– Ein framtidig politisk leiar

UiO-studenten Håvard Vederhus blei spådd ei lysande, politisk framtid. Han var leiar for Oslo AUF og tidlegare leiar for Elevorganisasjonen. Fredag 22. juli blei han myrda på Utøya. I dag deltok nærare 1000 menneske i gravferda hans i Grefsen kirke.

DØYDDE PÅ UTØYA: Håvard Vederhus (21) blei drepen på Utøya fredag 22. juli. I dag fylgde familie, venner og representantar for det politiske Noreg han til grava ved Grefsen kirke.

Foto: Ola Sæther

Den 21 år gamle UiO-studenten Håvard Vederhus blei drepen under massemordet på Utøya fredag 22. juli. Då var han leiar for Oslo AUF og hadde vore tidlegare leiar for Elevorganisasjonen. Venner og slektningar skildra han som eit politisk og organisatorisk talent heilt utanom det vanlege. Han hadde mange jern i elden, men han var ein av dei første som sette seg hos dei som sat åleine, blei det sagt.

– Eit sjeldent politisk talent

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen talte på vegner av regjeringa og fortalde om ein gåverik gut, med eit godt utvikla politisk og organisatorisk talent.

– Håvard var ein gut mange var glade i.Han var raus og optimistisk, og han såg menneska rundt seg. Han var ein ung mann som det var lett å bli imponert over. Håvard hadde stort mot og ei handlekraft som smitta over på oss andre. Han var eit sjeldent politisk talent. Det gjer at også i Kunnskapsdepartementet og i Utdanningsdirektoratet blei det stor sorg, då me høyrde at han var mellom dei drepne på Utøya, sa Halvorsen.  

Kunnskapsministeren kom også med ei historie om då Håvard som 18-åring var blitt vald til leiar for Elevorganisasjonen. – Då kom han ein gong med ei øskje med eit legohus til dåverande statsråd Bård Vegard Solhjell. Han tenkte at det kunne vera ei hyggeleg gåve til barna. Det viste seg at huset var saga i to. Resten av huset skulle han få når resten av jobben var gjort, var svaret frå Håvard Vederhus, mintest ho.

– Me er der for dykk

Kristin Halvorsen viste dessutan til korleis han klarte å resonnera seg fram til eit standpunkt som alle deltakarane kunne vera einige i under eit møte i eit utval for samisk fagutdanning i Finnmark. – Han gjorde det på ein slik måte at alle drog nøgde heim att, og utan at nokon blei fornærma, slo ho fast.

Til slutt vende ho seg til familien:

– Me kan ikkje ta den botnlause sorga frå dykk. Me er der likevel for dykk om de treng oss. Me lyser fred over Håvards minne, avslutta statsråd Kristin Halvorsen.

– Gav oss ansvar

Orda frå andre AUF-ungdommar og studentpresten viste ein mann med humor og stor omtanke for sine nærmaste slektningar og venner.

– Håvard gav oss ansvar og gjorde oss ansvarlege, sa Prableen Kaur frå Oslo AUF. – Ingen kan erstatta han, men me skal bera draumen hans om eit betre og meir rettferdig samfunn vidare. Etter den mørke natta kjem den lyse dagen.

I gravferda var det også musikalske bidrag av Lars Klevstrand og Marte Vasbotten. Eit stort norsk pressekorps var også til stades for å dekka gravferda til UiO-studenten Håvard Vederhus, som studerte både samfunnsøkonomi og juss. I tillegg til kunnskapsminister Kristin Halvorsen var også landbruksminister Lars Peder Brekk og parlamentarisk leiar for SV, Bård Vegard Solhjell til stades. Dessutan var leiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomité, Ine Marie Eriksen frå Høgre der.

Rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe representerte Universitetet i Oslo.

– Mista ein av våre framtidige leiarar

 FYLGDE HÅVARD VEDERHUS TIL GRAVA: Både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe deltok i gravferda til UiO-studenten Håvard Vederhus i dag. (Foto: Ola Sæther)

Håvard Vederhus var også aktiv i statskyrkja. Frå Oslo bispedømmekontor kom fylgjande ord frå Oslo-biskop Ole Christian Kvarme. – Han var lett å bli glad i. Håvard framførte argumenta sine med ei overtyding som tvinga fram respekt. Me har mista ein av våre framtidige leiarar både i kyrkja og i politikken.

Då familien bar kista ut av kyrkja, begynte det å regna på Grefsen.

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 4. aug. 2011 15:31 - Sist endra 8. aug. 2011 13:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere