LEIAR: Me må aldri gløyma eller tilgi ugjerningane 22. juli 2011

Me må aldri gløyma det som skjedde og aldri tilgi Anders Behring Breivik for det han gjorde. Me må heller aldri gløyma AUF-ungdommen som ofra livet på Utøya og dei 8 som miste livet då bomba gjekk av i regjeringskvartalet.

Fleire unge står i kø i Universitets aula.

AUF-ungdommar kjem til Universitetets aula for å skriva namna sine i den offisielle kondolanseprotokollen for offera etter terroren i regjeringskvartalet og på Utøya den 22. juli 2011. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

I dag er det 10 år sidan terroristen Anders Behring Breivik drap 8 personar med ei bombe i regjeringskvartalet og skaut 69 AUF-ungdommar til døde på Utøya. Ein av dei døde var UiO-studenten Håvard Vederhus.

Det er den verste valdsdåden som har hendt i Noreg etter Den andre verdskrigen.  Terroristen Anders Behring Breivik blei funnen skuldig og dømt til 21 års fengsel med høve til forvaring så lenge det er behov for det. Truleg vil han sitja i fengsel resten av livet, noko han absolutt fortener.  

Etter den grusomme hendinga trudde me ikkje noko liknande ville skje igjen.  Men august 2019 tok Philip Manshaus livet av den kinesiskadopterte systera si før han prøvde å ta livet av dei som var til stades i moskeen Al-Noor Islamic Centre i Bærum.  Berre to snarrådige, sterke, gamle menn klarte å hindra at udåden blei større ved å overmanna terroristen og leggja han i bakken slik at politiet fekk ei lett oppgåve med å arrestera han og ta han med til fengselet. Han blei  dømt til 21 års forvaring.  

Begge desse terroristane har og hadde ein høgreekstremistisk og rasistisk ideologi som rettesnor for brotsverka sine.  For dei er det å vera norsk å vera kvit, ikkje-muslim, med tilknyting til kristendommen. Både jødehat- og muslimhat er ein del av ideologien deira. 

Dessverre har det vore fleire liknande åtak mot muslimar, i Christchurch i New Zealand  i mars 2019 og mot jødar i Pittsburgh i USA 27. oktober  2018. Terroristen på New Zealand hadde Anders Behring Breivik som eit førebilete.  Både terroristen Robert Bowers i USA og Brenton Tarrant i New Zealand hadde bakgrunn frå høgreekstreme ideologiar.

Oppgåva vår er framleis å hindra at slike udådar gjentar seg.  Då har Universitetet i Oslo ei viktig rolle som formidlar av vitskapleg kunnskap om høgreekstreme miljø.  

Ein god reiskap for det er sjølvsagt Senter for ekstremismeforsking C-Rex på UiO.  Det blei oppretta som ein direkte konsekvens av terroråtaket 22. juli 2011.  Under den offisielle opninga i 2016 gav statsminister Erna Solberg uttrykk for at Noreg skulda verda eit slikt senter.  Forskarane ved senteret har vore aktive både i media og i samfunnsdebatten med sine forskingsfunn om kvifor høgreekstreme rørsler oppstår, korleis dei samarbeider og korleis dei deler tankar og ideologi på sosiale media.    Derfor er det svært viktig at senterleiar Tore Bjørgo og resten av staben på senteret får rundhanda med midlar i åra framover slik at dei kan halda fram med den viktige oppgåva med å skaffa oss ny kunnskap om høgreekstremismen.

Alle dei norske universiteta og høgskulane bør sørgja for at alle studentar får innføring i tankesettet til farlege politiske ideologiar og konsekvensane det har fått for millionar av menneske over heile verda.  Ugjerningane til Anders Behring Breivik og Philip Manshaus bør vera på pensum i norsk samtidshistorie, og det bør setjast av god tid til diskusjon og analysar av det som skjedde.  Også alle skuleelevar i Noreg må få kunnskap om det som skjedde slik at det blir ein del av allmennkunnskapen vår på lik linje med hendingane under Den andre verdskrigen.  Ein tur til 22.juli-senteret i Oslo og til Utøya bør vera obligatorisk for alle skuleelevar i løpet av skulegangen.

På Universitetet i Oslo må me ikkje vera redde for å diskutera bakteppet for det som skjedde og om me kunne ha handla annleis for å hindra at tragedien blei så stor som den blei. Og så må me sjølvsagt debattera om det stemmer at 22. juli 2011-hendingane er blitt dyssa ned i den nasjonale samtalen og undersøkja kvifor det blei slik.  UiO har både Universitets aula og andre arenaer der slike spørsmål kan bli tatt opp. Også kontroversielle meiningar kan bli tekne opp, men dei må sjølvsagt møtast med motargument.  

Me må aldri gløyma det som skjedde og aldri tilgi Anders Behring Breivik for det han gjorde. Me må heller aldri gløyma AUF-ungdommen som ofra livet på Utøya og dei 8 som miste livet då bomba gjekk av i regjeringskvartalet.  Og så må me aldri gløyma dei sivile personane som drog ut med båtane sine for å plukka opp overlevande frå vatnet  utanfor Utøya.  Og sjølv om politiet har fått mykje kritikk, så kan ikkje det skygga for det faktum at dei til slutt fekk tak i terroristen og fekk sett han i fengsel. Også helsepersonellet gjorde ein heltemodig innsats både den 22. juli og dagane etterpå. 

Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og dei andre politikarane skal også ha ros for at dei klarte å venda ei ugjerning som var sprunge ut av hat til ei samling om kjærleiken og fellesskap under rosetoga dagane etterpå.  Om det hindra ynsket frå AUF og andre Ap-politikarar om å ta eit naudsynt oppgjer med tankegodset bak høgreekstremismen, er det svært trist. Samtidig var det heilt på sin plass med eit rosetog der folk slo ring om kjærleiken og fellesskapet i staden for å markera hat og fiendskap. I dei dagane var det akkurat det me trong for å kunna fatta tragedien.

Oppgjeret med tankane til høgreekstremismen er noko kvar og ein av oss må gjera kvar dag i arbeidslivet, på fritida og på sosiale media.   Det mest positive som tiårsmarkeringa av 22. juli 2011 har ført med seg, er nettopp at den diskusjonen no har begynt å ta av.  Der må også studentar og tilsette på Universitetet i Oslo bidra med den kunnskapen dei har. 

Emneord: Terrorisme Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. juli 2021 04:30 - Sist endra 23. juli 2021 11:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere