LEIAR: Lik vekting av stemmer vil vera bra for universitets-demokratiet

Om stemmene til alle dei tilsette får telja likt, vil prinsippet om “ein person ei stemme” få eit gjennomslag på UiO og dei andre institusjonane som framleis har vald rektor. Det kan føra til auka valdeltaking ved rektorval,  skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. 

Ein mann gratulerer ein annan mann i Universitetets aula

REKTORSKIFTE: Avgåande rektor Ole Petter Ottersen gratulerer arvtakaren Svein Stølen med vervet som ny rektor ved Universitetet i Oslo sommaren 2016. Universitetsdemokratiet vil tena på lik vekting av stemmer ved rektorval, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Rett før påske la regjeringa fram eit framlegg til ny lov om universitet og høgskular. Blant tilrådingane regjeringa kjem med er at det bør vera lik vekting av stemmene til alle tilsette, altså både dei vitskaplege og dei teknisk-administrative, under rektorval. Samtidig skal studentane sine stemmer telja likt som i dag. Om tilrådinga blir vedtatt  i Stortinget, vil dei tilsette sine stemmer telja mellom 70 og 75 prosent, medan studentane sine stemmer vil telja mellom 25 og 30 prosent.

Dette er ei tilråding som bør få full støtte frå universitetssamfunnet. Det vil gi større interesse for å delta i universitetsdemokratiet og få alle tilsette til å føla at stemma deira er viktig under eit rektorval. Det vil også vera eit godt tiltak for at alle skal føla at dei er like mykje verdt i universitets- eller i høgskulesamfunnet.  

Det er få utanfor universitetet som har forståing for at nokre tilsettegrupper sine stemmer skal telja meir enn dei andre sine

Om stemmene til alle dei tilsette får telja likt, vil prinsippet om “ein person ei stemme” få eit gjennomslag på UiO og dei andre institusjonane som framleis har vald rektor. Det kan føra til auka valdeltaking ved rektorval, og dermed blir det endå vanskelegare å få innført ei ordning med tilsett rektor på UiO. Det er få utanfor universitetet som har forståing for at nokre tilsettegrupper sine stemmer skal telja meir enn dei andre sine.

Eit dilemma er sjølvsagt at akkurat som i dag, vil nokre fakultet ha langt fleire stemmer enn andre, nettopp på grunn av storleiken sin. Men det er ikkje nødvendigvis slik at tilsette alltid vil stemma på rektorkandidatar som kjem frå eige fakultet. Lucy Smith blei i 1993 den første rektoren som blei direkte vald av dei tilsette og studentane, og ho kom frå Det juridiske fakultetet, som ikkje er blant dei største fakulteta. Det er eit døme på at kandidatar og valprogram er viktigare enn kva fakultet kandidaten tilhøyrer. For å koma med eit litt nyare døme:  Arild Underdal frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet vann rektorvalet i 2001 over Eivind Osnes frå det langt større Matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

I tida etterpå har det rett nok blitt vald ein rektor frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet for ein valperiode, Geir Eillingsrud, ein frå Det medisinske fakultetet for to valperiodar, Ole Petter Ottersen og ein annan frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet for to valperiodar, Svein Stølen.  Det vil seia at MedNat-rektorar vil ha styrt universitetet i Oslo i 20 år samanhengande, når Svein Stølen må gå av i 2025. Då bør det stilla fleire kandidatar frå forskjellige fakultet, ikkje minst frå HumSam-fakulteta, slik at veljarane har fleire å velja mellom. Også det vil skapa større oppslutnad om universitetsdemokratiet.

I det store og det heile går ikkje dei politiske skiljelinjene på UiO mellom dei vitskaplege tilsette og dei teknisk-administrative tilsette

Og det blir truleg heller ikkje mindre universitetsdemokrati av at dei to tilsettegruppene sine stemmer skal telja likt. Heller vil det gi auka støtte til prinsippet om at rektor skal veljast av dei tilsette. I det store og det heile går ikkje dei politiske skiljelinjene på UiO mellom dei vitskaplege tilsette og dei teknisk-administrative tilsette. Dei går på tvers av tilsettegruppene. Når alle tilsettegruppene sine stemmer vil telja likt, er det endå viktigare at dei allierer seg med kvarandre rundt ein felles kandidat. Dersom forslaget blir vedtatt av Stortinget vil rett nok ei stemme frå ein vitskapleg tilsett telja mindre enn i dag, men det vil gjera det viktigare med valsamarbeid på tvers av tilsettegruppene. Det vil heile universitetssamfunnet tena på.

Om den ulike vektinga av tilsettestemmer held fram, vil tilhengjarane av tilsett rektor få vatn på mølla. For vitskaplege tilsette og teknisk-administrative tilsette som støttar prinsippet om demokratisk vald rektor, vil dette forslaget frå regjeringa vera til stor hjelp. Derfor bør det også få gjennomslag når ny lov for universitet og høgskular etter planen kjem opp til endeleg behandling i Stortinget  før sommarferien.

Emneord: Universitetspolitikk, universitetsdemokrati Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. apr. 2021 15:15 - Sist endra 22. apr. 2021 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere