videreføre en slik garanti i avtaleform."

Oppseiingsvernet til dei tilsette blir tatt like godt vare på i Tenestemannslovas føresegner om desse forholda, heiter det i notatet. Der står det også at det framleis vil vera ei målsetjing for UiO å unngå bruk av oppseiingar som bruk av verkemiddel i omstillingsprosessar. Denne garantien er likevel ikkje nok til å roa ned leiarane for dei tre viktigaste tenestemannsorganisasjonane på universitetet.

Ber Kollegiet seia nei

- Dette er eit klart varsel om at det skal opnast for oppseiingar ved UiO. Det er rart at Omstillingsavtalen som verna dei administrative/tekniske tilsette mot oppseiingar under Effektiviseringsprosjektet ikkje skal gjelda når det blir sett i gang omstilling blant dei vitskapleg tilsette. Difor oppmodar med Kollegiet til å stemma nei mot framlegget om å seia opp Omstillingsavtalen frå 1996 når den kjem opp på møtet tysdag 23. januar, seier Solhaug, Rikardsen og Bingen.

Dei er dessutan forundra over at det av brevet går fram at universitetsdirektøren meiner avtalen har hemma i staden for å fremja organisasjonsutvikling. Vidare synest han at universitetsleiinga under praktiseringa har gitt tenestemannsorganisasjonane utvida rett til medverknad.

- At me har lurt oss til rettar me eigentleg ikkje har, stemmer slett ikkje, meiner Bingen, og Solhaug synest også denne påstanden treff langt bak mål.

- Det er ei avsporing av debatten og direkte usant å gi tenestemannsorganisasjonane skulda for at til dømes Effektiviseringsprosjektet ikkje fekk den verknaden som universitetsdirektøren håpa det skulle gi. Røynslene viser derimot at omstillings- og omorganiseringsprosessar har gått best i dei miljøa der fagforeiningane og dei tilsette heile tida har deltatt i dette arbeidet og samtidig vore sikre på at dei ikkje mister jobben. Dersom folk skal føla seg sikre på at dei har ein trygg jobb ved UiO, er det i tilfelle eit heilt feil signal å seia opp Omstillingsavtalen, synest Solhaug.

Mobilisering

Både ho og dei to andre fagforeiningsleiiarane varslar hardare tak om Omstillingavtalen blir sagt opp.

- Viss universitetsdirekøren ikkje kjem i dialog med oss i denne saka, vil me ikkje vera like samarbeidsvillige i omstillingsprosessen ved UiO som me har vore til no. Då vil me koma til å mobilisera heile medlemsmassen vår. Og i denne saka vil NTL, Forskarforbundet og 2FO (LUHF) stå saman, understrekar både Solhaug, Rikardsen og Bingen, som alle vil at universitetsdirektør Tor Saglie skal svara på fylgjande spørsmål:
- Kvifor seier du ikkje rett ut at universitetsleiinga ynskjer å seia opp folk ved UiO?

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 17. jan. 2001 18:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere